Sitat og plagiat i ei postlitterær tid
LUKK

Sitat og plagiat i ei postlitterær tid

Av Asbjørn Grønstad, professor i visuell kultur, Institutt for informasjons-og medievitenskap, UiB

Publisert 2. februar 2024 kl. 12:42

Bør det eigentleg overraske oss at folk tar lett på sitering i ei tid der bøkene blir lempa ut frå campus og kontor?, spør Asbjørn Grønstad.

Som mange andre i sektoren har eg fulgt plagiatsakene mot Sandra Borch og Ingvild Kjerkol med interesse. Ein kan bli perpleks av mindre. Det politiske fallet er like spektakulært som årsaka er usannsynleg: triksing og juksing med akademiske kjelder i masteroppgåver. Avsløringane handlar imidlertid ikkje berre om uredeleg framferd men også om svak innsikt i forsking som handverk, samt i dei etiske normene som styrer det vitskaplege arbeidet. At sakene forsterkar ei allereie eskalerande tillitskrise i politikken er det lite tvil om.

Mellom anna i lys av dei mange utestengingane grunna sjølvplagiat, kan ein jo lure på korleis dette rotet ser ut frå studentane sitt perspektiv. Men om ikkje anna, så kan dei av oss som lever av å undervise og rettleie studentar på alle nivå bruke denne sørgelege stoda som eit teachable moment. Realitetane kunne ein vore forutan, men dei kan i det minste mobiliserast med eit pedagogisk mål for auget.

Engasjementet i kjølevatnet av skandalane har nemleg også kvervla opp ein del besynderlege oppfatningar av akademisk sitatpraksis, ikkje berre hjå dei to statsrådane men og – kanskje meir urovekkande – hjå ei rekke andre aktørar som burde vite betre. Å høyre førsteamanuensis Thomas Laudal på NRK Debatten 23. januar var beint fram sjokkerande. Om eg ikkje nødvendigvis har tenkt at plagiat utgjer eit stort og omfattande problem før, så gjer eg det no…

La oss sjå på nokre døme på misoppfatningar som har framkomme i denne saka:

* I ein kommentar ikkje utan eit visst klassikarpotensiale uttalar Kjerkol følgjande: «Vi har ikke kopiert, vi har brukt samme metode, og bruker da samme kildehenvisninger.» Her får ein rett og slett tru at statsråden driv med bevisst tåkelegging, for alternativet – at ho ikkje eingong forstår kva eit sitat er – er på eit vis endå verre, særleg for institusjonen som har tildelt henne graden. Forskarar står sjølvsagt fritt til å bruke dei same kjeldene og metodane. Det er ei misforståing at plagiat kun er eit spørsmål om avskrift; fenomenet kokar ned til ein ting – transparens. Kva innebærer det? Jo, det tyder at kjelda er lett tilgjengeleg i manuset. Der inga kjelde er oppgitt, skal lesaren kunne rekne med at teksten er forfattaren sin eigen. Om ein av ulike grunnar vil bruke andre si formulering – kanskje fordi ein synes noko er særleg treffande eller presist, eller fordi ein vil spare litt tid – så er løysinga så enkel at alle kan klare det: ein plasserer inn hermeteikn («) foran og bak setninga, og supplerer med namn på opphavsperson samt sidetalet der ein kan finne sitatet.

Forskarar låner frå andre heile tida. Ikkje berre er det uproblematisk, i ein viss forstand er den typiske vitskaplege teksten eit lappeteppe av idear og sitat henta frå andre. Men om ein puttar inn det som er eit direkte sitat i eigen tekst utan desse små opplysningane, ja, då er det plagiat og vil medføre stryk om det blir fanga opp.

Laudal sitt argument om ein ikkje treng å repetere referansar til ei kjelde som er oppgitt i starten av eit avsnitt er i beste fall kuriøst. Særleg der det er snakk om direkte sitat så må ein sjølvsagt det. Den vesle og litt blyge forkortinga «ibid» medfører ingen grafisk katastrofe i manus.

Det heftar minst to andre problem ved Laudal sitt øvrig resonnement. Det eine er at han lever i den villfaringa at plagiat på eit vis kan bli «nulla ut» av positive kvalitetar andre stader i arbeidet. Det andre er at han ser ut til å meine at forfattaren sin intensjon skal vere ein del av evalueringsgrunnlaget. Men slik fungerer det ikkje. Sensor har kun tilgong til teksten som føreligg, ikkje til kandidaten sine øvrige tankar. Kor vidt manglande kjeldetilvising er eit resultat av slurv, latskap, eller intendert juks kan ein sjølvsagt spekulere i, men i vurderinga pliktar sensor å forhalde seg til teksten slik den no ein gong blei.

* Ei anna avsporing er idéen om at berre funn og resultater kan plagierast. Sigbjørn Løes ser ut til å gjere seg til talsmann for ein slik posisjon når han skriv at «[v]itenskapelig plagiering i sin egentlige betydning vil være å stjele noens resultater eller ideer og utgi dem som sine egne.» Idear kan knabbast, det er åpenbart riktig, men spesielt i humaniora og deler av samfunnsvitskapane gjeld problematikken rundt sitatpraksis og plagiering framfor alt utrykksplanet. Idiografiske vitskapar produserer ikkje resultat i den naturvitskaplege tydinga, men innsikt og forståing. Løes skriv vidare at «resultater og ideer» lyt vere «ferske og tidligere ukjente» for å kunne ha «vitenskapelig verdi.» Men det er diverre ei kortslutning å anta at spørsmålet om plagiat kun er relevant i tilfeller der noko avgjerande nytt står på spel. Om eg ordrett gjengir ein passasje frå ein artikkel frå 1973 utan kjeldetilvising er det automatisk plagiat, uansett kor kjent informasjonen i passasjen er frå før. I fleire humsamfag treng heller ikkje ideane vere ferske for å ha verdi; ein artikkel i eit obskurt og gløymt tidsskrift frå 1940-talet kan i prinsippet innehalde tankar som er meir originale enn mykje av det tidsanda i 2024 er opptatt av.

Fusk i egne rekker og i ny lov
Les professor emeritus Karl Øyvind Jordells gjennomgang:
Fusk i egne rekker og i ny lov

* Ei tredje avsporing er fokuset på opphavsvern. Enkelte hevdar at den teknologiske utviklinga vil tvinge fram eit paradigmeskifte i synet på dette. Når alt digitalisert innhald er «up for grabs,» vert heile premisset for plagiering meiningslaust. Opphavsrett er sjølvsagt viktig i akademisk samanheng, men det er ikkje dette som er hovudmomentet i det me no drøftar. Igjen er transparens det sentrale. Det skal vere lett for den som les eit vitskapleg arbeide å sjå kven som har sagt kva, og kor dei har sagt det. Slik må det vere, om ein vil ivareta prinsippet om at forsking skal vere etterprøvbar. Men dette har og ei praktisk-metodologisk side, for den lesaren som vil utforske eit eller anna poeng vidare, må kunne stole på å bli sendt i riktig retning. Å bli sitert utan å bli kreditert er neppe ein katastrofe for nokon. Men kopiering utan kjelder kan få store konsekvensar for ein uskuldig tredjepart, som sjølv kan ende opp med å plagiere noko dei trudde juksemakaren dei les var opphavet til.

Det har ikkje mangla på forsøk på å forklare korleis dette kunne skje, at folk i så høge stillingar har gitt blaffen i elementære forskingsetiske normer. Idéen om mastersjuke har blitt framsatt av m.a. Thomas Hylland Eriksen. Eg trur det finst andre og betre forklaringar. Det kan verke som forståinga av kva ein vitskapleg tekst er for noko er i ferd med å bli svekka. Noko som kanskje ikkje er så rart, gitt dreiinga mot ein klipp-og-lim praksis, diskusjonen om fallande interesse for lesing, nedlegging av butikkar for faglitteratur, clean desk-ideologien, den positivistiske vendinga i akademia, tidspress i publiseringsøkologien, og framdyrkinga av eit grått administrasjonsspråk på mange felt. Om ein ikkje kjenner at det er «nokon heime» i teksten, går terskelen for å neglisjere kjeldetilvising truleg ned.

Dette semesteret underviser eg eit masteremne om prosjektutvikling, der forskingspraksis og det handverksmessige står sentralt. Me er innom mångt og mykje, men heilt avgjerande er sjølve skrivinga. Ein av tekstane me les saman her kan eg varmt tilråde til alle med interesse for den akademiske arbeidsprosessen. I Skriv! Håndverk i Sakprosa påpeikar min kollega Anders Johansen at språket er det viktigaste av alle vitskaplege reiskapar (6). Derfor lyt me og vise omsorg for uttrykket vårt (4). Kunnskap er noko ein skriv fram, ikkje ned (5). Tar ein dette til seg, blir det i alle fall noko lettare å unngå å skrive av 2,5 prosent eller 25 prosent av masteroppgåva si.

  • Les mer: