Vikingskipshuset får sesongen øydelagd:– Vi ventar total kollaps
LUKK

Vikingskipshuset får sesongen øydelagd:– Vi ventar total kollaps

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. juni 2020 kl. 10:32

– Heile turistsesongen er øydelagd, seier Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum.

Mange museum slit etter at koronakrisa har ført til stengde dører for utanlandske turistar. Ved Kulturhistorisk museum, som Vikingskipshuset er ein del av, er situasjonen alvorleg:

– Vi reknar med at det blir total kollaps. Heile turistsesongen i år og store delar av sesongen neste år er øydelagd, seier direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO).

Museet var i fjor det best besøkte museet i landet med over 700 000 besøkande.

Treng billettinntekter

– Heile 95 prosent av publikummet ved Vikingskipshuset er utanlandske turistar. Vi håpar at vi skal få ein del norske turistar i år, men det kan ikkje samanliknast med det internasjonale trykket vi vanlegvis har. Er vi kjempeheldige, kan vi klare 20 prosent av eit normalår, men det er like sannsynleg at vi berre får 5 prosent.

– Universitetsmusea er heldig stilte samanlikna med andre museum som slit med økonomien?

– Tilsynelatande er vi det, for vi slepp å permittere tilsette. Men samtidig er vi heilt avhengige av billettinntekter for å få budsjettet i balanse. Vi er ein del av universitetet, som sjølvsagt har eit ansvar. Men Universitetet i Oslo er ikkje ein bank. Staten forventar at UiO går i null kvart år.

– Har spart staten for store utgifter

Glørstad seier Kulturhistorisk museum har spart staten for store offentlege utgifter fordi museet har så stor eigeninntening i form av billettinntekter.

– Når dette fell bort, hamnar UiO i ein vanskeleg situasjon. Dei har ikkje teke høgd for ein slik kollaps. Så skal det bli meir pengar, må vi ha kompensasjon frå staten.

– Universitetet i Oslo har eit ansvar for museet, men universitetet er ikkje ein bank, seier direktør Håkon Glørstad. Arkivfoto: Erik Norrud

Påverkar sponsorar for vikingskipsmuseet

Regjeringa har gjeve klarsignal for å setje i gong bygginga av nytt museum for vikingskipa på Bygdøy. Men krisa har ført til nye problem.

– Det som er alvorleg, er at staten har sett som ein føresetnad at  Kulturhistorisk museum skal finansiere utstillingar i det nye vikingskipsmuseet. Dette skulle vi gjere gjennom sponsoravtalar, men heile investormarknaden har også kollapsa i løpet av koronakrisa. Så dei som normalt kunne tenke seg å vere sponsorar, og som vi hadde dialog og avtale med, er i ein heilt annan økonomisk situasjon enn for nokre månader sidan, seier Glørstad.

Han seier dette påverkar planlegginga av det nye museet.

– Sjølve bygget går som planlagt, men når det gjeld å skaffe private pengar til utstillingsproduksjon, er vi komne i ein ganske kritisk situasjon, seier han.

Mindre problem for naturhistorie

Naturhistorisk museum ved UiO er mindre avhengige av dei utanlandske turistane.

– Vi opplever veldig stort besøk i Botanisk hage, som er ein del av museet på Tøyen. Vi opna hagen 18. mai, og folk er veldig glade for at vi har opna portane igjen, seier museumsdirektør Tone Lindheim.

Heller ikkje NTNU Vitskapsmuseet er så avhengig av dei utanlandske turistane.

– Vi har normalt ein del utanlandske turistar heile året på grunn av båttrafikken inn til Trondheim. Men ambisjonen i år er å gje dei som bur i Trondheim og regionen, eit godt tilbod, seier museumsdirektør Reidar Andersen.

– Trur du at fleire nordmenn vil besøke museet?

– Det er heilt avhengig av vêret. Er det litt dårleg vêr, er det mange foreldre og besteforeldre som tyr til musea. Dersom det kjem fleire norske turistar hit i år, er det ikkje sikkert at sommarsesongen blir så veldig mykje dårlegare enn normalt, seier Andersen.