Vil stoppe samanslåing
LUKK
Annonse
Annonse

Vil stoppe samanslåing

Av Johanne Landsverk

Publisert 31. mars 2014

Framlegget om å slå saman Høgskolen i Telemark og Universitetet i Agder møter sterk motstand. - Prosessen burde vore stansa, meiner dekan.

vil-stoppe-samansl-ing


– Det er vanskeleg å sjå at vi har noko fagleg å hente ved å fusjonere med HiT, seier dekan Sigbjørn Sødal ved UiA. Foto: UiA

Fakta
  • Det treårige prosjektet greier ut spørsmålet om eit tettare samarbeid eller ein fusjon mellom Høgskolen i Telemark (HiT) og Universitetet i Agder (UiA).
  • Endeleg sluttrapport er venta 25. mars.
  • Saka blir send på høyring internt og eksternt 9. april.
  • Fusjonsspørsmålet blir avgjort av dei to styra ved UiA og HiT 18. juni.

– Du finn ikkje mange tilsette som støttar ein fusjon med Høgskolen i Telemark. Heile prosessen burde vore stoppa for lenge sidan, seier Sigbjørn Sødal, dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap ved Universitetet i Agder (UiA). Styret ved fakultetet vedtok i fjor full stans i fusjonsprosessen, og andre fakultetsstyre har gjort det same.

– Heile fem av seks dekanar ved UiA har uttalt seg offentleg mot fusjon, og no har også dei to viserektorane ved UiA uttalt seg kritisk om fusjonsplanane, seier han.

Annonse

Etter at Høgskolen i Telemark (HiT) vende seg til UiA med ønske om eit tettare samarbeid eller fusjon, har ei felles prosjektgruppe arbeidd i tre år med utgreiingar, planar og rapportar. I juni skal dei to styra ved HiT og UiA avgjere saka.

Motstand i Forskerforbundet

Også blant organiserte tilsette er det sterk motstand mot fusjon, både ved HiT og UiA.

– Vi ønskjer ikkje å bli det største underfinansierte universitetet i Noreg. Ein fusjonsprosess er svært ressurstappande, og vil skape mykje frustrasjon blant dei tilsette, seier John Olav Bjørnestad, hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved UiA. I juni 2013 viste ei spørjeundersøking blant medlemmene ved UiA at 75 prosent var heilt eller delvis imot fusjon med HiT. 54 prosent svarte på spørjeskjemaet.

– På medlemsmøtet i januar kom motstanden endå klarare fram. Vi skal no gå saman med dei andre organisasjonane ved UiA om å gjennomføre ei ny felles meiningsmåling.

I arbeidsutvalet for «fellesprosjektet» sit dei to rektorane, i tillegg til universitetsdirektøren ved UiA og styreleiar ved HiT.

– Desse fire legg sterke føringar for prosessen. I alle rapportar og utgreiingar er det lagt stor vekt på dei positive effektane ved fusjon, men lite på negative konsekvensar, seier Bjørnestad.

Han meiner ein fusjon med HiT vil gje store geografiske utfordringar.

– Telemark har fem campus spreidde over heile fylket, medan UiA berre har to store campus etter ei større samanslåing i 2007. I delutgreiinga «Ett eller to» står det at ingen skal måtte flytte, men kva er poenget med ein fusjon utan noka form for samlokalisering? spør han.

– Vil ikkje løfte Agder

Ifølgje Bjørnestad har lokallaga ved UiA og HiT eit godt samarbeid.

– HiT har ei utfordring med å byggje opp forskingsmiljø og forskingskompetanse, som UiA har brukt mange år på å byggje opp. Eg er redd ei sterkare satsing på ph.d.-program vil gje mindre ressursar til utdanningar på bachelornivå. HiT har mange gode forskarar, men institusjonen i seg sjølv kan ikkje gje Agder noko løft.

Også Sødal synest det vanskeleg å sjå vinsten ved ein fusjon.

– Den store avstanden til Telemark vil kome inn med full tyngd i alle ressursprioriteringar. Og det er eit faktum at UiA ligg nokre steg framanfor HiT når det gjeld forsking. Eg stussar også på at ein stor høgskole med 6–7000 studentar og mange hundre tilsette berre gjennom ei samanslåing plutseleg får universitetsstatus.

Sødal reagerer på at UiA-rektor Torunn Lauvdal har uttalt seg ope for fusjon i media.

– Vi har vald rektor, og ei så viktig sak burde ha kome opp i full breidd i samband med rektorval og styreval, meiner han. Ved UiA er det nytt rektorval i 2015.

Ønskjer sterk leiing

– Eg ser jo at det finst argument begge vegar. Men eg ønskjer ein sterk institusjon under éi leiing som kan verke i regionen, seier rektor Lauvdal.

– Agder og Telemark har mange av dei same utfordringane når det gjeld utvikling av kunnskapssamfunnet, og vi kan utfylle kvarandre på mange område, også innan forsking. Saman med HiT vil vi blant anna få ei veldig sterk lærarutdanning, seier ho.

– Korleis blir det å leie ein fusjonert institusjon med så sterk motstand blant dei tilsette?

– Det er bra at folk deltek i debatten, men når eit vedtak er gjort, tek eg det for gjeve at alle respekterer dette.

– Kjenner seg truga

Ved HiT gjekk nyleg fagforeiningane saman om ei spørjeundersøking blant organiserte tilsette, der om lag halvparten svarte. Over 70 prosent var imot fusjon, om lag 20 prosent var for og 10 prosent var usikre.

– Særleg er mange ved HiT Notodden engstelege og usikre på framtida. Dei kjenner seg truga både fagleg og administrativt. Men også blant dei tilsette i Bø og Porsgrunn er det motstand, seier Inger-Lise Eriksrud Bergan, hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved HiT.