– Arkivverket utnyttar koronakrisa til å bygge ned lesesalstilbodet, meiner historikarar
Annonse
Annonse

– Arkivverket utnyttar koronakrisa til å bygge ned lesesalstilbodet, meiner historikarar

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. juni 2020

Stengte arkiv rammar historikarar og forskarar. No går Arkivverket ut og tilbyr skanning på førespurnad.

Lesesalane i Arkivverket, som blant anna består av Riksarkivet og statsarkiva i åtte byar, har vore stengde i perioden etter 12. mars. Det har fått mange historikarar og forskarar til å fortvile. Frå 3. juni kan likevel forskarar, studentar, journalistar og forfattarar sende inn førespurnad til Arkivverket om å få skanna og tilsendt arkivmateriale digitalt.

Fakta
Arkivverket består i dag av
- Riksarkivet,
- statsarkiva i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Kongsberg, Oslo, Hamar, Trondheim og Tromsø,
- Norsk helsearkiv på Tynset
- Samisk arkiv i Kautokeino.

– Det er bra å tilby «scan on demand», og isolert sett ville dette ha vore eit framsteg. Men når det skjer kombinert med å stenge lesesalane for publikum, er det vanskeleg å glede seg over tilbodet. Det er liten tvil om at Arkivverket vel å utnytte koronakrisa for å bygge ned lesesalstilbodet endå meir enn før, seier Thomas V. H. Hagen, leiar i Den norske historiske forening (HIFO). Han er historikar ved ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter, som er eit privat arkiv og ikkje del av Arkivverket (sjå faktaboks).

– Har misforstått oppgåva si

Forskerforum har også tidlegare skrive om forskaranes bekymring for stadig reduserte opningstider i arkiva.

– Digitalisering er bra, men utan å kjenne materialet godt, veit ein ikkje kva ein skal bestille, seier Thomas V. H. Hagen.

For Arkivverket er ambisjonen at alle innbyggjarar skal kunne bruke tenestene heimanfrå, uavhengig av kvar i landet dei bur. Men Hagen er bekymra over utviklinga:

– Nedbygging av lesesalstilbodet og reduserte opningstider er ei utvikling som har skjedd over tid, og som vi har advart sterkt imot. Om ein ikkje ønskjer å ha publikum på besøk, har Arkivverket misforstått oppgåva si som kulturinstitusjon, seier han.

Han får støtte frå historikar Ragnhild Hutchison, som er leiar i Tidvis, eit selskap for interaktiv historieformidling.

– Historikarane har over lang tid vore veldig bekymra for at Arkivverket prøver å spare pengar ved å avgrense tilgangen til arkiva og stenge lesesalane. I fjor reduserte dei opningstida kraftig, og i år ser det ut til at dei brukar koronakrisa som ei orsaking for å stenge dei heilt, seier ho.

– Må vere den tryggaste staden i Noreg

Hutchison meiner det er eit kjempeproblem for forskarane om dei ikke får tilgang på arkiva før over sommaren.

– No opnar biblioteka, og ein kan sitje på kafé og drikke øl. Men ein kan ikkje sitje på ein lesesal i Arkivverket, der det faktisk er to meter mellom folk og langt unna dei tilsette. Lesesalane på arkiva må vere ein av dei tryggaste stadene i Noreg med tanke på smitte, meiner Hutchison.

– Dette kjem på toppen av ein kraftig reduksjon av opningstidene elles i året. Mange besøker arkiva på ettermiddagane etter jobb, eller dei kjem langvegsfrå til arkivet og treng lange dagar for å hente inn det dei treng til forskinga si.

– Arkivarbeid er å leite etter nåla i høystakken. Det Arkivverket gjer no, er å digitalisere heile høystakken, seier Ragnhild Hutchison. Foto: Erik Norrud 
 

Hutchison meiner Arkivverket ikkje forstår korleis historikarar brukar arkiva.

– Eg må ofte gå gjennom mange hyllemeter før eg finn det eg kanskje leiter etter. Og det er ikkje alltid der ein gong. Eit anna problem med massiv tilgjengeleggjering ved skanning er at materialet ikkje blir sett inn i ein kontekst. I protokollane eg bestiller, er det strukturar som må gjerast tydelege. På papir får ein lett oversikten, men om ein ikkje indekserer og forklarer dette digitalt, blir det vanskeleg å finne fram i materialet, seier Hutchison.

– Katastrofe for oss forskarar

Også ph.d.-stipendiat Nina Planting Mølmann reagerer på stengte arkiv.

– Det er veldig trasig at arkiva skal vere stengte, for skanning er ikkje noko fullverdig tilbod. Når ein leitar i eit arkiv, må ein ofte gå gjennom store mengder materiale. Eg veit ofte ikkje kva som finst der, og arkivarane kan ikkje stå og skanne tusenvis av kopiar, seier Mølmann, som har forskingspermisjon frå Museene for kystkultur og gjenreising i Finnmark.

– Om arkivet var ein smittefarleg plass, skulle eg ha skjønt det. Men til dømes på Riksarkivet sit ein minst to meter frå kvarandre, og både arkivarar og brukarar kan ha på seg hanskar.

Sjølv er Mølmann ferdig med å samle materiale til avhandlinga si.

– Eg arbeider med å ferdigstille doktorgradsprosjektet, så eg slepp å bli forsinka. Men om arkiva blir utilgjengelege i eit halvt år, er det katastrofe for oss forskarar. Eg tenker også veldig på masterstudentane som tek historie no og som ikkje har tilgang på primærkjelder. Det er forferdeleg om vi får eit heilt kull masterstudentar som ikkje har lært å setje seg inn i primærkjelder i eit arkiv, som er dei aller viktigaste kjeldene for historikarar.

Kan søke om fysiske besøk ved kritisk behov

Riksarkivar Inga Bolstad seier at Arkivverket har prioritert forskarar, studentar, journalistar og forfattarar, som kan be om å få skanna materiale dei treng.

– Om materialet er umogleg å skanne, eller om det er for omfattande, kan vi opne opp for at forskarar og andre prioriterte kan kome til arkivet fysisk. 18. mai opna vi lesesalane for folk som har kritisk behov for arkivmateriale, men dei må søke om det først. Vi har ikkje fått mange søknader førebels, seier Bolstad.

– Vi har nytta denne tida til å digitalisere store mengder av materiale, seier Inga Bolstad. Foto: Arkivverket /BERRE

– Fleire seier til Forskerforum at Arkivverket nyttar koronakrisa til å bygge ned lesesalstilbodet endå meir enn før?

– Det er feil. Vi bruker koronatida til å få meir materiale digitalisert, indeksert og publisert på Digitalarkivet, og å tilby skanning av materiale som forskarane treng.  Dei tilsette har verkeleg stått på i denne perioden, seier Bolstad. 

– Mange er fortvila over ei utvikling mot reduserte opningstider i arkiva. I statsarkiva i Trondheim og Trømsø var det i mars planlagt som eit prøveprosjekt å stenge lesesalane ein til to dagar i veka?

– Ja, men samtidig har vi digitalisert store mengder materiale, og i mai i år hadde vi 40 prosent auke i bruk av digitalt tilgjengelege arkiv samanlikna med mai i fjor. Dette er 140 000 nye brukarar, fortel Bolstad.

Ho seier arkiva held stengt på grunn av smittevern.

– Vi vil unngå at tilsette og brukarar nyttar kollektiv transport.

Bolstad seier lesesalane i hovudsak er stengde, og dette vil vare fram til 15. august.