Avslår tverrfagleg forsking
LUKK
Annonse
Annonse

Avslår tverrfagleg forsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. oktober 2019 kl. 11:45

Forskarar får avslag etter avslag på tverrfaglege artiklar. Direktøren i Forskingsrådet meiner dette ikkje er eit problem.

Forskingsrådet oppmodar til meir tverrfagleg forsking. Men bør ikkje denne forskinga også bli publisert? I eit innlegg i Forskerforum nr. 7/19 skreiv professor i medievitskap Lars Nyre og professor i informasjonsvitskap Bjørnar Tessem: «Det er svært vanskeleg å få publisert tverrfaglege artiklar i anerkjende tidsskift, og utan publisering vert samarbeidet svekt.»

Dei to professorane ved Universitetet i Bergen (UiB) har fått refusert ein tverrfagleg studie av støydempande øyretelefonar, der dei kombinerer medievitskap og informasjonsvitskap. Studien er over ein periode på tre år avvist av tre ulike tidsskrift: først av New Media and Society, deretter Human Technology og til slutt av Sound Studies.

Ifølgje professorane avviste tidsskrifta studien av omtrent same grunnar: Dei oppfatta han som for tverrfagleg. Det var for stor avstand mellom fagfelta som var involverte, og tidsskrifta klarte ikkje å finne fagfellar. Og dei fagfellane som vart spurde, følte dei mangla kompetanse på det eine eller det andre spesialfeltet.

– Bør vere uproblematisk

John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Forskingsrådet, seier det i dag er ei rekke vitskaplege tidsskrift som opnar opp for svært ulike fagdisiplinar.

– Det bør vere uproblematisk å få publisert tverrfagleg forsking i relevante vitskaplege tidsskrift, meiner han.

Røttingen, John Arne (Vidnes)
– Eg vil oppmode fagmiljøa til å etablere nye tidsskrift som er relevante og gjerne tverrfaglege, seier John-Arne Røttingen. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Røttingen kjenner ikkje til det spesielle eksempelet frå UiB, men uttaler seg på generelt grunnlag.

– Det finst inga undersøking som viser at tverrfagleg forsking er vanskeleg å få publisert. Dei tidsskrifta som har lengst historie og best renommé i forskingsverda, har i utgangspunktet ei fagdisiplinær innretning. Men vi har i aukande grad fått vitskaplege tidsskrift som har ein tverrfagleg karakter.

Ifølgje Røttingen har alle tidsskriftredaktørar tilgang til ekspertane dei ønskjer.

– Så når redaktørane seier nei til å publisere fordi dei ikkje har fagfellar, tek dei eit val om å avgrense seg til dei ekspertane dei er vane med.

Eitt av tidsskrifta som avviste artikkelen til Nyre og Tessem, var Human Technology, som er eit interdisiplinært tidsskrift. – Vi publiserer artiklar med tverrfagleg tilnærming, og det tverrfaglege er aldri ein grunn for å avslå ein forskingsartikkel, snarare motsett, seier redaktør Jukka Jouhki til Forskerforum. Han kan ikkje kommentere individuelle manuskript vidare utan løyve frå forfattarane.

– Klarte til slutt å få publisert

I utlysingstekstane til EU og Forskingsrådet er det ofte krav om såkalla Responsible Research and Innovation (RRI): Aktørar frå ulike disiplinar skal samarbeide for å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Harald Throne-Holst, som er seniorforskar ved forskingsinstituttet Sifo ved Oslomet, deltek i det såkalla BioZEment-prosjektet, som er eit tverrfagleg prosjekt med forskarar frå mange institusjonar og ulike disiplinar, blant anna innan fysikk, kjemi, samfunnsvitskap og teknologi. Målet er å utvikle eit konstruksjonsmateriale som kan bidra til reduserte CO2-utslepp i bygningsindustrien.

Throne-Holst støttar professorane i Bergen i at det kan vere vanskeleg å få publisert.

– Det er ei stor utfordring at veldig få tidsskrift har ei interdisiplinær innstilling, så dette er eit problem eg kjenner godt til, seier han.

– Forskingsrådet oppfordrar til tverrfagleg forsking. Har ikkje publiseringsdelen hengt med?

– Nei, dette med publisering er nok meir problematisk enn mange hadde sett føre seg. I prosjektet greidde vi til slutt å publisere saman i eit poenggjevande tidsskrift som heiter PLOS One, som er eit ganske ope tidsskrift. Då løyste vi det slik at vi skreiv ein artikkel om detaljane i naturfagdelen i prosjektet, og ein annan artikkel som tok føre seg ein teknisk økonomisk analyse og som hadde eit samfunnsvitskapleg perspektiv. Begge artiklane vart publiserte samtidig.

Throne-Holst meiner det er svært positivt med tverrfagleg forsking.

– Vi har utvikla eit nytt språk og ei større forståing på tvers av disiplinane. Problemet er om vi endar opp med å publisere i disiplinære tidsskrift som ikkje er veldig tilgjengelege, fordi ein fysikar og ein samfunnsvitskapleg forskar har problem med å forstå kvarandre. Det vil vere svært lite heldig, seier han.

  • Les meir: