Biblioteka kan bli forlag
LUKK

Biblioteka kan bli forlag

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 5. mars 2020 kl. 10:07

Bør biblioteka ta over ein større del av den vitskaplege publiseringa? Det skal Universitets- og høgskulerådet no greie ut.

Det vitskaplege publiseringssystemet er dryg materie, men det bøyer seg langsamt i retning open tilgang. Men akkurat korleis systemet skal fungere i framtida, er framleis uklart.

Universitets- og høgskulerådet (UHR) er ein av aktørane. No har arbeidsutvalet i UHR-bibliotek bestemt å greie ut om institusjonane sjølve, gjennom biblioteka, bør ta eit større og meir heilskapleg ansvar for publisering. Arbeidet startar utover våren i samarbeid med UHR-publisering og UHR-forsking.

Redaksjonell støtte frå biblioteka?

Biblioteka tilbyr allereie publiseringsplattform og teknisk støtte til opne tidsskrift, men det typiske er at slike tidsskrift er små og drivne av eldsjeler som ser behov for ein kanal for fagmiljøet sitt.

– Så oppdagar mange etter kvart at drifta av tidsskriftet tek mykje tid, og ein byrjar merke seg dei reelle utgiftene som gøymer seg i prosjektet. Då får biblioteket gjerne spørsmål om vi kan ta på oss litt meir, til dømes redaksjonssekretærfunksjon. Då vil ikkje all kunnskapen forsvinne i den augneblinken tidsskriftet får ny redaktør, seier Lars Egeland, bibliotekdirektør ved Oslomet og nestleiar i arbeidsutvalet for UHR-bibliotek.

Lærarutdanninga ved Oslomet har fått gjennomført ei evaluering av sine tidsskrift, som står for ein monaleg del av publikasjonane til institusjonen på dette fagområdet. Utvalet rådde til at biblioteket også bør tilby redaksjonell støtte, mellom anna for å sikre kontinuitet i drifta.

– Men tidsskrift skal også ha forankring i fagmiljøet. Det er ikkje gitt at alle dei om lag 100 norske opne tidsskrifta har livsens rett. Difor treng vi mellom anna å greie ut ein forretningsmodell som kan fungere utan at biblioteka dermed utkonkurrerer kommersielle aktørar som også publiserer artiklar og bøker med open tilgang, seier Egeland.

Må sikre kvaliteten

Forskerforum har tidlegare skrive om korleis dei store kommersielle forlaga no vil tene pengar på andre delar av forskingsprosessen enn berre artikkelpublisering, som til dømes sal av digitale støtteverktøy for forskarar.

Forskingssamfunnet kan med fordel kan vurdere å ta tilbake ein større del av forskingskommunikasjonen, sa Jan Erik Frantsvåg, rådgjevar for open tilgang ved UiT – Noregs arktiske universitet, den gongen. Men det føreset at ein leverer tenester som er profesjonelle og økonomisk berekraftige.

Det er eit punkt Egeland er samd i.

– Publiseringsomgrepet endrar seg. Internasjonal debatt om open tilgang dreier seg om både artiklar, monografiar, data og læreverk. Og det er dei som spør kvifor vi treng tidsskrift i det heile, kvifor ikkje berre publisere gjennom vitenarkiv? Eg trur vi må sjå alt dette under eitt, i alle fall i starten. Biblioteket har kompetanse på noko av dette, men mange vil vere uroa for kvaliteten på det biblioteka kan levere. Det skal jo ikkje berre vere billeg, det skal også ha kvalitet, peikar han på.

Det er i seg sjølv eit argument for samarbeid mellom institusjonar, kanskje eit nordisk samarbeid.

– Eg trur det er lurt å tenkje større enn Noreg, seier Egeland, som ser for seg at ein bør legge opp til eit visst mangfald av modellar.

Det er viktig at ingen får monopol, seier han.

Publisering kostar

Lenge trudde mange at open tilgang til forsking ville bryte marknadsmakta til dei store forlaga og frigjere store pengesummar som så langt har gått til å betale for stadig dyrare abonnement. I teorien skulle det finnast meir enn nok pengar i verdas bibliotekbudsjett til å betale for open publisering i staden for abonnement, om ein berre fekk flest mogleg institusjonar med på å snu systemet.

– Men i praksis har det synt seg at det ikkje er så enkelt. Dei nye avtalane Noreg har inngått med dei store forlaga, viser at å betale for open publisering ikkje blir billegare, og kanskje dyrare, enn abonnement. Vitskapleg publisering blir berre viktigare i forskarverda, og då vil det koste pengar same korleis ein gjer det, seier Egeland.

Første veke i mars er Oslomet vert for ein internasjonal konferanse om biblioteket som utgjevar. Der blir det mellom anna presentasjonar av praktiske døme frå Europa og Nord-Amerika.

Nokre norske kommersielle forlag som publiserer med open tilgang, vil også delta på konferansen, og eg vonar det kan bli eit høve til å diskutere arbeidsfordeling i det framtidige publiseringslandskapet, seier han.

  • Les meir: