«Det går alltid an å finna ein stad å pirka, ein stad der du veit det gjer vondt»
LUKK

«Det går alltid an å finna ein stad å pirka, ein stad der du veit det gjer vondt»

Av Helga Eggebø, seniorforskar ved Nordlandsforskning

Publisert 6. oktober 2021 kl. 14:35

Vekene etter sommarferien har eg jobba med søknad om opprykk til forskar 1.

I oppdragsbransjen har me vår eigen versjon av professortittelen, der kravet om undervisningserfaring er erstatta med eit krav om prosjekterfaring og formidling.

Allereie tidleg i 20-åra, som bachelorstudent ved Universitetet i Bergen, sette eg meg ambisiøse mål: Eg skulle bli «professor med raude dreadlocks før eg fylde 40 år». På den tida hadde eg hennafarga hår tvinna saman i dreadlocks, og dei hadde eg tenkt å ha til min døyande dag. Nokre år seinare hadde eg fått meg ein trøkk og to – helsing livet – og hadde klipt håret og lagt den ambisjonen på hylla.

Men no, nesten 20 år seinare, sit eg altså her med denne opprykksøknaden nesten klar. Det har vore ein seig skriveprosess.

Eg byrja med å lesa eit par opprykksøknader eg hadde fått lov til å sjå på, for å få eit grep om sjangeren. «Dei har fått til så uendeleg mykje meir bra og viktig enn eg», tenkte eg då eg las. Då eg deretter sette meg ned for å skriva, så var det som om den indre kritikaren allierte seg med alle dei ytre kritikarane eg har treft på i mi tid i akademia og messa: «Syns du det er noko særleg det du har fått til? Kven bryr seg om dette? Du er ikkje best eingong!»

Mi skam
Les meir frå Helga Eggebø:
Mi skam

Det var openbart berre å bita tennene saman. Eg kutta ned skrivetida mi til maks éin time kvar morgon. Eg slapp og plagast meir enn den første timen på dagen. Så fekk det berre ta den tida det tar.

Åra har gått, og mange av dei eg har studert med har etter kvart fått faste jobbar som førsteamanuensis eller professor, og har ansvar for masse studentar og store internasjonale forskingsprosjekt. Ein gong var me kanskje unge og lovande. No er mange av oss – ofte etter mange år med mellombels tilsetting og kortvarig finansiering – nokså etablerte forskarar.

Men på vegen har me gjerne vore gjennom runde på runde med vurderingsprosessar der ein komité av meir eller mindre velvillige fagfellar skal vurdera alt ein har gjort. Titt og ofte hender det at sjølv dei mest dyktige og driftige er «veiet og funnet for lett». Førre gongen eg søkte ein jobb til dømes, var vurderinga skriven etter denne formelen: «Eggebø has [sett inn litt moderat skryt], HOWEVER [sett inn nedvurdering].» Det går alltid an å finna ein stad å pirka, ein stad der du veit det gjer vondt.

Det er ikkje det at ein ikkje får gjort mykje spennande og lystprega arbeid i mellombels stilling også. Ein veit jo at det stort sett ordnar seg. Men eg noterer meg at det gjer ein stor skilnad å ha ei fast og trygg stilling og vera ferdig med desse stadig tilbakevendande vurderingssituasjonane.

Ein ting er at ein ikkje lenger må «tenka strategisk» for å finpussa på ein stadig meir imponerande CV. Men det viktigaste er den meir grunnleggande kjensla av tryggleik. Kanskje litt som å endeleg får permanent opphaldsløyve etter ei årrekke med stadig nye søknader om fornya mellombels opphald?

Som professor eller forskar I ved den institusjonen ein ønskjer å jobba ved, har ein nådd toppen av stillingshierarkiet. Det gjev rom for å senka skuldrene, pusta rolegare, tenka lange tankar, forska og skriva på det ein har lyst til, det som gjev meining og det som betyr noko. For dei av oss som er i den situasjonen, gjeld det å nytta seg av den tryggleiken og fridomen til å vera litt rausare med seg sjølv og andre. Eg trur at både livet og forskinga blir betre av det.

Les også: