«Forsking og utdanning for heile landet» er eit mantra i Hurdalsplattforma. Då stoppar vi vel ikkje ved Nesna?
LUKK
Annonse
Annonse

«Forsking og utdanning for heile landet» er eit mantra i Hurdalsplattforma. Då stoppar vi vel ikkje ved Nesna?

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 4. januar 2022 kl. 22:36

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, er du der? På ein gul lapp som du tek med til budsjettkonferansen i vår, kan det stå: Hugs å skape rom for å fjerne ABE-kutta.

Ok, eg forstår at all politikk frå den nye regjeringa ikkje kan verte realisert med ein gong. Men no er det 2022, og regjeringa rår over 365 fulle dagar. Eg tykkjer maset om varsla politikkendring kan starte.

Ap, Sp og støttepartiet SV har ein del fellesnemnarar når det gjeld forsking og høgare utdanning. Nokre av desse sakene løfta eitt eller fleire av partia òg fram i valkampen: utdanning over heile landet, innføring av tillitsreform, fjerning av administrasjons- og effektiviseringskutt (ABE-kutt), fjerning av firarkravet i matte for lærarstudentar, nedgang i bruk av mellombelse tilsettingar.

Eit par av sakene er meir avgrensa i karakter enn andre, og det skal regjeringa ha: På nokre punkt har det gått fort. Alt ved opptaket til lærarutdanning i vår er firarkravet i matte borte. Men ABE-kutta får leve endå eitt år. Dei flate, tanketome kutta har gradvis krympa speleromet på statlege arbeidsplassar. Altså masar eg.

Dei andre nemnde sakene er gjennomgripande og tungrodde. Dei krev politisk vilje, stamina og ikkje minst samarbeid med dei berørte. Å stramme inn regelverket for bruk av mellombelse tilsettingar er eit punkt i Hurdalsplattforma. Seinare har statsråd Ola Borten Moe konkretisert målet. I løpet av regjeringsperioden skal andelen mellombels tilsette ved universitet og høgskular ned til åtte prosent. Han ville gå laus på problematikken i samband med tildelingsbreva til universitet og høgskular før jol. Det er ein god start, men krev mykje meir – det er ikkje slik at forgjengarane hans ikkje har prøvd. Så vi fylgjer med og masar nok vidare.

Tillitsreform kan vi trygt plassere blant dei ikkje-kvantitative sakene. Så langt er det ikkje noko som ein gong finst. Men ordet er brukt så breitt og intenst i valkamp og Hurdal-prosa at noko må vi kunne vente oss. I erklæringa er ho endåtil omtala som eit av regjeringas viktigaste prosjekt. Reforma omfattar heile offentleg sektor og går enkelt sagt ut på ein idé om å gje yrkesutøvarane sjølve meir råderett over virket og å redusere den sentrale målstyringa. Som de vil forstå, nærmar mulegheitene seg det uendelege gitt alle meir eller mindre skakkøyrde rapporteringssystem som er oppbygde. Når ein skal gå laus på dette er partssamarbeid og medverknad essensielt.

Nesna. Eg tykkjer alltid vi ender der, ein symbolsk, snart mytisk stad. Saka rommar både det svært konkrete – ein enkelt lærestad for høgare utdanning – og det omfattande: Kor i landet skal vi ha kva slags utdanningar? Og kven skal avgjere det? Det var viktig for regjeringa å knuse egg raskt for å lage den lova omeletten på Nesna, men både dei konkrete og abstrakte ringverknadene er store. Konkret til dømes ved at utdanningar som kjem til Nesna, tilsvarande vert nedlagde i Mo i Rana. Abstrakt ved å aktualisere eit vidtrekkande, prinsipielt spørsmål: Skal politikarane eller institusjonane bestemme kor lærestadene skal liggje? Eg sluttar meg til Sp-tankegangen om at desse avgjerslene grip så mykje inn i samfunnsbygging eller nedbygging at politikarane ikkje kan halde seg unna.

«Forsking og utdanning for heile landet». Desse fyndorda i Hurdalsplattforma vil mellom anna seie fleire studieplassar, særleg på område der vi vi treng fleire yrkesutøvarar, som lærarar og sjukepleiarar. På stader som ikkje ein gong har den minste filial av ein høgskule, er det «utdanningssenter» som er tingen. Tanken er at fylka skal samarbeide med høgare utdanningsinstitusjonar om nye tilbod, og Ap har nemnt Kongsvinger, Tana, Egersund som mogelege plasseringar. Når skal dette arbeidet starte, og ut frå kva heilskapleg plan? Ser vi Noregskartet under eitt, er Nesna berre ein prikk, og korleis lagar ein eit gjennomtenkt system for alle prikkane, vel å merke oppå mønsteret som alt finst? Det må styresmaktene brytast med i året som nettopp har starta.

Les også: