Forsking ved musea: Tilsett fryktar pengesekken blir låst til UH-sektoren
LUKK

Forsking ved musea: Tilsett fryktar pengesekken blir låst til UH-sektoren

Av Johanne Landsverk

Publisert 24. mai 2021 kl. 23:30

– Eg er skeptisk til at museumsmeldinga legg så stor vekt på tett samarbeid med UH-sektoren, seier Jorunn Jernsletten.

Mange har jubla over at forsking fekk såpass stor plass i stortingsmeldinga (Meld. St. 23), «Musea i samfunnet: Tillit, ting og tid». Ei av dei er professor Brita Brenna ved Universitetet i Oslo:

– Meldinga symboliserer at departementet vil styrke forsking ved musea framover. Dette er eit gjennomslag for alle dei som har arbeidd hardt for å betre vilkåra for forsking i musea, uttalte Brenna då meldinga kom. Ho leia forskingsutvalet som Kulturdepartementet sette ned i forkant av museumsmeldinga. Slik utvalet foreslo, vil departementet legge til rette for meir forskingssamarbeid mellom musea og Universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren).

Kulturdepartementet vil dei komande åra fase inn eit titals stipendiatstillingar til museumsforsking, med tilråding om at desse vert knytte til relevante forskarskular for museumsforsking. Departementet vil også innrette ei søknadsbasert ordning for finansiering av museumsforsking. Ordninga skal rettast mot samarbeidsprosjekt mellom forskarar i museumssektoren og UH-sektoren.

Mange museum strevar med å innfri forventningane til Kulturdepartementet på forskingsområdet, og det har vore omdiskutert om alle museum skal forske. Men museumsmeldinga er krystallklar: «Kulturdepartementet legg til grunn at alle museum med driftstilskott frå departementet legg til rette for, og sjølve utfører, forsking.»

– Blir ikkje likeverdige

Også Jorunn Jernsletten, som er leiar i seksjon for forsking i Museumsforbundet, er glad museumsmeldinga slår fast at musea under Kulturdepartementet skal forske.

– Men eg er skeptisk til at meldinga legg så stor vekt på tett samarbeid med UH-sektoren, seier Jernsletten, som er tilsett ved Varanger samiske museum.

I eit tidlegare debattinnlegg, som heile styret i forskingsseksjonen i Museumsforbundet står bak, heiter det: «Et ensidig fokus på at samarbeid med UH-sektoren er det som skal til for å løfte forskningen i museene, kan i verste fall forsterke skjevheten i stedet for å jevne den ut.»

Jernsletten forklarer nærare:

– Mange museumstilsette har erfart at dei ikkje blir likeverdige i samarbeidsprosjekt med forskarar i UH-sektoren. Dessutan fører strenge kriterium frå Forskingsrådet til at museum som ikkje er godkjende forskingsinstitusjonar, ikkje kan stå som formell partnar.

– Musea må vere i førarsetet

Jernsletten meiner det er urovekkande om heile pengesekken blir låst til UH-sektoren.

– Det kjennest ikkje bra om musea er nøydde til å bruke UH-sektoren som alibi slik at universiteta skal søke midlar for oss. Det er musea som sjølve må vere i førarsetet for søknadsprosessen, meiner ho.

Ho er oppteken av at mange museum samarbeider med museumsinstitusjonar i utlandet.

– På mange museumsfelt er det internasjonale miljø som er naturlege samarbeidspartnarar, ikkje den norske UH-sektoren. Då blir det feil at denne sektoren skal vere einaste inngangsporten til forskingsmidlane, seier ho.

Les også: