Gubben sat i kveldinga og koste seg med tellinga
LUKK

Gubben sat i kveldinga og koste seg med tellinga

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 12. februar 2019 kl. 11:52

Kvantitative mål er herleg faktabaserte. Men overdriven bruk av kvantitative krav fører til ein rigid, dum og lite heilskapleg forskingspolitikk.

Leiar: Ein gong eg var student, skulle vi levere ein heimeeksamen på 20 sider. Det verka som uoverkomeleg mykje tekst då, strengt teke var det vel den lengste teksten eg hadde skrive i mitt liv. Medstudentar delte uroa over korleis vi skulle få slike storverk i hamn, men han eine var meir bevandra i finessane i skriveprogrammet på PC-en: Ein kan jo berre auke linjeavstanden eller punkstorleiken dersom ein får for lite tekst.

Kjetil Brottveit, redaktør

Kvantitative mål kan vere drahjelp for å forbetre seg. Dei kan oversjå det viktigaste. Dei kan òg pervertere og få deg til å ville score betre på noko som ikkje er det viktigaste. Forsking og høgare utdanning er gjennomsyra av desse måla: Frå teljekantar på publiseringar til honorering av avlagte studiepoeng, frå krav til prosentdel vitskapleg tilsette med fyrstekompetanse (bygd opp ved iherdig å vise eigen dugleik gjennom mellom anna ei talfesta rekke vitskaplege artiklar) til at forskingsinstitutt må prove kor store og solide dei er.

Robuste fagmiljø målt i tal

Eg tek utgangspunkt i at vi treng kvantitative mål og krav. Dersom målet er å evaluere kvaliteten i forsking og utdanning ved eit norsk universitet, kan ein ikkje til ei kvar tid leige ei rekkje utanlandske, velrenommerte forskingsinstitutt til å gjennomføre munnlege, grundige og fleksible intervju med alle tilsette og studentar, tusen samarbeidspartnarar og fagfeller i inn- og utland. Vi treng operasjonalisering. Ærendet mitt er å stille spørsmål ved omfanget av dei kvantitative krava og vektinga dei får. Kvantitative mål er herleg faktabaserte, dei vert ofte handsama som utvilsame, og dei er difor lette å bruke. Strukturreforma med alle samanslåingane av universitet, høgskular og etter kvart institutt har vore sterkt prega av talfesta krav. Strategane bak reforma, statsråd Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad, messa om robuste fagmiljø. Målt i tal.

Ein kan stille fleire spørsmål ved dei kvantitative måla: Er dei sett på rett nivå? Er dei treffande og fangar dei opp det vesentlege? Institusjonar for forsking og høgare utdanning fyller mange funksjonar: Dekkjer måla heile breidda av omsyn?

Krav om publiseringspoeng

Krava til forskingsinstitutt som skal få grunnløyving av staten legg – med gode intensjonar – vekt på høg og solid forskingsproduksjon. Eit nytt framlegg frå administrasjonen i Forskingsrådet gjekk ut på at kvart vitskaplege årsverk må stå bak eitt årleg publiseringspoeng. Vidare kravde dei at institutta måtte ha minst 40 vitskaplege årsverk, mot 20 i dag. Dette førte til skarpe protestar, og ikkje minst Telemarksforsking stod opp mot endringa: «Ved ei slik endring som er foreslått, risikerer ein at velfungerande institutt, som leverer godt på kvalitets- og relevanskrava vi har i dag, anten fell ut av sektoren eller blir tvinga inn i uheldige strukturendringar eine og aleine på grunn av eit endra strukturkrav», sa direktør Karl Gunnar Sanda til Forskerforum. Han etterlyste òg ei skikkeleg grunngjeving for endringa. Det tener forskingsminister Iselin Nybø til ære at ho sette ned foten for auken. Ho lytta til innvendingane og klarte å sjå eit større bilete. Som ho sa på kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet i januar: «Instituttene leverer forskning og utredninger til næringslivet og offentlig sektor over hele landet. De er nyttige støttespillere for nærings- og arbeidslivet og viktige kompetansearbeidsplasser i distriktene.»

Nord: Universitetsstatusen står på spel

Dei kvantitative måla dekte ikkje heile breidda av omsyn. Det same kan trygt seiast om Nord universitet, som er resultatet av ei samanslåing mellom Universitetet i Nordland og høgskulane i Nesna og Nord-Trøndelag. Nyskapningen har hatt lite høve til å sole seg i glansen av fusjonen. Frå i år kom det strengare krav til doktorgradsprogram, og styresmaktene fylgjer aktivt med på om Nord lever opp til universitetskrava. I løpet av året skal Nokut gjennomføre eit tilsyn, og sjølve universitetsstatusen står på spel. At summen av eit marginalt universitet (Nordland) og marginale høgskular skulle verte robust, sett med styresmaktenes briller, kunne ein kanskje ane at det ikkje var automatikk i. No er reparasjonen i full gang. «Tilfellet Nord» inneheld òg ein diskusjon om indre struktur. Universitetet har mange studiestader, og fleire fakultet har tilrådd at dei vert meir geografisk samla.

Måla om kor mange doktorgradsprogram ein skal ha og kor mange som fullfører grader seier noko om forskingsaktiviteten, men dei femnar ikkje alt. Vert til dømes profesjonsutdanningar nødvendigvis betre av å finne stad ved ein institusjon som, mellom anna på grunnlag av fire doktorgradsprogram, har fått byte namn til universitet? Krava femnar ikkje omlandet – i bokstavleg og overført tyding. Eit desentralisert utdanningstilbod og samspel med lokalt samfunns- og næringsliv er viktige omsyn, for både forskingsinstitutt, høgskular og universitet. Politikken for forsking og høgare utdanning må vere årvaken for om dei talfesta krava er treffande, og om dei dekkjer breidda.

Ein kan ikkje berre byggje på tal. Ein må òg byggje landet. Og det spørst om ikkje landet gjennomskodar ei formatering med overdriven stor linjeavstand for å fylle dei 20 sidene.

  • Les også: