Kan bli krav om forskingskompetanse i museumsleiinga: – Ein leiar må først og fremst kunne leie, seier museumsdirektør
LUKK
Annonse
Annonse

Kan bli krav om forskingskompetanse i museumsleiinga: – Ein leiar må først og fremst kunne leie, seier museumsdirektør

Av Johanne Landsverk

Publisert 24. mai 2021 kl. 23:28

– Stadig fleire direktørar i norske museum har leiarkompetanse og ikkje museumsfagleg kompetanse. Eg meiner det har vore positivt, seier direktøren ved Mjøsmuseet.

I den nye museumsmeldinga, som vart lagd fram får påske, skriv Kulturdepartementet at det er grunn til å sjå nærare på krav til kompetanse i den samla museumsleiinga, til dømes når det gjeld forsking.

Departementet vil ta dette opp i dialogen med musea og tematisere i kva mon forskingskompetanse er representert i leiingane, og korleis musea arbeider med forsking i planverka sine.

Viktigare med brannsjef?

Mjøsmuseet har ikkje kompetanse innanfor forsking i leiinga.

– Det er bra med forskingskompetanse, men ein leiar må først og fremst kunne leie, meiner Arne Julsrud Berg. Han er direktør ved Mjøsmuseet, som er eit middels stort museum med om lag 20 tilsette. Berg seier han hugsar tida då leiarane måtte ha konservatorkompetanse for å bli museumsstyrar.

– Dette har vi mista, og det er klokt. Ein museumsstyrar med hovudfag i lefsebaking har ikkje nødvendigvis kompetanse til å leie ein organisasjon, seier han.

– I dag blir musea køyrde hardare på eigeninntekter. Difor er marknadsføring viktig, sjølv om den øvste leiaren ikkje nødvendigvis må sitje på slik kompetanse sjølv. Endå viktigare er sikring av samlingane, og ved Mjøsmuseet har vi ein tidlegare brannsjef i staben.

Forskingsdirektør i leiinga

I motsetnad til Mjøsmuseet har Østfoldmuseene nyleg tilsett eigen forskingsdirektør.

– Det er heilt avgjerande for forskinga ved museet at leiinga har forskingskompetanse. Forskingsdirektøren tok til i januar, og er no i gang med å etablere eit fagteam. Svært mange av dei tilsette har lyst til å delta i arbeidet med forsking, seier museumsdirektør Hege Hauge Tofte.

Østfoldmuseene er eit stort museum med rundt 53 årsverk. Tofte fortel at museet har ein intensjonsavtale og eit pågåande forskingsprosjekt saman med Høgskolen i Østfold, og museet samarbeider også med NMBU på Ås.

– Vi har oppretta eit FoU-forum, der om lag 16 tilsette er aktive innanfor forsking. Det siste året har vi tilsett tre personar med doktorgrad, som vil utgjere ein hard kjerne innanfor satsinga vår på forsking.

Svarar nei til meir forskingstid

Også ved Mjøsmuseet blir det no laga ein forskingsplan for kva forsking som skal prioriterast, og kven som skal forske. Museumsdirektør Berg seier det ikkje berre er dei tilsette ved museet som skal forske.

– Dei tilsette vil gjerne bruke meir av arbeidstida til forsking, men det kan ikkje eg seie ja til. Vi har store utfordringar når det gjeld samlingsforvaltning, og har akkurat bygd nytt magasin. Vi må sikre og registrere gjenstandane og arkiva våre, det er aller viktigast, seier Berg.

Mjøsmuseet skal inngå ein samarbeidsavtale med NTNU i Trondheim og Gjøvik.

– Vi har halvannan kilometer med arkiv i Mjøsmuseet, og vi sit på store arkiv frå Raufoss industrianlegg som vi no legg til rette for forsking. Vi vil aldri greie å gå gjennom dette sjølve, så difor går vi inn eit samarbeid med UH-sektoren, fortel Berg.

  • Les også: