Meir forskingstid til dei beste
LUKK

Meir forskingstid til dei beste

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. mars 2015

- Universiteta vil bevege seg i retning av høgskolane når det gjeld tid til forsking, uavhengig av nye fusjonar, seier leiinga ved NTNU.

meir-forskingstid-til-dei-beste


– Etter mitt syn er det ikkje rimeleg å ha lik forskingsressurs til alle, seier Kari Melby, prorektor for forsking ved NTNU. Foto: Åge Hojem/NTNU

Fakta

Arbeidsgruppen skal levere sin rapport 18. desember og består av:

  • Janicke Stople, HR-direktør ved Universitetet i Bergen
  • Irene Sandlie, personaldirektør ved Universitetet i Oslo
  • Finn Ragnvald Huseby, personal- og organisasjonsdirektør ved Høgskolen i Hedmark
  • Gaute Storås, HR-direktør ved Høgskolen i Østfold

– Vi har sagt ifrå gong etter gong at vi er svært uroa. Høgskolane vi skal fusjonere med, har mindre forskingstid enn oss, og vi får ikkje tildelt meir pengar. Det kan føre til endå større trykk på forskingstida ved NTNU, seier professor Kristian Steinnes, leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved NTNU.

I dag har tilsette ved trondheimsuniversitetet i hovudsak lik fordeling mellom forsking og undervisning (FoU). Men kva vil skje etter at NTNU har vedteke å slå seg saman med Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund?

Annonse

Kari Melby, prorektor for forsking ved NTNU, seier at spørsmålet om forskingstid ved NTNU er aktualisert etter fusjonsvedtaket.

– Ved høgskolane har dei tilsette ein meir differensiert forskingsressurs, og mange får tildelt forskingstid ut frå dokumenterte resultat. Eg trur universiteta vil bevege seg i same retning som høgskolane på dette området, seier Melby.

– Ikkje rimeleg med lik ressurs

Ho strekar under at dette er ei utvikling som skjer uavhengig av fusjonar, og som har vore diskutert ved NTNU i lang tid.

– Fleire av dei dyktige forskarane våre er redde for at fusjonane vil ha negative konsekvensar for forskingstida. Slik vil det ikkje vere. I utgangspunktet vil dei tilsette ved NTNU få behalde forskingstida også etter fusjonane. Men over tid er det ikkje berekraftig å gje ein stor ressurs til forsking om det ikkje kjem dokumenterbare resultat ut av forskinga. Det er ein liten del av dei tilsette som står for ein stor del av publiseringane. I lengda ser vi det ikkje som rimeleg at dei som yter lite eller ingenting med omsyn til dokumenterte forskingsresultat, skal ha ein like raus forskingsressurs som dei som dreg det tyngste lasset. Dette gjeld ikkje berre ved NTNU, men ved alle institusjonane i Noreg.

– Altså blir det meir til dei beste og mindre til dei middelmåtige?

– Ja, nokon kan få mindre og nokon meir. Eg trur vi må ta innover oss at vitskapleg tilsette har styrken sin på ulike felt. Nokre er veldig gode til å undervise, og ønskjer å forske mindre.

– Så ordninga står for fall?

– Utgangspunktet er like stor ressurs til forsking og undervisning. Då er det viktig at dei som bidreg lite, kan forske meir. Desse spørsmåla må løysast på instituttnivå. Men etter mitt syn er det ikkje rimeleg å ha lik ressurs til alle, seier Melby.

– Presset blir ikkje mindre

Høgskolen i Gjøvik (HiG) er éin av høgskolane som NTNU skal fusjonere med. Der har dei tilsette inga fast ordning for tildeling av tid til FoU, men alle får ti prosent til eigenutvikling. Dei som forskar mykje, får gjerne tildelt forskingstid etter søknad, men her er ingen klar regel.

Steinnes ved NTNU er skeptisk:

– Rektor ved NTNU har lenge sagt at forskingstida vil bli meir differensiert. Han har vore temmeleg tydeleg på at det ikkje er sikkert vi ville ha behalde den norma for forskingstid vi har i dag, sjølv om vi hadde gått vidare aleine. Men presset som alt er der, blir ikkje mindre med fusjonane. Det blir trykk på alle frontar når alle system skal spikrast på nytt. Tid til forsking er eit kjernepunkt. Det handlar ikkje minst om kvalitet i forskinga, noko som var ein av hovudgrunnane for heile strukturprosessen. 

Vil ramme kvaliteten

Han får støtte frå Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet.

– Ordninga med 50 prosent forsking og 50 prosent undervisning for førsteamanuensisar og professorar er eit viktig grunnlag for å halde ved lag kvaliteten i akademia. Redusert forskingstid vil også kunne ramme kvaliteten på den forskingsbaserte undervisninga, seier Aaslestad.

Han meiner likevel ordninga bør vere fleksibel.

– Det bør vere rom for individuelle avtalar, slik at dei tilsette i periodar kan forske meir eller mindre, etter avtale med instituttleiaren.

– Ifølgje Melby står ein liten del av forskarane for det meste av produksjonen?

– Det er ikkje all forskingsproduksjon som blir målt. Ein god del av produksjonen ligg i grenseland mellom forsking og formidling. Om ein rettar forskinga berre mot publisering i prestisjegjevande tidsskrift, vil det ramme kreativiteten. Forskarane skal kunne bruke forskingstida til å prøve og feile. Vi må ikkje få eit for strengt kontroll- og måleregime. Ordninga vi har, med lik fordeling til forsking og undervisning, er ein garantist for akademisk fridom, meiner han.