Museumsmeldinga: – Eit gjennomslag for meir forsking, meiner professor Brita Brenna
Annonse
Annonse

Museumsmeldinga: – Eit gjennomslag for meir forsking, meiner professor Brita Brenna

Av Johanne Landsverk

Publisert 26. mars 2021

Kulturdepartementet vil opprette eit titals stipendiatstillingar til museumsforsking og ei ny søknadsbasert finansieringsordning for samarbeidsprosjekt med UH-sektoren.

Mange har venta spent på kva som vil kome i den nye museumsmeldinga til Kulturdepartementet, ikkje minst når det gjeld forsking. I dag blir stortingsmeldinga (Meld.St.23) «Musea i samfunnet: Tillit, ting og tid» lagt fram.

– Det er flott å sjå at departementet har så store ambisjonar for forsking ved musea. Men det blir spennande å sjå i kva grad dei vil følgje opp med midlar som samsvarar med ambisjonane, seier professor Brita Brenna ved Universitetet i Oslo.

Annonse

Ho leia utvalet som Kulturdepartementet sette ned i forkant av meldinga, og som i rapporten «Vilje til forskning» foreslår tettare samarbeid mellom musea og Universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren). Utvalet foreslo blant anna å opprette 15 stipendiatstillingar til tverrfagleg museumsforsking knytt til UH-sektoren, etablering av forskarskular for museumsforsking og 15 millionar over fem år i søkbare midlar til samarbeidsprosjekt mellom museumssektoren og UH-sektoren.

– Vil styrke forskinga  

Utan å nemne kva det vil koste, kjem museumsmeldinga med sterk støtte til mange av desse forslaga. Kulturdepartementet vil dei komande åra fase inn eit titals stipendiatstillingar til museumsforsking, med tilråding om at desse vert knytte til relevante forskarskular for museumsforsking.

«Dette vil òg bidra til at det vert bygd miljø og nettverk mellom museumsforskarar og knyta dei til større vitskaplege miljø. Forskarskular knytte til universitetsmusea har til dømes gjeve gode resultat for desse musea», heiter det i meldinga.

Departementet vil over same tidsrommet innrette ei søknadsbasert ordning for finansiering av museumsforsking. Ordninga skal rettast mot samarbeidsprosjekt mellom forskarar i museumssektoren og UH-sektoren.

– Det blir spennande å sjå i kva grad regjeringa vil følgje opp med midlar, seier Brita Brenna. Foto: Erik Norrud

– Meldinga symboliserer at departementet vil styrke forsking ved musea framover. Dette er eit gjennomslag for alle dei om har arbeidd hardt for å betre vilkåra for forsking i musea, seier Brenna.

Forventar at musea skal forske

Det er ei kjend sak at mange museumstilsette strevar med å innfri forventningane om forsking. I meldinga vert det vist til utgreiinga «Museum og samfunn» som vart laga av Telemarksforsking i forkant av meldinga. Der er det stilt spørsmål ved om alle museum skal drive med vitskapleg forsking:

«Poenget kan i kortform formuleres som spørsmålet om alle museer skal forventes både å publisere fagfellevurdert forskning, være samfunnsaktuelle arenaer for debatt og dialog, være nyskapende analoge og digitale formidlere og ha høy kvalitet på forvaltning av egne samlinger. Vi tror at svaret på spørsmålet er nei. Det er for eksempel ikke gitt at alle museer skal drive med forskning […]», skriv Telemarksforsking.

Men den nye meldinga er krystallklar: Kulturdepartementet legg til grunn at alle museum med driftstilskott frå departementet legg til rette for, og sjølve utfører, forsking.

Kulturdepartementet meiner det er heilt sentralt at det vert forska på fagområda og dei store samlingane av kunst, og kultur- og naturhistorisk materiale som musea forvaltar. «I dette arbeidet må musea verka innanfor ein større vitskapleg kontekst og leggja vitskaplege ideal til grunn for innsamling, tilgjengeleggjering og bearbeiding av empiri og kjeldemateriale», heiter det i meldinga. Departementet meiner altså at forsking og vitskapleg fundert kunnskapsarbeid skal vere ein del av forventninga til musea.

Ønsker å sikre tilgang til faglitteratur

Departementet vil framover sjå nærare på korleis forsking i ABM-sektoren samla sett kan styrkjast og sjåast i samanheng, for å sikre at det òg framover vert bygd forskingsbasert kunnskap om det kjeldematerialet desse institusjonane forvaltar. Representantar frå ulike delar av sektoren må vere involverte i ein slik prosess. «Som ein del av dette arbeidet bør det sjåast nærare på i kva mon det er mogeleg å sikra alle museum innanfor det nasjonale museumsnettverket tilgang til databasar for vitskaplege artiklar og faglitteratur, gjennom fellesavtalar eller liknande», skriv departementet.

Vil sjå på krav til leiarkompetanse

Og om ikkje dette var nok: Kulturdepartementet har også lytta til Brenna sitt utval som ville stille krav om forskingskompetanse i leiinga.

«Departementet meiner det òg er grunn til å sjå nærare på krav til kompetanse i den samla museumsleiinga, til dømes når det gjeld forsking», ifølgje meldinga. Kulturdepartementet vil i den vidare dialogen med musea som får tilskot over departementet sitt budsjett, tematisere i kva mon forskingskompetanse er representert i leiingane og korleis musea arbeider med forsking i planverka sine.

– Dette var strålande nyheiter, seier Liv Ramskjær. Foto: Thomas Johannessen

Generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet seier meldinga kjem med svært gode signal for museumssektoren.

– Dette er strålande nyheiter, og når departementet er såpass tydeleg i meldinga, tyder mykje på at det vil kome ei oppfølging i komande kulturbudsjett. Alle dei gode forslaga frå Brenna-utvalet har kome inn i meldinga, og det er jo dette vi har håpa på innanfor forskingsfeltet, seier Ramskjær.

  • Les også: