Når Nato øvar meir i Noreg, tener norske forskarar mindre
LUKK

Leiar:

Når Nato øvar meir i Noreg, tener norske forskarar mindre

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 3. mars 2023 kl. 12:04

Frontfagsmodellen verkar ikkje, meiner Unio. Dei møter mektig motstand frå LO og NHO.

Det nærmar seg lønsoppgjeret der industrien som vanleg skal forhandle fyrst. Frontfagsmodellen inneber at lønsutviklinga i privat sektor legg føringar for lønsauken i offentleg sektor. Logikken er at dersom lønstillegga vert høge, kan prisstiginga auke og gå ut over konkurransekrafta overfor utlandet. Dette kan truge arbeidsplassane i industrien, og då er vi tilbake der vi starta: i privat sektor.

Det er ikkje lett å kile seg inn i denne sirkelen der NHO og LO har ein del felles interesser. Refrenget er at alle må vere «lojale mot frontfaget» for å sikre arbeidsplassar og lønsvekst til alle. Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet og den største arbeidstakarorganisasjonen for langtidsutdanna, opponerer stadig kraftigare mot modellen. Når fasiten for lønsutviklinga ligg på bordet året etter forhandlingane, har privat sektor ofte hatt større lønsvekst enn offentleg sektor. Nyleg kom Unio med pressemeldinga «Nye SSB-tall bekrefter at frontfagsmodellen ikke virker». Dei viste til Statistisk sentralbyrås førebelse tal over lønsutviklinga i fjor og konkluderte med at «lønnsveksten i privat sektor har vært langt høyere enn frontfagsrammen, mens det offentlige har forholdt seg lojalt til anslaget».

Frontfagsmodellen er til stadig diskusjon og revurdering. Holden III-utvalet la i 2013 fram ein NOU som slutta seg til hovudprinsippet om at konkurranseutsett industri framleis skulle setje ei økonomisk ramme for dei andre oppgjera, men utvalet presiserte at resultatet i frontfaget verken skulle vere «golv eller tak». Det finst altså grenser for kor bundne andre sektorar skal vere av resultatet i privat sektor. Cappelen-utvalet i 2016 støtta òg opp om ei vidareføring av modellen. Båe utvala stadfesta noko som var viktig for dei høgt utdanna medlemmene i Unio: Ikkje berre industriarbeidarar, men òg dei betre lønte industrifunksjonærane skal vere del av talgrunnlaget nå dei andre sektorane forhandlar.

No har regjeringa sett ned eit utval som på ny skal vurdere korleis systemet for lønsdanning i Noreg fungerer. Det har kome til nokre element som er prega av den nye økonomiske situasjonen i Noreg og internasjonalt: høg inflasjon og høgare rentenivå, høgare importprisar og auka kostnader, større merksemd om beredskap og tryggleik. På ny tilspissar det seg mellom LO og NHO på den eine sida og Unio, Akademikerne og YS på den andre. Det var LO og NHO som tok initiativ til eit utval som skulle sjå på samspela mellom dei ulike delane av den økonomiske politikken. Dei skreiv i eit brev til statsministeren: «Det er ikke behov for å adressere hvordan frontfagsmodellen gjennomføres, så dette bør ikke være en del av utvalgets mandat.» Dette fekk dei tre andre arbeidstakarorganisasjonane til å reagere. Dei gjorde det klart at korleis frontfagsmodellen fungerer i offentleg sektor bør vere ein del av gjennomgangen. Og slik vart det. Utvalet skal vere ferdig innan desember, og det dei kjem fram til kan dermed verte grunnlag for forhandlingane i hovudoppgjeret neste år.

Men fyrst kjem altså vårens oppgjer. Lat meg nemne eit siste moment som Forskerforbundet og Unio er opptekne av: Når Nato øver meir i Noreg, tener norske forskarar mindre. Det høyrast absurd ut, men forklåringa er: Når tilsette i Forsvaret deltek på øvingar, kan dei få tillegg som ikkje er ein del av den avtalte, «frontfagsregulerte» løna. På papiret vert desse tillegga lønsgliding, og systemet har ikkje vore finmaska nok til å skilje mellom ulike typar statstilsette. Ein forskar tilsett ved universitetet vert dermed indirekte straffa for tillegga i Forsvaret sidan statstilsette – jamt over – ser ut til å ha fått meir i lønstillegg enn det avtalte. «Det er helt uholdbart å ha et system der økt aktivitet i Forsvaret går ut over lønnsutviklingen til forskere og politifolk» Det sa Guro Elisabeth Lind, som er leiar i både Forskerforbundet og i Unio stat, alt i 2021 ifølgje heimesidene til Unio.

Som de skjøner: Det vert eit krevjande oppgjer, og Unio er på offensiven.

  • Les mer om lønnsoppgjøret 2023: