NTNU er eit kjent og innarbeidd namn. Kor lang er vegen fram for NMBU og USN?
LUKK

NTNU er eit kjent og innarbeidd namn. Kor lang er vegen fram for NMBU og USN?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 14. april 2021 kl. 11:10

Korleis skal Sigrid Sollund og oss andre hugse forkortinga NMBU? Her er eit knep.

Tema denne månaden: namn på norske universitet

Lovnad om innhald: Marita Kristiansen klarar nesten ikkje å uttale namnet NMBU.

«NMBU NMBU NMBU NMBU NMBU NMBU NMBU NMBU» Eg har ikkje fått hikke, dette er meldinga Dagsnytt 18-programleiar Sigrid Sollund skreiv på Twitter 21. januar. Rett før hadde det stokka seg då ho skulle avrunde ettermiddagens sending: «Takk til Øystein Aas, professor ved N…B…N…U – et eller annet sånt.»

Vi har kome fram til tredje del i serien namn på norske høgare utdanningsinstitusjonar.

Fakta
Aldri anna enn språk er ei spalte om språket i kunnskapssektoren. Vi har fått fast hjelp frå to terminologar, som her uttalar seg som språkmenneske og berre på vegner av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.
Denne episoden handlar om forkortingar og kjem automatisk om nokre sekund, men fyrst eit samandrag av dei to fyrste delane: Namna har tradisjonelt fylgt eitt av to hovudprinsipp: geografi og profil. Universitetet i Bergen er eit døme på det fyrste, Musikkhøgskulen på det andre. Alle samanslåingane har ført til eit nytt landskap av institusjonar med til dels nye namnetypar. Då Høgskulen i Oslo og Akershus skulle verte universitet, kunne ikkje namnet verte Universitetet i Oslo, men Profesjonsuniversitetet i Oslo (som det ikkje vart) eller Oslomet (som det vart).

Vi har ikkje berre fått nye namn. Dei har gjerne forkortingar, og det reiser spørsmålet om ein skal bruke dei eller fulle namn. I Forskerforum skriv vi namnet ut, med forkortinga i parentes, fyrste gongen det er nemnt i ein artikkel. I resten av saka kan vi då bruke forkortinga. Vi gjer eit unntak for NTNU. Forkortinga er til dei grader innarbeidd og har vakse fram som sjølve namnet på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Kristiansen: Det er ein god praksis å informere lesarane slik. Eg kan òg skjøne at de bruker berre NTNU liksom vi aldri lenger skriv kva laser* er ei forkorting for. Men med alle samanslåingane og namneendringane dei siste åra treng nok lesarane hjelp med ein del forkortingar ei stund til. Då eg arbeidde ved NHH (Noregs Handelshøgskole, journ.mrk.), vart merkenamnet diskutert mykje. Ein såg til NTH, som var eit solid, etablert merkenamn. No har eg undersøkt bruken av namneforma NTNU, og det verkar som ei vellykka forkorting: Ho er brukt mykje aleine i tekst.

Det er nok fleire enn Sollund i Dagsnytt 18 som ikkje har lært seg korleis ein forkortar Noregs universitet for miljø- og biovitskap. Namnet var opphavleg Noregs landbrukshøgskule på Ås (NLH), og i ein periode heitte det Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB).

– Korleis fungerer forkortinga NMBU?

Kristiansen: NMBU klarar eg nesten ikkje å seie, med lydar som konkurrerer i munnen. NTNU er lettare.

Våge: Det burde vel ikkje ha vore vanskelegare, kanskje grunnen berre er at vi sjeldnare uttalar det? I båe forkortingane har vi tre konsonantar og ein vokal til slutt. Landbrukshøgskulen eller NLH var eit sterkt namn. Det nye namnet er noko langt, men eg forstår at det vart endra i takt med den faglege profilen.

Kristiansen: På nettsida og i strategien deira bruker dei berre forkortinga.

Våge: Eg får nyhendebrev frå NMBU, og der står òg berre forkortinga.

– Eg går ut frå at dei langsiktig styrer mot at NMBU skal stå att aleine. Dersom ein skal lykkast med det, må ein vel presse på og bruke forkortinga alt ein kan sjølv?

Våge: Ja, men dei gjev eit signal om at dei krev at ein veit kva forkortinga står for, og dette vert ein terskel.

Soga mi om ei tenkt NTNU-misunning held fram med Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Namnet er streit og tradisjonelt ved å oppgje institusjonstype og geografi. USN er eit resultat av samanslåingar mellom høgskulane i Vestfold, Telemark og Buskerud. Eg forstår at det vart for langt å kalle det Universitetet i Vestfold, Telemark og Buskerud, og dessutan har desse fylka òg seinare forsvunne. Ein kostnad med nemninga Søraust-Noreg er like fullt at denne ikkje er intuitivt plassert. Kva er meir både sør og aust i landet enn Oslo-området der USN altså ikkje held til? Til samanlikning dekkjer Helse Sør-Øst eit mykje vidare område: frå Agder i sør til Innlandet i nord.

Våge: Det er betre å vere noko geografisk upresis enn å kaste korta og innføre meiningstome merkevarenamn, som til dømes Linnéuniversitetet i Sverige, som eg har nemnt før.

Kristiansen: Namnet oppgjev iallfall omtrentleg kor ein befinn seg.

– Sjølv om namnet ser ut som eit forkorta kompromiss, er det nokså langt, og forkortinga USN vert brukt ein del. Kor lang er vegen fram for at det toler å stå aleine?

Kristiansen: Det kan ikkje eg svare på, men namngiving er meir enn det praktiske. Det psykologiske internt er viktig, som å vere ein del av eit større heile. Det er eit triks å ha ein felles merkelapp som alle kan assosiere seg med, og dette kan vere ei forkorting, som då eg arbeidde ved NHH.

Våge: Men bruker ein berre forkortinga, så mistar ein noko på vegen.

Korleis skal Sigrid Sollund og oss andre hugse forkortinga NMBU? Siri Furre har delt eit knep på Twitter:

«Tenk på fuglen «Enembu», da sitter det. Hilsen en som startet å studere på NLH, tok master v/UMB og doktorgrad v/NMBU. Tilhørte samme institutt hele tiden.»

Epilog: Eg vart nysgjerrig på fuglen enembu. Han fanst ikkje på internett, så til slutt kontakta eg Siri Furre og fekk dette svaret: «Det er ikke en ekte fugl som jeg vet om dessverre.»

*Laser er ei forkorting for Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation, på norsk: lysforsterking ved stimulert emisjon av stråling.

Kjelde: Store norske leksikon

Les også: