Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

NTNU heldt styremøte hemmeleg for ikkje å miste rektorkandidat

NTNU-styret var redde dei ville miste ein av kandidatane på oppløpssida, men vedkommande trekte seg likevel i siste liten.

NTNUs styre ansatte fredag Anne Borg (nederst til høyre) som rektor. Foto: Knut Trøim/NTNU

Fredag 13. desember heldt NTNU-styret eit ekstraordinært møte på telefon der dei valte å gå for kandidaten øvst på innstillingalista, nemleg Anne Borg. Dette ekstraordinære tilsetjings-møtet var planlagt til 20. desember, men vart påskunda utan at offentlegheita var klar over det, skriv Khrono.

Det stod verken protokollført frå det førre ordinære styremøtet den 4. desember, då det blei bestemt, ei heller på NTNU sine heimesider. Heller ikkje etter å ha spurt gjentekne gongar om det var endringar i møteplanane, fekk Khrono innsikt i påskundinga.

— Styret hadde berre ei sak på dagsorden, og det var tilsetjing av rektor. Ein av søkarane som var unnteken offentlegheita hadde gitt klar beskjed om at dersom det vart lekkasjer, så ville vedkommande trekke seg. Vi var redde for å miste denne kandidaten og det var difor møtet ikkje vart annonsert, seier styreleiar Svein Richard Brandtzæg til Khrono.

Åpner for KI-generert eksamenssensur: – Dobbeltmoralsk

Slik ble lønnsoppgjøret ved Oslomet

Også i 2025 sank antallet som begynte på doktorgrad

Kraftig forverring av vilkårene for samarbeid med land i sør

– Mulighetene for samarbeid med det globale sør er nå nesten utradert

Forsvarets høgskole kan bli årets lønnsvinner

Direktør trekker seg fra Holocaustsenteret

Lønnsoppgjøret: 3,9 prosent til de fleste ved UiT

Lukk meny