Plan S rullar vidare. Frå 2021 skal den sikre open tilgang til forskning ein gong for alle.
Annonse
Annonse

Plan S rullar vidare. Frå 2021 skal den sikre open tilgang til forskning ein gong for alle.

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 8. november 2020

Det skapte bølgjer då Det europeiske forskingsrådet trekte si støtte til Plan S. Men koalisjonens plan for gjennomføring ligg fast.

Det er to år sidan ein internasjonal koalisjon av forskingsråd, med støtte frå EU-kommisjonen, lanserte sin strategi for å få fortgang i den ulideleg treige overgangen til open tilgang til forskingsresultat (cOAlition S, sjå faktaboks). Plan S krev at frå 2021 skal alle vitskaplege publikasjonar finansiert av desse aktørane, bli publiserte i opne tidsskrift eller på opne plattformer.

Planen har møtt både entusiasme og motstand, og debatten blussa opp på nytt etter at Det europeiske forskingsrådet, ERC, i sommar trekte si støtte til planen. Men koalisjonens plan for gjennomføring ligg fast.

Full open tilgang frå 2024

Kristin Danielsen, Forskingsrådets områdedirektør for internasjonalisering og forskingssystemet, seier til Forskerforum at krava i Plan S vil gjelde for prosjekt som får løyvingar etter utlysingar frå 2021, slik at sjølve implementeringa dermed ligg noko fram i tid. Forskingsrådet er norsk partnar i koalisjonen.

– Noregs nasjonale målsetting er full open tilgang til artiklar frå 2024, og det trur eg vi har gode sjansar til å innfri, seier ho.

Både den nasjonale målsettinga og Plan S legg føringar for forhandlingane mellom universiteta og tidsskriftforlaga. I Noreg er det Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit) som forhandlar på vegner av institusjonane.

Sjølv om ERC-avgjerda har skapt bølgjer, trur ikkje Danielsen at avgjerda får praktiske konsekvensar for gjennomføringa av Plan S. Det er fordi ERC er bunde av reglane som gjeld for rammeprogrammet Horisont Europa, og desse reglane blir fastsett på øvste politiske nivå.

– EU-kommisjonen har allereie sagt at Plan S-krava vil gjelde for Horisont Europa, og det omfattar ERC, seier Danielsen.

Vil overkøyre forlaga

Nyleg annonserte koalisjonen ein strategi som let forskarar publisere i alle slags tidsskrift, også tidsskrift som ikkje oppfyller krava i Plan S, og samstundes ha rett til å gjere artikkelen ope tilgjengeleg på eiga hand. Strategien går ut på at forskarar som får midlar frå ein av koalisjonspartnarane, forpliktar seg til å utstyre artiklane med ein open lisens. Forskaren har altså ikkje høve til å seie frå seg opphavsretten til artiklane.

Dersom ein slik artikkel blir publisert i eit abonnementstidsskrift, er forskaren dermed likevel fri til å gjere artikkelen ope tilgjengeleg på anna vis, til dømes i eit vitenarkiv. Koalisjonen vonar at strategien vil oppmode fleire tidsskrift til å endre sine eigne kontraktsvilkår tilsvarande.

Danielsen i Forskingsrådet peikar på at forskarane treng støtte frå institusjonane i denne prosessen.

– Institusjonane har eit ansvar for å støtte forskarane slik at dei ikkje må forhandle med forlaga på eiga hand. Dette blir det viktig at institusjonane følgjer opp framover, seier ho.

Korona inga hindring

Arbeidet med open tilgang rullar vidare uhindra av pandemien, fortel Nina Karlstrøm, seksjonssjef for lisensavtalar og open tilgang i Unit.

– Avtalane med dei store forlaga som vart inngått i 2019, er midt i perioden no, og dei blir ikkje endra undervegs, seier ho.

Internasjonalt har forskingsinstitusjonar fleire stader hamna i ein meir usikker økonomisk situasjon dette året. Spørsmålet er om dette vil få konsekvensar for budsjetta til biblioteka som betalar publiseringsgildet. Karlstrøm har ikkje sett teikn til det i Noreg.

Med litt flaks kan økonomiske vanskar hos institusjonar i andre land, heller føre til at dei store forlaga vil gje institusjonane betre rammevilkår når avtalane skal fornyast neste gong.

– Også innføringa av Plan S vil leggje eit stort press på forlaga. Vi må heile tida syte for at neste avtale blir endå betre, seier Karlstrøm.

Enquete:

Vi har spurt fem forskarar:

1. Kva tenkjer du om at Plan S skal trå i kraft i januar 2021?

2. Korleis har du førebudd deg?

Kjetil Storesletten (professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo)

Foto: Julia Loge

1. – Eg er negativ, fordi Plan S passar dårleg for samfunnsøkonomifeltet. I vårt fag er det vanleg å presentere eit arbeid mange stader over lang tid, også på eiga heimeside eller i opne arkiv, før ein får det akseptert av tidsskrift. Tidsskriftet si rolle er å sertifisere arbeidet. Når Plan S ikkje godkjenner tidsskrifta, så tek dei tak i eit problem som eigentleg ikkje finst for oss. Eg trur mange økonomar pusta letta ut då ERC trekte seg. Og eg meiner Noreg bør skamme seg over å ha gått i bresjen for dette.

2. – For eigen del får eg vente og sjå, det er uklart for meg kva som reint konkret skal skje. Men det er synd dersom det blir slik at vi må publisere i dårlegare tidsskrift.

Ingun Fornes (postdoktor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen)

Foto: Magnus Halsnes

1. – Det korte svaret er at eg kjenner lite til innhaldet i Plan S. Eg har inntrykk av at debatten gjekk føre seg medan eg var i jobb utanfor akademia. Sidan har eg ikkje sett mykje snakk om det. Pandemien og den lange perioden med heimekontor har også gjort at mange ting vi normalt ville ha diskutert i gangen, ikkje har kome opp. Ut frå det eg har sett, vil eg vente og sjå.

2. – Eg har ikkje oppfatta at Plan S vil få store konsekvensar for meg. Eg kjenner til enkelte opne juss-tidsskrift, mellom anna har vi eit ope engelskspråkleg tidsskrift i strafferett her ved fakultetet, så eg veit at moglegheitene finst.

Jørgen Jensehaugen (seniorforskar, PRIO)

Foto: Johanne Landsverk

1. – Eg har følgt lite med på Plan S-debatten, men dersom det stemmer at ein må publisere resultata sine i opne tidsskrift, skapar det ei utfordring dersom mange tidsskrift ikkje er med på det. Då må ein anten velje andre tidsskrift eller finne betalingsløysingar for å gjere artiklane opne. Dersom det første, så må ein redefinere kva som er dei viktige tidsskrifta på feltet. Og dersom det andre, så kjem ein ikkje vekk frå problemet som Plan S skulle løyse, nemleg at forskarar i den tredje verda, frilansforskarar og forskarar frå institusjonar utan mykje ressursar, ikkje vil ha tilgang til å publisere. Men eg er usikker på korleis Plan S svarar på dette.

2. – Sjølv gjer eg lite for å førebu meg. Eg trur ikkje dette vil få umiddelbare konsekvensar for meg, men eg er spent på kva verknader planen vil få når han blir implementert.

Gunhild Kvåle (professor og prodekan for forsking, Fakultetet for humaniora og pedagogikk, Universitetet i Agder)

Foto: UiA

1. – Eg tenkjer at det er lett å støtte grunnhaldninga til cOAlition S om å auka tilgangen til forsking. Eg er også fascinert av krafta i initiativet, som med sine sterke krav og ambisiøse tidslinjer har lykkast i å få fortgang i arbeidet. Samtidig er det ein god del konsekvensar på bakkeplan som er uklare for meg, til dømes korleis Plan S vil slå ut for forskarar utan fast tilsetjing i land utanfor Europa med semre økonomiske vilkår.

2. – Å sikte mot opne publiseringskanalar er eg allereie bevisst på. Men i mine fag er også bokpublikasjoner viktige, og det er uklart for meg korleis plan S på vil verke inn på antologiar og andre bøker. På UiA er arbeidet med ein open tilgang-politikk for universitetet snart i hamn.

Hans Nicolai Adam (forskar, Norsk institutt for vannforskning)

Foto: privat

1. – Eg hugsar det var mykje debatt om Plan S for eit par år sidan då eg arbeidde ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Her ved NIVA har eg ikkje sett noko særleg om det, og heller ikkje diskutert det med kollegaene mine. Eg trur kanskje universitetstilsette har betre høve til å fokusere på slikt, og internasjonal publisering på høgt nivå har tradisjonelt vore viktigare for dei, og er sterkare knytt til finansiering.

2. – Eg har ikkje gjort noko for å førebu meg. Eg skulle kanskje følgt betre med, men har ikkje oppfatta at eg vil få problem førebels. Eg kan søke ulike typar finansiering ubyråkratisk og enkelt på NIVA, og publiserer i mange ulike format. Dersom all forskinga mi var finansiert av Forskingsrådet, ville det kanskje ha vore annleis.

Les også: