Semje om fri forskingsflyt
LUKK
Annonse
Annonse

Semje om fri forskingsflyt

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 27. september 2013 kl. 15:34

- Open tilgang til forsking vil kome, spørsmålet er berre korleis vi skal innrette oss, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Fakta
<

– Open tilgang gjer det lettare å forstå kor viktig det er at eit samfunn brukar ressursar på å forske. I dag må alle rekne med å grunngje kvifor nettopp deira aktivitetar skal få pengar, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen på seminaret «Fremtiden er åpen!» som gjekk av stabelen i Bergen onsdag.

Seminaret var ope for alle med interesse for problemstillingar kring «open access», altså open tilgang til forskingslitteratur, og var arrangert av NHH, Høgskulen i Bergen, UiB og forskingsinformasjonssystemet CRIStin.

Tiltak i forskingsmeldinga

Kunnskapsministeren hevda at det er stor politisk semje om at forsking bør vere fritt tilgjengeleg. Ho peika på seks konkrete tiltak som er nemnde i forskingsmeldinga frå i vår: Institusjonane må sette krav om at forskarane deira skal gjere artiklane sine ope tilgjengelege, og dei blir også oppmoda om å etablere publiseringsfond for å hjelpe forskarane med å få dekt utgifter til å publisere i opne tidsskrift. Forskingsrådet vert bede om å vurdere om forfattaravgifter kan inngå i ordinære prosjektsøknader, eit tiltak rådet no er i gang med å utreie.

Dei siste tre tiltaka er adressert til CRIStin. Dei skal framforhandle avtalar med tidsskriftforlag om å gjere artiklar frå tidsskrifta fritt tilgjengelege, dei skal utvikle måleinstrument for å følgje med på utviklinga innanfor open publisering og arkivering i opne institusjonsarkiv, og dei skal vere eit nasjonalt referansepunkt som skal koordinere innsatsen og vere i dialog med andre aktørar, som EU.

– Det er opplagt at vi går i retning av meir open tilgang, men vi vil også ha autonome institusjonar. Mykje av ansvaret må difor leggjast på forskarane og institusjonane sjølve, sa Halvorsen.

Blir meir synlege

– Då Queensland University of Technology i Australia innførte retningsliner for open publisering av forskingsresultat i 2004, auka forskingsinntektene deira til det doble samanlikna med gjennomsnittet for australske universitet. Auken kom først og fremst gjennom samarbeidsprosjekt og finansiering frå industrien, sa hovudinnleiar Alma Swan. Ho driv konsulentverksemd og er tilknytt fleire organisasjonar som arbeider for friare tilgang til vitskapleg litteratur.

Ifølgje Swan er det  ikkje tvil om at forskarar har fordel av å publisere artiklane sine i opne tidsskrift eller institusjonsarkiv. Ho nemnde som døme at innanfor fysikk blir artiklar med open tilgang siterte i gjennomsnitt 250 ganger oftare enn artiklar i abonnementstidsskrift.

– Open tilgang gjev forskaren meir synlegheit, som vidare gjer at forskingsresultata blir meir brukte, og dermed gjev høgare såkalla impact. Institusjonane får det same utbytet, men dei har i tillegg ei plikt til å demonstrere samfunnsnytte. Den auka bruken av forskingsresultat med open tilgang viser nettopp korleis institusjonen medverkar til samfunnsnytte, sa ho.

Bedrifter manglar informasjon

Swan viste til medisin- og livsvitskapdatabasen PubMed Central, som no inneheld 2,8 millionar vitskaplege artiklar med open tilgang. Av brukarane kjem ein fjerdedel frå utdanningsinstitusjonar, medan heile 40 prosent er interesserte privatpersonar, mellom anna profesjonsutøvarar og uavhengige forskarar utan institusjonstilknyting. Dei siste 35 prosentane fordeler seg likt på offentlege einingar og bedrifter.

– Vi ser at bedrifter hentar nødvendig informasjon frå kvarandre og frå leverandørar og kundar, ikkje frå forskingsinstitusjonane. Vansken bedriftene har med å få tilgang til forskingsresultat, har sjølvsagt store økonomiske konsekvensar. Det må vere eit mål å endre på dette.

Kan ikkje lite på marknadskreftene

Seminaret vart avslutta med ein paneldebatt. Alle i panelet var rørande samde om at open tilgang er bra, men hadde ulike tilnærmingar til korleis den skal sikrast i praksis.

– Vi som driv universitet i Noreg kan neppe hevde at mangel på pengar er det største problemet for oss, det er snarare eit spørsmål om kultur. Mange forskarar er lunkne til å publisere i opne kanalar, dei er uroa for kvaliteten, sa nyvald rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Steinar Vagstad, økonomiprofessor ved UiB og medlem i Duckert-utvalet som skal vurdere finansiering av universiteta og høgskulane, meinte at marknadskreftene er ueigna til å handtere kollektive gode, som forskingsresultat er. Han meinte at nedanfrå-løysingar, som å opprette publiseringsfond eller oppmode forskarane om å publisere i opne kanalar, var feil medisin i eit økonomisk perspektiv.

– Det openberre problemet er at nokre store forlag sit på altfor mykje marknadsmakt, og den openberre løysinga ville vere å kjøpe dei og leggje ut alt innhaldet deira fritt på nettet, sa han.