Skuleelevane er ikkje forskingsobjekt lenger, no er dei medforskarar
LUKK

Skuleelevane er ikkje forskingsobjekt lenger, no er dei medforskarar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 13. februar 2023 kl. 11:57

Brukarmedverknad i forsking er ikkje lenger nok, no er det samskaping som gjeld. Men korleis kan det sjå ut i praksis?

– Samskaping kan fort forvekslast med samproduksjon, seier Inger Kjersti Lindvig, dosent i pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Ho bruker Ikea som døme: Sjølv om det er vi kundar som byggjer møblane, er det ikkje snakk om reell samskaping mellom oss og Ikea, for vi får berre lov å kome inn på tampen i prosessen og utføre noko som andre allereie har bestemt for oss.

– Og eg føler eg kunne gitt mange råd til Ikea om korleis møblane deira kunne vore konstruert betre og meir funksjonelt!

Inger Kjersti Lindvig er dosent i pedagogikk ved USN. FOto: USN

Involvering skal gje samfunnseffekt

Lindvig har tenkt mykje på samskaping gjennom mange år med forsking på oppvekst, marginalisering, skulegjennomføring og skuleavbrot, for tida gjennom Erasmus+-prosjektet Co-created Social Inclusion in Education (COSI.ed). Nyleg snakka ho og prosjektleiar Mette Bunting om prosjektet på ein konferanse om forsking i samarbeid med samfunnet, som USN arrangerte i lag med Oslomet og Forskingsrådet.

Ein av dei store forskingspolitiske trendane er nemleg at «folk» skal bli meir involverte i forsking. Det er mange grunnar til det, frå eit auka behov for å legitimere bruk av skattebetalarpengar på forsking, til eit prisverdig ønske om å byggje motstandsdyktigheit i samfunnet mot konspirasjonar og feilinformasjon. Innbyggjarinvolvering blir hevda å både føre til betre forsking og til større samfunnseffekt av forskinga.

Forskingsetisk er det dessutan problematisk å forske på spesielle grupper utan å gje desse gruppene høve til å bli høyrt og påverke forskinga. Difor er det blitt introdusert mange nye omgrep dei seinare åra: Open forsking, kunnskapsbasert praksis, brukarmedverknad, folkeforsking, og altså samskaping, som no seglar opp som eit nytt moteord.

Vanlege folks tur
Les også:
Vanlege folks tur

«Samskapar» skulekvardagen

I COSI.ed-prosjektet undersøker forskarar i fem land kva som skal til for at barn og unge som står i fare for å falle frå i skuleløpet, likevel gjennomfører. Lindvig og hennar kolleager tek utgangspunkt i Kragerø vidaregåande skule, der ein har hatt stor suksess med å hjelpe elevar som kjem inn på teknologi- og industrifag med svake karakterar frå grunnskulen, men som likevel gjennomfører skuleløpet og går ut med gode karakterar.

– Noko av kjernen i dette prosjektet er at vi ønskjer å klart og tydeleg får fram dei unge sine stemmer om sine eigne skuleerfaringar, seier Lindvig.

Difor bli tradisjonelle forskingsmetodar supplerte med audiovisuelle metodar som passar betre med ungdommane sin måte å fortelje på, slik som bruk av teikning, foto, video og sosiale medium. Slik kjem elevane sine forteljingar om kva som gjer at dei møter opp på skulen kvar dag, lettare til overflata. Erfaringa er at elevane på den måten blir meir medvitne om sitt eige forhold til skulen, kva faktorar dei sjølve kan påverke, og kva faktorar som ligg utanfor deira kontroll. «Samskaping» blir dermed eit stikkord både i skulekvardagen og for forskingsprosjektet. Og det er ikkje berre elevane som er involverte, men også lærarane deira, pedagogisk-psykologiske rådgjevarar frå fylkeskommunen, andre tilsette i skulesamfunnet, og ein avdelingsdirektør frå Utdanningsdirektoratet.

Knekte studiekoden gjennom forsking

– I eit tidlegare forskingsprosjekt om ungdom og utdanning fann vi at det var interessant å ha med førstegenerasjonsstudentar som medforskarar, altså dei som ikkje kjem frå familiar der høgare utdanning er vanleg. Vi fann at når dei vart med i vårt prosjekt om marginalisert ungdom i utdanningsløp, skulle det lite til før dei knekte dei akademiske kodane: Korleis lage eit forskingsdesign, kva er ei problemstilling, korleis gjere analysar. Fleire bachelorstudentar som ikkje hadde tenkt å halde fram med å studere, suste vidare på master, og nokre tok også fatt på phd-studiar, fortel Lindvig.

Tilnærminga med å utvikle forsking på skulefråfall i samarbeid med studentar som sjølve var godt kjent med fråfallsproblematikken, er no altså teke eit steg vidare i COSI.ed-prosjektet, der elevar og lærarane deira er medforskarar. Ein av hjørnesteinane i prosjektet er det som i litteraturen er kalt for «indirect approach», som går ut på å få tak i informasjon utan å spørje direkte, og ofte også utan å vite kva ein vil ha svar på.

– På Kragerø vidaregåande har vi erfart at når vi brukar indirekte metodar, slik som teikneøvingar og fotostøtta intervju der elevane teiknar eller tek bilete av ting som er viktige for skulegjennomføringa, så gjev det ei anna form for kunnskap, og ein inngang til å bli kjend med kva som betyr noko for dei. Vi er ikkje ekspertar på å vere ungdom og skuleelev, det er det dei som er, seier Lindvig.

– Eg kunne ha lese ei mengd forskingsrapportar og gjort intervju og kvantitative studiar i det vide og breie, men eg trur ikkje det ville ha gitt oss den innsikta vi har fått gjennom dette prosjektet.

Ekspertisen elevane på den måten oppdagar at dei har, kan dei så bruke til å påverke forskingsprosjektet.

Må gje opp kontroll

Reell samskaping er utfordrande fordi forskaren nødvendigvis må gje frå seg mykje av styringa til dei andre partnarane i prosjektet, som igjen kan gjere utfallet meir uvisst. Det kan vere vanskeleg å forklare både til dei som skal finansiere forskinga og til forskarkollegaer.

I Kragerø er det dessutan praktisk utdanning som står i sentrum, og Lindvig har hatt rikeleg høve til å reflektere over kunnskapshierarki og korleis forskingsverda framleis ser ut til å halde fast i ein tradisjon som framelskar den teoretiske og vitskaplege kunnskapen framfor meir handlingsboren kunnskap. 

– Ofte har desse elevane mykje erfaring, fleire er oppvaksne på gard eller med tilgang til verkstad og har kanskje skrudd og mekka heile livet. Det er spennande å sjå i praksis kva som skjer når dei kjem til ein skule som tek utgangspunkt i det dei kan: korleis dei overfører erfaringane dei har med seg, får supplert dei, og lærer av kvarandre, fortel ho.

Det er eit ressursorientert elevsyn som ho trur mange skular kan lære av.

– Lærarane trur godt om elevane sine, at dei er ungdommar ein kan ha ein nær relasjon til, og snakke med. Og elevane fortel at døra inn til lærarane alltid er open, elevane kan alltid får kontakt med dei.

Forskingsdemokrati i praksis

Men sjølv i ein samskapingsprosess der alle skal vere med å påverke prosjektet frå starten av, må det før eller seinare takast avgjerder, og kva gjer ein då dersom det oppstår usemje? Lindvig fortel at dei har snakka mykje om at avgjerder kan vere mellombelse.

– Vi kan seie at, ok, de meiner slik, men vi meiner sånn. Er det greitt at vi prøver ut vår måte, og så ser vi korleis det går, og fungerer ikkje det, så prøver vi dykkar måte? Dersom ein meiner alvor med radikal samskaping, må ein utvikle nye, demokratiske måtar å gjere ting på, det er slik det blir bra, seier ho.

Fleire av artiklane blir skrivne av forskarar, lærarar og elevar i fellesskap, sjølv om det ville ha vore langt enklare å halde skrivinga innanfor forskarfellesskapen.

– Du har eit problem med maktforholdet dersom du tenkjer at det teoretiske, logiske, rasjonelle og vitskaplege per definisjon er den mest verdifulle kunnskapen. Så eg trur dette har mykje å gjere med korleis ein forstår rolla si som forskar, og universiteta sitt samfunnsmandat, seier Lindvig.

– Når vi deltek i eit samarbeid som dette, er vårt oppdrag å portrettere praksis slik at teoretikarane forstår det, og å gje teoretiske bidrag slik at praktikarane får belyst sin eigen praksis på ein betre måte. Då tykkjer ikkje eg det er så ille å gje frå seg kontroll, sjølv om det medfører at artiklane blir skrivne på ein litt annan måte enn eg ville ha gjort sjølv. Dersom partnarane våre opplever at det er like mykje deira artikkel som min, så er det viktigare enn at han blir publisert på nivå to. Det er tusen gonger meir verd om artikkelen blir lesen av lærarar og beslutningstakarar, enn av fem utdanningsforskarar.

  • Les meir: