Stengde arkiv får konsekvensar: – Om ei jubileumsbok kjem ut lenge etter jubileet, er jo heile poenget borte
LUKK

Stengde arkiv får konsekvensar: – Om ei jubileumsbok kjem ut lenge etter jubileet, er jo heile poenget borte

Av Johanne Landsverk

Publisert 25. februar 2021 kl. 10:31

Eitt år med periodevis stengde arkiv og sterkt reduserte opningstider har ikkje gjort det lett for forskarane. Anita Wiklund Norli strever med å få ferdig ei jubileumsbok i tide.

Anita Wiklund Norli, som er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg, er medforfattar og redaktør for ei jubileumsbok som kjem ut til byjubileet i Larvik i september 2021.

– Larvik har 350 års-jubileum til hausten, og om jubileumsboka kjem ut lenge etterpå, er jo heile poenget borte, seier Norli.

Ho er oppgitt over at arkiva i Arkivverket har vore stengde store delar av 2020 og 2021.

– Statsarkivet i Kongsberg, som har mykje av materialet eg treng, har no ope for publikum berre to dagar i veka. Eg skal dit på tysdag, som er einaste dagen det er oppe til 17. 30, seier Norli.

Fakta
Arkivverket består i dag av
- Riksarkivet,
- statsarkiva i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Kongsberg, Oslo, Hamar, Trondheim og Tromsø,
- Norsk helsearkiv på Tynset
- Samisk arkiv i Kautokeino.

Ho seier det har fått følgjer at arkiva har vore delvis utilgjengeleg det siste året.

– Konsekvensane for boka vår er at vi ikkje har kunna gå gjennom alt det materialet vi hadde planlagt. Vi har heller ikkje fått god nok tid til å analysere og bearbeide materialet så grundig vi ville, for vi har fått det veldig travelt.

Norli seier at Arkivverket rett nok har kome med tilbod om å inngå individuelle avtalar i arkivet.

– Men det vart for komplisert å gjere faste avtalar for ei gruppe forfattarar frå mange ulike stader i landet.

– Har vore ein trend lenge

Forskerforum har også tidlegare skrive om forskaranes bekymring for stadig reduserte opningstider i Arkivverket.

– Det har vore ein trend lenge at opningstidene stadig blir reduserte, så dette har ikkje berre med korona å gjere. Men det blir rett og slett vanskeleg å jobbe med forsking når så mykje viktig historisk materiale blir utilgjengeleg, seier Norli. 

– Nedstenginga definerte masteren

Også for masterstudentar i historie har eitt år med korona skapt problem. Jakob Kaaby Hellstenius er masterstudent i historie ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Eg får levert, men nedstenginga har på mange måtar definert masteren min, seier han.

Hellstenius studerer lesepraksisar på 1800-talet blant «vanlege» lesarar som ikkje tilhøyrde eliten. Han hadde planlagd å leite etter kjelder i statsarkiv i ulike kantar av landet.

– Statsarkivet i Hamar gjorde ein stor jobb med å skanne enorme mengder av materiale, seier masterstudent Jakob Kaaby Hellstenius ved UiO. Foto: Jon Carlstedt Tønnessen

– Eg hadde håpa å finne kjeldemateriale i arkiva som ikkje tidlegare er publisert. I staden måtte eg i stor grad basere masteroppgåva på trykt materiale som allereie er digitalisert av Nasjonalbiblioteket, seier han.

Hellstenius skulle eigentleg begynne med kjeldearbeid våren 2020, men så vart alt sett på vent i tre månader.

– I Oslo opna Riksarkivet i august, men eg måtte kansellere ein tur til statsarkivet i Bergen på grunn av nedstenginga der. Og på grunn av smittetrykket i Oslo måtte eg etter kvart avlyse turane til statsarkiva i Stavanger, Hamar, Trondheim og Tromsø.

Redda av skanna materiale

Forskerforum har tidlegare skrive om at Arkivverket tilbyr å digitalisere og sende materiale til studentar, forskarar, forfattarar og journalistar, såkalla «scan on demand». Dette har «redda» situasjonen for Hellstenius.

– Statsarkivet i Hamar gjorde ein stor jobb med å digitalisere og sende mengder av arkivmateriale til meg. Dette gjorde dei også ved statsarkiva i Trondheim og Bergen. Eg tenkte å reise til Stavanger og Tromsø, men det gjekk ikkje, så det ende opp med at eg ikkje fekk materiale derifrå.

Hellstenius er svært glad for all hjelpa han har fått frå statsarkiva.

– Men materialet kom veldig seint, og dette har forseinka heile forskingsprosessen min. Eg har ein streng frist på masteroppgåva, og det er heilt avgjerande at eg får levert med tanke på vidare arbeidsliv. Det får også økonomiske konsekvensar om eg ikkje blir ferdig i tide, seier han.

Instituttleiar Jón Viðar Sigurðsson ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO seier studentane i denne situasjonen blir rådd til å ha ein plan B.

– Vi oppmodar studentane til å velje lett tilgjengeleg materiale på nettet som er digitalisert. Elles vil dei ikkje klare å få gjennomført innan fristen.

Sigurðsson kjenner ikkje til om stengde arkiv er eit stort problem for mange stipendiatar.

– Dei har fått høve til å søkje om støtte for å utvide stipendiatperiodane sine, seier han.

– Ikkje godt nok å sende

Riksarkivet held i dag berre ope frå 10.00–14.00 fire dagar i veka. Nina Planting Mølmann har reist frå Finnmark for å bruke vinterferien i arkivet. Der skal ho leite etter materiale saman med ein masterstudent ho er birettleiar for.

– Akkurat no er lesesalen på Riksarkivet open berre fire timar kvar dag, frå måndag til torsdag. Foto: Arkivverket

– Eg vart overraska over at opningstida ikkje er lengre. Då vi tok kontakt med Riksarkivet, fekk vi likevel ein avtale om å kunne bruke arkivet ut over den faste opningstida, seier Mølmann, som er doktorgradsstipendiat og forskingsleiar ved Museene for kystkultur og gjenreisning.

Ho meiner det ikkje er godt nok å digitalisere og sende materiale til studentane.

– Det er eit veldig bra tilbod, og utan dette hadde mange ikkje fått nok grunnlag til å skrive masteroppgåve. Men problemet er at når ein ikkje sjølv kan sjå materialet i arkivboksen, veit ein ikkje kva ein skal be om. Dessutan er det å kunne bruke eit arkiv ein viktig del av utdanninga, seier Mølmann.

– Når ein ikkje sjølv kan sjå materialet i arkivboksen, veit ein ikkje kva ein skal be om, seier Nina Planting Mølmann. Foto: Arkivverket

Anita Wiklund Norli ved USN er einig. Ho meiner det ikkje er mogleg å bestille arkivmateriale utan å ha sett gjennom det.

– Det går jo ikkje å skanne åtte fulle esker med handskrive materiale. Eg må i arkivet og leite sjølv, og når ein går gjennom ekse etter eske, kan det dukke opp ting ein ikkje hadde venta å finne.

– Veit at det har konsekvensar

Riksarkivar Inga Bolstad seier dei fleste av medarbeidarane i Arkivverket har hatt heimekontor sidan mars i fjor.

– Vi prøver å forhalde oss til koronarestriksjonane, og mange er avhengige av kollektivtrafikk. Men vi er fullt klar over at delvis stengde lesesalar har konsekvensar for dei som treng tilgang til arkiva, seier Bolstad.

Ho seier tilbodet om å skanne og sende materiale på bestilling vart sett i gang som eit pilotprosjekt i samband med koronapandemien.

– Skanning på bestilling løyser ikkje alle utfordringane, seier riksarkivar Inga Bolstad. Foto: Arkivverket/Berre

– Frå 3. juni 2020 og ut året har vi skanna 233 000 sider på førespurnad. 75 prosent av desse har gått til forskarar og 25 prosent til forvaltninga, fortel Bolstad. Ho meiner dette viser at Arkivverket har eit godt tilbod til forskarane, sjølv med avgrensa opningstider på lesesalane.

– Vi veit godt at dette ikkje løyser alle utfordringar. Mange har behov for å gå gjennom større mengder arkivmateriale enn det vi har kapasitet til å skanne innanfor eit kort tidsrom. Men for dei er det også mogleg å avtale tid for å kome til lesesalen, seier Bolstad.

Arkivverket jobbar no med å skaffe seg betre innsikt i korleis dei som har bestilt skanning har opplevd tenesta.

– Vi evaluerer tiltaka vi hadde i 2020, og har blant anna sendt ut ei spørjeundersøking til nokre av brukarane. Ut frå tilbakemeldingane vil vi jobbe med å finne ei løysing som gjev eit best mogleg permanent skanne-tilbod, seier ho.

  • Les også: