Publisert 17. juni 2025 kl. 10:23
Ærverdige Vitskapsakademiet tonar flagg: «Det som skjer i USA, har vist kor fort ting kan snu. Ei så tydeleg styring av forskingsmidlar, og kutt i finansiering av forsking styresmaktene ikkje likar – det er urovekkande.» Det er ei grei oppsummering frå preses Annelin Eriksen. Orda fell i ei større sak i dette bladet (side 16). På årsmøtet til Vitskapsakademiet kalla ho universiteta «demokratimaskiner». Ho verkar noko beklemd over ordvalet, men er det ei tid vi skal bruke store ord om akademias rolle, er det no.
Mange land opplever nye trugsmål mot forsking og høgare utdanning, og den ideologiske innpakninga er gjerne høgrepopulisme. Åtaka har iallfall to viktige former: Breie økonomiske kutt for akademia generelt, og ei innsnevring av tanke- og ytringsrommet for den akademiske verksemda som er att. I USA har Harvard fått kjenne kostnaden ved å ikkje innrette seg etter den nye politiske lina der mangfald, likestilling og inkludering er fy-ord. Styremaktene har stoppa milliardbeløp i tilskot. Internasjonale studentar er arresterte og deporterte. Trump ynskjer å nekte universitetet å ta inn utanlandske studentar i det heile. Studentar og forskarar protesterer. «There can be no free exchange of ideas under these conditions. And without the free exchange of ideas, the university loses its purpose», skreiv professorar i ein kronikk i The Harvard Crimson.
Tendensen er deprimerande, men kampen er viktig. Eg finn tre ljospunkt, og her kjem det fyrste: Det finst energi i motstand. Når studentar, professorar og andre tilsette gjer sams sak, står det som regel noko viktig på spel, og alliansen av dei unge utsette og dei eldre etablerte er kraftfull. I møte med Trump-politikken vert det klassiske radikalt, og det demokratiske vert opposisjonelt. Derfor fann vi det òg betimeleg å illustrere den nemnde saka, og denne leiaren, med bilete frå den høgtidelege delen av akademia.
Forskerforum er interesserte i akademisk fridom. Allmennmedia har ikkje brukt å vere det, men no får trugsmåla mot akademia i USA sendetid i NRK og spalteplass i VG. Det svekkjer ikkje interessa at norske studentar og forskarar òg vert direkte eller indirekte råka. Men dekninga er mykje breiare og prinsipiell enn som så. VG-kommentator Shazia Majid skreiv i april om korleis kampen om det amerikanske demokratiet på mange måtar står ved eliteuniversiteta. Fri tenking ved uavhengige universitet er ein umisseleg verdi ikkje berre som teoretiske storleikar, men i ein pågåande, politisk strid. At fleire no får eit forhold til denne verdien, vil eg kalle eit andre ljospunkt.
Innovasjon som kan bidra til økonomisk vekst og internasjonal konkurransekraft har vore høgt på argumentlista når politikarar skal prioritere forsking. For forskingsmiljøa er det freistande, stundom nærast nødvendig, å kome den kortsynte nyttetenkinga i møte og gjere seg fjong for politikk og næringsliv. No er akademia under press og må i endå større grad rettferdiggjere eigen eksistens. Det er i verste fall eit tidsslukande pliktløp, og i beste fall ei skjerpande øving: Kva er dei erkjende grunnane våre til å halde på med det vi gjer, og korleis formidlar vi dei til samfunnet rundt? Eg finn eit tredje ljospunkt i at akademia no må hugse og uttale desse verdiane. Vi må tilbake til søylene.
Dette er den siste utgåva før sommaren. Det er òg det siste bladet i gamal drakt og etter gamal rytme. For å skjerpe oss sjølve, profilen og produktet, seinkar vi takta frå ti til seks nummer i året. I dette overgangsåret gjev vi ut åtte blad. Etter ein langspurt, som truleg vert halsbrekkande, skal vi vere der for dykk att utpå hausten. I mellomtida slår eg eit slag for nettsidene våre Forskerforum.no. Der kan de òg melde dykk på nyheitsbrevet vårt og etter kvart få oppdatering om utgivingsdato for bladet i ny drakt.
God sommar!