Tilsette i Nesna: – Gnisten er borte
Annonse
Annonse

Tilsette i Nesna: – Gnisten er borte

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. oktober 2020

Dei tilsette i Nesna er alle ramma av nedleggingsvedtaket. Og fleire av dei vil snart miste jobben.

Etter vedtaket om nedlegging, har det vore dystre tider for dei tilsette ved Nesna. Studiestaden vil bli avvikla etter sommaren 2022, og alle ved Nesna blir ramma, både tilsette i fellesadministrasjonen og fagleg tilsette ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag. Styret har bestemt at desse fagmiljøa skal samlast i Bodø og Levanger.

Både dei tilsette og folk i lokalmiljøet har kjempa ein bitter kamp mot nedlegging, men til inga nytte.

– Fekk nok av idiotien

Morten Mediå, tidlegare plasstillitsvald for Forskerforbundet ved Nesna, er ein av fleire som no har sagt opp jobben.

– Dei som ikkje opplevde det sjølv, kan ikkje forstå kva vi på Nesna har gått gjennom, seier Morten Mediå.

– Eg fekk nok av idiotien. Det kjennest som å ha delteke i eit absurd teater, seier Mediå, som i haust begynte i ny jobb i Sandnessjøen.

Han har fleire gonger kome med krass kritikk av leiinga ved Nord og ikkje minst prosessen som førte til nedlegging. Mediå går så langt som å kalle det eit overgrep, og meiner blant anna at tilsette på Nesna vart snakka ned og utsette for hersketeknikkar.

– Éin ting er å legge ned ein arbeidsstad når du køyrer ein god prosess. Nokre gonger vinn den regjeringa du ikkje vil ha, og det er OK. Men dette har vore ein heilt elendig prosess frå A til Å, seier han.

– Alle på Nesna er sterkt prega

Marian Børli Sivertsen, som er universitetslektor ved Nord universitet, er einig med Mediå i at prosessen har vore svært uprofesjonell. Ho seier alle på Nesna no er sterkt prega av situasjonen.

– Gnisten er borte. Heile prosessen har vore frykteleg uklok, og det har ikkje vore snakk om å ta vare på personalet i det heile.

Fakta
Nord universitet vart etablert 1. januar 2016 etter at Høgskolen i Nesna vart fusjonert med Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag.

I juni 2019 vart det vedteke ny studiestadstruktur, som inneber at Nesna blir avvikla som studiestad i 2022.

I oktober 2019 vedtok Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag å gjere innsparingar tilsvarande 30 årsverk, blant anna ved å redusere talet på mellombels tilsette og timelærarar.

Hausten 2019 var talet nede i ti årsverk, og i dag er det sju tilsette som ventar på å måtte gå.

Sivertsen trur mange kunne tenkt seg å bli buande i Nesna.

– Men etter nedleggingsvedtaket er det ein del som prøver å kome seg herifrå og få seg andre jobbar. Og dei som dreg, søkjer seg nok ikkje til Nord universitet. 

Sjølv har ho begynt å pendle frå Nesna til Mo i Rana, som ligg sju mil unna, og til Bodø, som er 30 mil unna. For etter sterke protestar mot vedtaket om nedlegging har universitetsstyret oppretta ei desentralisert nett- og samlingsbasert lærarutdanning i Mo i Rana, som ei erstatning for tilbodet i Nesna.

– Unge langs kysten er taparane

Sivertsen er ein av to trinnkoordinatorar for førsteklassen i den nye masterutdanninga.

– I første klasse har vi 24 studentar, medan studenttalet for to år sidan var 58. Så det er ein svært dramatisk nedgang i studenttalet samanlikna med det vi hadde på Nesna. Vi ser også kor viktig Nesna var for studentar langs Helgelandskysten, fordi det var lett å kome seg dit, blant anna med Hurtigruta. Ungdomen langs kysten blir taparane, meiner ho. 

– Vi ser no kor viktig Nesna var for studentar langs Helgelandskysten, seier Marian Børli Sivertsen. Foto: Nord universitet

Sivertsen seier flyttinga av tilbodet frå Nesna til Mo i Rana har ført til ei nedskalering av fagtilbodet.

– På nasjonalt hald blir det satsa meir på praktisk estetiske fag i lærarutdanninga enn tidlegare, men på Mo har ein vald å ikkje tilby praktiske estetiske fag, slik dei får i Bodø og Levanger. Vi får mange ulike forklaringar, for eksempel at det ikkje er spesialrom på Mo. Det er ganske forunderleg for oss å høyre, for alle spesialromma ligg jo på Nesna!

– Ein fortvila situasjon

Ordførar Hanne Davidsen i Nesna er einig i at dette tilbodet ikkje er like bra som på Nesna. Ho er fortvila over situasjonen kommunen har hamna i.

– Vi kjenner oss ført bak lyset, for vi hadde ein fusjonsavtale som lova at Nesna skulle få vekst. Dette er ein region med få arbeidsplassar, og høgare utdanning er veldig viktig for å behalde ungdomen, seier Davidsen, som sjølv har permisjon frå Nord universitet.

– Nedlegginga har fått store konsekvensar for folk på Nesna og heile regionen, seier ordførar Hanne Davidsen. Foto: Hans Petter Sørensen

Etter vedtaket om å legge ned Nesna, var kommunen i kontakt med UiT for å diskutere ei mogleg oppretting av lærarutdanning. Men Kunnskapsdepartementet sette foten ned.

– Departementet reagerte sterkt på at vi tok kontakt. Men vi synest det var naturleg, for UiT har eit spesielt ansvar for landsdelen, seier Davidsen.

No deltek kommunen i eit samarbeidsprosjekt etter initiativ frå regionråda på Helgeland, der også UiT er med. Målet er å etablere nye utdanningstilbod ved campus Nesna, og både reiselivsutdanning og havbruksutdanning har vore diskutert.

– Vi har først og fremst jobba mot fagområde som ikkje er i konkurranse med lærarutdanning, seier ho.

– Får store konsekvensar

Davidsen er også svært uroleg for situasjonen til dei tilsette ved Nesna.

– Nedleggingsvedtaket får store konsekvensar for mange, og i tillegg har seks-sju tilsette ved Nesna vore til samtalar med leiinga om at dei kan miste jobben. Dette er alvorleg, både for dei det gjeld og for lokalsamfunnet, seier Davidsen.

For parallelt med omstillingsprosessen ved universitetet er det ein nedbemanningsprosess på gang ved Fakultet for lærarutdaning og kunst- og kulturfag. Fakultetet må spare pengar, og ifølgje nedbamanningsplanen ville ti personar ved fakultetet bli oppsagde. No er talet justert ned til sju. Fakultetet opplyser at dette vil ramme fem årsverk innan musikk, eitt årsverk innan drama og eitt innan kunst- og handverk.

Seks vurdert overtalige ved Nesna

Karin Stoll, som er lokal tillitsvald for Utdanningsforbundet på Nesna, fortel om ei tung tid etter vedtaket om nedlegging.  

– Vi skal jo bli tvangsflytta i 2022. Alle støttefunksjonane blir også borte etter kvart. Vi har hatt tre stillingar innan IKT, men no er det berre ein igjen. Så det er ganske tøft for dei tilsette som underviser på Nesna no. I tillegg til å ta imot studentar, skal vi også ta hand om det nye lærarutdanningstilbodet i Mo i Rana, seier Stoll.

I tida framover skal det haldast kartleggingssamtalar mellom leiinga og kvar enkelt tilsett.

– På toppen av alt kjem nedbemanninga ved fakultetet. Den prosessen skjer uavhengig av nedlegginga, men seks av sju som er vurdert overtalige har tilknyting til studiestaden Nesna. Då er det ganske ulogisk å seie at nedbemanninga gjeld heile fakultetet. Blant dei som er foreslått oppsagt, er det mange med svært høg kompetanse.

– Det er vel ikkje bestemt kven som må gå?
– Nei, men det er laga ein bemanningsplan, og leiinga har bestemt kven som er vurdert overtalig. Desse har allereie vore innkalla til møte der dei vart orientert om dette.

Kuttar berre i estetiske fag

Ho synest også det er oppsiktsvekkande å kutte stillingar berre i kunst- og kulturfag, med tanke på at det i den nye lærarutdanninga er ei satsing på estetiske fag.

– Dette vil særleg gå ut over fagkompetansen i Nordland, seier Stoll.

Også Sivertsen reagerer på at dei som er funne overtalige på Nesna alle tilhøyrer estetiske fag.

– Det er interessant med tanke på at desse faga er eit satsingsområde, seier ho.

Ikkje avgjort kven som må gå

Morten Mediå meiner det som skjer i nedbemanningsprosessen er nok eit døme på at leiinga ved Nord universitet ikkje tek omsyn til Nesna.

– I desse dagar prøver dei å få sagt opp tilsette på Nesna etter ein prosess der det vart sagt at ansiennitet, kompetanse og sosiale forhold skulle gjelde. Så lagar ein stillingsbeskrivingar slik at desse «tilfeldigvis» ikkje passar for dei som jobbar på Nesna, men for dei som har stillingar i Bodø og Levanger, seier han.

Terje Fallmyr, som er hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Nord universitet, seier fagforeiningane framleis drøftar bemanningsplanen med arbeidsgjevar.

– Men nesten alle som er vurdert oppsagde jobbar ved Nesna?

– Ja, det er fordi det er estetiske fag som blir berørt. Men vedtaket om å redusere desse faga vart gjort før nedlegginga, seier Fallmyr.

– Det er lagt opp til ei grundig vurdering av kven som til slutt på må, seier Terje Fallmyr. Foto: Stig Bjørnar Karlsen

Han presiserer at nedbemanninga gjeld heile fakultetet som organisasjonseining.

– Fleire tilsette må vurderast enn dei som må gå til slutt. Vi er i ein vanskeleg prosess der det skal avgjerast kven som har rett på å fortsetje og kven som må gå. Det blir lagt opp til ei grundig vurdering der det godt kan hende at nokon frå Nesna rangerast høgt og dermed kan ta over ei stilling i Levanger eller Bodø som andre har i dag, seier Fallmyr.

– Viktig med ryddig prosess

Fakultetsdirektør Olav Frigaard seier Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag ved Nord universitet er stor på kunst- og kulturfag, og at grunnen til at fleire no er overtalige er endring i studieporteføljen over tid.

– Det er viktig for oss at tilsette som tilhøyrer fagområda med mange overtalige heile tida er godt informerte om situasjonen og prosessen framover. Nedbemanning er krevjande. Det er krevjande for dei som blir berørte, for kollegaene og for organisasjonen. Det er viktig for oss å køyre ein ryddig prosess, seier Frigaard.