Utan pendling stoppar Forskings-Noreg
LUKK

Utan pendling stoppar Forskings-Noreg

Av Johanne Landsverk

Publisert 27. november 2018 kl. 22:33

Høgskulane klarer seg ikkje utan pendlarane frå storbyane. Men ulempene er mange både for tilsette og fagmiljø.

Klokka er 07:10, og bussen er framme ved Oslo S. Håvard Vibeto kan kjøpe seg ein enkel frukost på Coop før han set seg til å vente på toget til Hamar. Presis klokka 07:28 går han ned på perrongen.

– Eg har utvikla ein eigen teknikk, slik at eg kjem inn først. Eg veit nøyaktig kvar eg skal stå når toget kjem, og korleis eg skal kapre meg ein sitjeplass, seier Vibeto. Han er førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet og har pendla mellom Oslo og Hamar i nesten ti år. Han rekk akkurat å lese avisa før Gardermoen klokka 08:08. Der går mange passasjerar av, og Vibeto kan ta fram PC-en for å førebu seg til dagens førelesing.

– Etter ti år er eg blitt van med pendlarlivet. Men eg møter stadig folk på Grünerløkka som seier: «Herregud, jobbar du på Hamar!»

Fleire kjem frå Oslo

Høgskular og universitet er stappfulle av pendlarar, og dei blir stadig fleire. I denne saka er ordet pendlar brukt om dei som har for lang veg til å kunne reise kvar dag. Dei reiser over store avstandar, med fly, tog, buss eller bil. Institusjonane i distrikta er avhengige av pendlarane, og for mange arbeidssøkjarar kan ein jobb i Distrikts-Noreg vere redninga. Ved Høgskolen i Innlandet har talet på tilsette med bustad i Oslo og kommunar utanfor regionen auka sterkt dei to siste åra (sjå faktaboks).

– Høgskulen vil ikkje klare seg utan pendlarane frå Oslo, seier Marit Berg Strandvik, som er instituttleiar ved Institutt for spelutvikling ved Høgskolen i Innlandet. Ho seier talet på pendlarar utgjer om lag tjue prosent av den vitskaplege arbeidsstokken ved instituttet. – Talet på vitskapleg tilsette ved høgskulen har auka dei siste åra, i takt med planane om å bli universitet. For å få nok tilsette må vi ut av regionen i større grad enn før, i alle fall er det slik her ved instituttet. Vi må trekke til oss folk med høg kompetanse, og då må vi gjere det attraktivt å kome hit. Difor er det viktig å kunne tilby fleksibilitet og legge kvardagen til rette for dei som pendlar, seier ho.

Smidige ordningar

Vibeto er spelforskar ved instituttet og har høg kompetanse innanfor spelteknologi. Han har ingen fast avtale om når han må vere til stades ved høgskulen.

– Normalt prøver eg å vere på Hamar to–tre gonger i veka, men bortsett frå dagane eg har undervisning, veit eg aldri kva for dagar eg skal dit. Denne hausten har eg hatt veldig mykje forskingstid, og då har det kunna gå to–tre veker utan at eg har vore på Hamar. Når eg forskar, liker eg å sitje heime eller isolere meg på ei hytte.

Spørsmålet om fleksibilitet for pendlarane er eit tema ved mange høgskular. Georg Arnestad er kulturforskar og seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Eg kom til den tidlegare Høgskulen i Sogndal i 1981, og der har pendling vore ei utfordring så lenge eg har jobba der. I periodar har leiinga måtta gått inn og regulere kor mykje folk skulle vere til stades, fordi nokre utnytta systemet og var meir i Oslo enn på høgskulen. Men i dag er krava til doktorgrads- og førstekompetanse skjerpa, og det er heilt nødvendig med smidige ordningar for at høgskulane skal klare å få folk til stillingane sine, meiner han.

Aldri på éin stad 

Ikkje alle taklar pendlarlivet like godt. Jørgen Jensehaugen jobba som førsteamanuensis i historie ved Høgskolen i Innlandet i 2,5 år, og pendla mellom Oslo og Lillehammer.

– Eg er veldig glad for at pendlarlivet er slutt. I dag kan eg gå på jobb, og det tek 20 minutt, seier Jørgen Jensehaugen. Foto: Johanne Landsverk

– Det var ei blanda oppleving. Eg er glad for at eg fekk jobben, men det var svært slitsamt. For meg var ikkje dette ein levedyktig livsstil i lengda, seier Jensehaugen, som har familie og små born i hovudstaden.

No er han seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (Prio).

– Eg er veldig glad for at pendlartilværet er over, og for at eg fekk jobb her i Oslo. Særleg set eg stor pris på å ha kollegaer rundt meg i det daglege.

For sjølv om arbeidsgjevaren la alt til rette, syntest han det var krevjande med all reisinga:

– Eg kunne jobbe på toget, og det gjekk greitt i seg sjølv. Det var verre med all ventinga innimellom. Og som pendlar var eg aldri heilt på éin stad. Når eg hadde heimekontor, hadde eg ikkje noko sosialt miljø, og dei dagane eg var på kontoret, brukte eg over fem timar på å reise. Det var ikkje ein god situasjon.

Jensehaugen er ikkje sikker på om han vil råde andre til å pendle til distriktet for å skaffe seg kompetanse.

– Eg veit ikkje om det er verdt det, seier han.

 

– Uaktuelt å flytte

Men somme held ut lenge. På Oslo S ventar Audun Engelstad på toget sitt til Lillehammer og jobben ved Høgskolen i Innlandet.

– Det tek tre timar frå dør til dør, så kvar dag eg er på Lillehammer, brukar eg seks timar på reising, seier Engelstad, som er professor i full stilling og prodekan for forsking ved Fakultet for audiovisuelle medium og kreativ teknologi (Amek).

– Eg er på Lillehammer tre dagar i veka, og i forskingstida jobbar eg heime og på toget, seier Audun Engelstad. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Han har ei kombinert stilling med halvparten undervisning og halvparten forsking.

– I undervisningsperiodane deltek eg regelmessig i alt som skjer. Eg har ein avtale om å vere i Lillehammer tre dagar i veka, og i forskingstida jobbar eg heime og på toget. I enkelte periodar er eg mindre til stades, og då går eg glipp av samtalar rundt lunsjbordet og ting som gjeld studentane, seier han.

Engelstad har familie og små born i Oslo.

– Så for meg er det uaktuelt å flytte til Lillehammer.

– Om du hadde fått ein like god jobb i Oslo, ville du heller teke den?

– Ja, det ville eg.

Likevel kan ingen påstå at Engelstad er meir ustabil eller illojal enn andre arbeidstakarar. Han har nemleg pendla til Lillehammer i tretten år.

 

Må gjere det attraktivt

Dekan Hege Michelsen seier at fakultetet må inngå nokre kompromiss for å få tak i spisskompetansen dei treng.

– Vi rekrutterer folk med bransjeerfaring i TV- og spelproduksjon, og dei er gjerne ettertrakta i arbeidsmarknaden. Vi kan ikkje krevje at dei skal bu her når vi ønskjer dei hit. Vi har også opplevd at somme ikkje vil gå inn i fulle stillingar, og då må vi sjå på om det er mogleg å legge til rette for det.

– Kva for særordningar kan de måtte inngå?

– Det kan vere ein del av dei individuelle avtalane at vi dekker reiseutgifter og hotellopphald i samband med pendling, rett og slett for å gjere det attraktivt å kome hit.

Også Engelstad får dekt togreisene sine.

– Dette må eg rett nok betale skatt av, så eigendelen blir slik sett ganske betydeleg, seier han.

Men kva med lønn? Ifølgje Michelsen kan ikkje statlege lønningar måle seg med lønnsnivået mange er vane med utanfor høgskulen.

– Så vi må ofte legge oss høgt på lønnsstigen for å kunne trekke til oss dei folka vi ønskjer å tilsette, seier ho.

Michelsen har rekna ut at om lag 25 prosent av dei tilsette ved fakultetet hennar er pendlarar. Og dei fleste bur i Oslo.

– Det er krevjande når så mange pendlar og er mykje borte frå arbeidsstaden. Alle gjer ein svært god jobb med undervisning og forsking, men det er vanskeleg å utvikle gode arbeidsmiljø om mange stadig må stikke av for å nå toget. Det vil jo også lett påverke arbeidsbelastninga for dei som er igjen, uttaler Michelsen.

 

– Ikkje gode fagmiljø

Irmelin Kjelaas er einig. Ho har jobba i Telemark, ved høgskulen som i dag er Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Kjelaas budde den gongen på Notodden.

– Den du er som fagperson, kan gje ringverknader i lokalsamfunnet, meiner Irmelin Kjelaas.

– Eg har jobba i lag med mange som kom med bussen frå Oslo og berre droppa innom når dei hadde undervisning. Det er forståeleg, men det bidreg ikkje til gode faglege miljø, meiner Kjelaas, som i dag er førsteamanuensis ved NTNU. Då ho sjølv var stipendiat ved USN, pendla ho mellom Notodden og Porsgrunn.

– I den perioden var heller eg til stades dei dagane eg ikkje hadde undervisning. Men når du ikkje er på campus, blir du mindre tilgjengeleg for studentane, og kanskje må dei som sit på kontoret, ofte ta ein større del av ansvaret for studentkontakten, seier ho.

Men at pendlarlivet nødvendigvis går ut over fagmiljøet, er ikkje den tidlegare pendlaren Jørgen Jensehaugen ved Prio heilt med på.

– Ved instituttet på Lillehammer var det eit fagmiljø der alle i stor grad forska på heilt ulike ting. Så det er ikkje sikkert det ville ført til meir forskingssamarbeid om eg hadde vore der kvar dag. Generelt trur eg likevel ikkje eit forskingsmiljø med mange pendlarar vil vere særleg robust.

Prodekan Engelstad er på si side mest oppteken av dei mange stipendiatane som pendlar mellom Oslo og Lillehammer:

– Det er uheldig at mange stipendiatar ikkje har undervisning knytt til stipendiatperioden. Stipendiatane som pendlar frå Oslo, har ikkje noko å pendle til anna enn eit kontor. Då synest dei ofte at det er like greitt å vere heime, og dette er eit tap for alle. Det blir vanskeleg å skape gode fagmiljø.

 

– Kan bli gnissingar

Ifølgje Håvard Vibeto er han svært bevisst på å vere til stades i miljøet dei dagane han er på Hamar.

– Eg har sagt til sjefen min at ho må seie frå om folk synest eg ikkje er der nok. Seinast i går høyrde eg om at det var vanskeleg å få ein pendlar til å kome på møte på dagar vedkomande ikkje har undervisning. Så det kan lett bli gnissingar rundt dette, seier han.

Professor og medievitar Lars Nyre har liknande erfaring. Han pendla i årevis mellom Bergen til Høgskulen i Volda.

– Den største risikoen for pendlarane er at dei kan få eit surt forhold til kollegaene sine, meiner han. – Kollegaene i det fysiske fellesskapet tenker jo at pendlaren aldri er der, medan alle dei andre må vere der heile tida. Eg trur mange ser føre seg folk som sit i ei fredfull leilegheit i ein hipp bydel i Oslo, og som kan gå ut og kjøpe kvitvin når som helst og så delta på eit skypemøte litt seinare på dagen. Dette er faktisk noko heilt anna enn å møte opp klokka åtte kvar morgon og kanskje ha undervisning kvar dag, seier Nyre, som i dag jobbar ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Nyre trur mange pendlarar blir ekstra opptekne av å vere aktive i miljøet når dei først er på jobb.

– Det er lett å få dårleg samvit om ein har full stilling og ikkje deltek i miljøet. Samtidig er det mange som bur på arbeidsplassen som aldri tek initiativ til noko som helst utanfor undervisninga, seier han.

Ikkje aktive i lokalmiljøet

Fleire studiestader, som USN og Handelshøgskolen Innlandet, har hybelhus eller pendlarkollektiv å tilby, og Forskerforum har snakka med pendlarar som har eit sosialt liv når arbeidsdagen er slutt. Men få pendlarar engasjerer seg i lokalmiljøet, skal vi tru kulturforskar Georg Arnestad ved HVL.

– Reint fagleg trur eg ikkje det er noko problem med mange pendlarar i miljøet. Men det kan vere vanskelegare å bygge opp aktive lokale miljø på studiestaden. Tilknytinga til lokalsamfunnet blir borte, seier han.

Arnestad kom til den tidlegare Høgskulen i Sogndal i 1981.

– Den gongen var dei tilsette folk som hadde kome tilreisande til Sogndal, og som etter kvart hadde busett seg der. Inntrykket mitt er at det utover i 1980-åra sat lenger inne for folk å flytte til stader i distriktet som Lillehammer, Sogndal eller Bø i Telemark, seier han.

Berre eit springbrett?

Arnestad seier faren ved å tilsetje pendlarar er at dei som oftast blir ved institusjonane i distrikta i nokre få år.

– Eg veit kvar eg skal stå på perrongen for å få sitjeplass på toget, seier pendlar Håvard Vibeto. Foto: Johanne Landsverk

– Etter fire–fem år får dei gjerne ein annan jobb i Oslo eller Bergen.

Kjelaas, som tidlegare budde på Notodden, er einig.

– Eg fekk inntrykk av at folk eigentleg ikkje ville vere på Notodden. Det var ikkje attraktivt. Eigentleg ønskte dei seg jobb ved Universitet i Oslo (UiO) eller andre stader, seier ho.

Også for Prio-forskar Jensehaugen var jobben ved Høgskolen i Innlandet ein måte å kome seg vidare på.

– Eg ønskte meg ei stilling i Oslo, men det var trongt om jobbane. Erfaringa frå Innlandet gjorde det mogleg for meg å få stillinga eg har no.

Vibeto er derimot ikkje blant dei som drøymer om jobb ved UiO.

– På Hamar har vi eit fagmiljø som er veldig spesialisert innanfor spelforsking, så eg finn ikkje dette i Oslo. Dessutan er eg ikkje så oppteken av å gjere karriere i akademia, seier han.

 

Ventar på dobbeltspor

Det er sein kveld før Vibeto kan reise heim til sambuaren i hovudstaden. Normalt tek han toget som går kl.15:00, men i dag har han undervist på samlingsbasert masterutdanning.

– For oss som jobbar «on the road», kan det fort bli lange dagar. Frå dør til dør tek det to timar kvar veg. Så eg hadde ikkje orka denne jobben om eg måtte vere på Hamar kvar dag. Men snart kan togreisa frå Oslo til Hamar ta berre ein time. Eg ventar berre på dobbeltsporet!

Fakta:

Fleire reiser langt

Bustadadressa kan fortelje litt om kor langt dei tilsette ved Høgskolen i Innlandet må reise for å kome på jobb. I tabellen er alle typar stillingar ved høgskulen tekne med, så delen pendlarar i vitskaplege stillingar kan avvike frå tala og truleg vere høgare.

 

Prosentdel av tilsette som bur i kommunar utanfor                     2013     2016      2018

nærområda (Oppland og Hedmark)                                                  12,8     15,8     18,1

Prosentdel av tilsette som bur i Oslo                                                 5,3       7,0       8,4

 

Kjelde: Høgskolen i Innlandet

 

  • Les også: