– Vi utdannar medisinstudentar som har for dårleg medisinsk ballast
LUKK

– Vi utdannar medisinstudentar som har for dårleg medisinsk ballast

Av Johanne Landsverk og Erik Norrud (foto)

Publisert 9. mai 2018 kl. 14:14

Stadig færre legar underviser medisinstudentar i anatomi. Dei taper i konkurranse med andre forskarar.

– Ved UiO har vi snart ikkje legar som underviser studentar i basalmedisinske fag. Dette er eit stort problem, men ingen bryr seg. Universitetsleiinga, som sit med ansvaret, har i mange år bagatellisert problemet, seier professor Anne Spurkland ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo (UiO). Ho er også undervisningsleiar for anatomiseksjonen ved instituttet.

Dei to første åra må medisinstudentane lære seg ein del grunnleggande fag, som anatomi, fysiologi og biokjemi. Ved dei fleste universiteta her i landet er det ikkje lenger medisinarar, men biologar og andre med naturvitskapleg bakgrunn som underviser i desse faga. Dette går ut over kvaliteten på legeutdanninga, meiner Spurkland.

– Den kliniske relevansen blir ikkje tilstrekkeleg teken vare på av ikkje-legar. Når biologar skal stå for undervisninga, har dei ikkje nok kunnskap og erfaring å trekke vekslar på. Mange stiller ikkje klinisk relevante spørsmål på eksamen, og dei aner ikkje kva denne kunnskapen faktisk skal brukast til seinare.

Ho meiner dette får konsekvensar:

– Vi endar vi opp med å utdanne medisinstudentar som har for dårleg medisinsk ballast.

Satsar på emeritusane

I seksjon for anatomi vil også mange snart gå av for aldersgrensa.

– Vi held på å tømme barnet ut med badevatnet, seier Spurkland. – Dette kviler meg tungt på hjartet, fordi eg underviser i anatomi, eit fag som er heilt grunnleggande viktig for alle som skal bli legar. Etter at fleire har gått av dei siste åra, er ein del stillingar ikkje erstatta. Hadde vi ikkje hatt god støtte frå dei gamle emeritus-professorane, ville situasjonen vore endå mykje verre.

Ein av desse er Per Holck. Han er 76 år og tek framleis på seg mykje undervisning.

Professor emeritus Per Holck (76) underviser medisinstudentar før eksamen. – Dei er så flittige, og slett ikkje late, seier han.

Når Forskerforum er på besøk, er han travelt opptatt med å undervise medisinstudentar i biomekanikk. Studentane har bede Holck om å halde ei ekstra forelesing før eksamen. Dei har møtt fulltalig opp, og det er tydeleg at han er ein populær forelesar.

– Eg gjer jo dette fordi eg liker å undervise. Det er så hyggeleg å vere saman med studentane, og dei er veldig flittige og arbeidsame, seier Holck. Han var klinikar i 18 år før han begynte på universitetet, og han har også vore bedriftslege i mange år. Holck meiner det er ein fordel for undervisarane å vere legeutdanna, særleg i eit fag som anatomi.

– Som medisinarar har vi breiare anatomikunnskap enn dei fleste andre forskarar, og vi har klinisk erfaring. Studentane er ofte nysgjerrige på legeyrket, og stiller mange kliniske spørsmål.

Holck meiner det er viktig å kunne sjå basalfaga i ein større samanheng.

– Alle kan lese seg opp i desse faga, men det er vanskelegare for ikkje-legar å sjå faget i ein pasientsamanheng. Biologar har vel aldri hatt ein pasient i heile sitt liv, seier han.

– Eit hjarteattakk unna

Holck er slett ikkje aleine om å trø til. Lars Walløe, som har fylt 80 år, er ansvarleg for undervisningsopplegget i modul 2, det vil seie andre året av medisinstudiet.

– Det er jo litt spesielt å spørje ein 80-åring om å ta denne jobben, men det er viktig å ha ein person med medisinsk utdanning som modulleiar. Eg skal passe på at studentane lærer det dei skal i anatomi og fysiologi. Og mange forskarar trur at akkurat deira fagfelt er det viktigaste, så då er jobben min å seie frå om at dette faktisk ikkje er så viktig for studentane, seier Walløe.

Lars Walløe (80) og Per Holck (76) jobbar fortsatt ved UiO. Dei meiner undervisarane bør vere legar, særleg i anatomi.

Ifølgje Spurkland måtte instituttet be på sine kne for å få Walløe til å ta på seg oppgåva.

– Dei legane som er igjen her, har altfor stor arbeidsbelastning, fordi vi må sitje i komitear og ta på oss andre oppgåver, forklarer ho.

– Vi er eit hjarteattakk unna at vi som er legar, ikkje får gjort noko anna enn å undervise og må legge frå oss forskinga. Forskarane som ikkje har brei medisinsk kompetanse, vil sleppe mykje billegare unna undervisningsjobben, medan dei som har legekompetanse, må ta på seg å lage eksamen og andre nødvendige oppgåver. 

Konfliktfylt utlysing

I dag er universiteta på evig jakt etter den beste forskarkompetansen. Dette er også ein av grunnane til at legar med forskarerfaring som oftast taper konkurransen om jobbane. Realfagsforskarar som har brukt all tida si på forsking, har eit stort forsprang på legar som har brukt fleire år på turnusteneste og klinisk arbeid. Spurkland meiner universitetet har bagatellisert problemet, men instituttleiar Lene Frost Andersen seier instituttet har teke grep.

– Mange meiner det er for få legar i undervisninga, og no har vi teke tak i dette. Nyleg vart det lyst ut ei stilling der vi søkte spesielt etter medisinarar. Det er særleg innanfor fysiologi dette i ein periode har vore ei utfordring, og det er difor vi har sett i gang denne prosessen. Vi skal ikkje ha legar i alle undervisningsstillingar, men i ein viss prosent av stillingane. Ikkje alle som underviser i basalfag, treng medisinsk bakgrunn, men det må vere ein balanse, seier Andersen.

Spurkland meiner denne utlysinga sat veldig langt inne.

– Men det var heilt nødvendig, for i stilling etter stilling er det biologar og fysiologar utan legeutdanning som har fått jobbane, seier ho.

– Vi endar opp med å utdanne medisinstudentar som har for dårleg medisinsk ballast., hevdar Anne Spurkland.

Avgjerda har likevel skapt diskusjon i fysiologimiljøet.

Professor Joel Glover er ueinig i utlysinga. Han er realist med utdanning frå Berkeley, University of California, og har undervist i basalfag ved UiO i over 30 år, både i anatomi og fysiologi.

– Dette er første gongen vi har kravd medisinsk embetseksamen til ei stilling ved seksjon for fysiologi, seier Glover.

– Ved anatomiseksjonen har det vore ein kultur for å tilsetje legar i desse stillingane, men i seksjon for fysiologi er dette heilt nytt. Eg reagerer også på at det blir framstilt som ei krise at vi manglar legar ved seksjonen. Det er faktisk ei 50–50-fordeling av medisinarar og ikkje-medisinarar i fysiologiseksjonen, seier Glover.

Han er sterkt imot kvotering av legar, og meiner instituttet må tilsetje dei som er best eigna, og som fyller krava til god forsking og undervisning.

– Om du har vist at du er god til å undervise i basalfag, er det godt nok – uansett utdanning, meiner han.

– Eg er sterkt imot kvotering av legar, seier Joel Glover. Foto: Gunnar F. Lothe/UiO

– Gje meg bevis!

Glover reagerer også sterkt på utspelet til Spurkland.

– Å påstå at ikkje-medisinarar ikkje er gode nok, er farleg. Studentane kan få ei kjensle av at dei får mindreverdig undervisning av ikkje-medisinarar. Vi må aldri kome dit at vi gjev inntrykk av at det er to nivå på undervisningskompetansen blant dei tilsette ved instituttet, seier han.

Diskusjonen er slett ikkje ny, men Glover er redd for at fagmiljøet no er i ferd med å bli splitta i denne saka, og at det blir skapt eit skilje mellom medisinarar og ikkje-medisinarar.

– I denne debatten har eg sagt: om medisinarane er betre skikka til å undervise i basalfag, så gje meg bevis for dette! Det einaste svaret eg har fått, er at ein synest realistar og ikkje-medisinarar mistar det kliniske perspektivet. Men eg meiner at også realistar kan ha eit klinisk perspektiv, og dette er noko ein som regel må ha for å søkje om forskingsmidlar.

– Viktig med knaggar

Glover får støtte frå Ingeborg Solberg, som går fjerde året av medisinstudiet ved UiO. Ho har tidlegare vore leiar i Medisinsk fagutvalg (MFU), som er eit utval for studenttillitsvalde.

– Eg er ikkje sikker på om det betyr så mykje reint fagleg om du er lege, seier Solberg.

– Men det kan ha noko å seie for motivasjonen. Alle studentar synest det er spennande å få nokre knaggar å henge teorien på, og at dei som foreleser kjem med eksempel på korleis teorien kan overførast til behandling.

Ho meiner legar som underviser, kan vere viktige førebilete.

– Legar kan lettare trekke fleire parallellar til yrkeslivet vi skal inn i. Men eg trur ikkje ein vere lege for å dra desse parallellane.

Men Solberg trur heller ikkje at ein lege med femten års forskingserfaring nødvendigvis er ein god pedagog.

– Det som er viktig dei første åra, er å få ei grundig innføring i fag vi skal bygge vidare på seinare. Eg trur heller ikkje ein treng doktorgrad for å vere ein god undervisar. Så kanskje fakultetet skulle legge like mykje vekt på sjølve pedagogikken som på kva utdanning undervisarane har.

– Legar som underviser, kan vere viktige førebilete for studentane, meiner Ingeborg Solberg.

Verre ved UiT

Samanlikna med mange andre universitet er basalfagmiljøet ved UiO godt utrusta. Ved UiT – Noregs arktiske universitet er det stort sett ikkje-legar som underviser i desse faga.

– Av legar på fulltid er det snart berre eg igjen ved instituttet, seier Kirsti Ytrehus, som er professor ved Institutt for medisinsk biologi ved UiT.

Ho har vore aktiv i Legeforeningen, blant anna som leiar i Foreningen for leger i vitenskapelige stillinger, der ho var engasjert i denne saka i mange år. – Dette er ein gammal debatt, men situasjonen har blitt verre, seier Ytrehus.

Ho meiner det får konsekvensar når stadig færre legar kvalifiserer seg til jobbar innanfor basalmedisinske fag.

– Det er ikkje lett å trekke linjene frå kjemien og biologien opp til medisinen når ein ikkje har legekompetanse. Og for studentane kan det vere vanskeleg å skjønne kva som er mest relevant for dei.

Ytrehus seier mange utanlandske forskarar blir rekrutterte til universitetet fordi dei er svært dyktige på forskingsområda sine.

– Dei er gode på sine fagfelt, men er utan erfaring med å undervise medisinstudentar. Difor må legane ved instituttet ofte ta undervisningsjobben, og det resulterer i at dei ikkje får tid til å forske. Då blir det ei stor skeivfordeling av oppgåver.

Får ikkje jobbane

Også ved Universitetet i Bergen (UiB) er legemangelen i ferd med å bli eit diskusjonstema. Professor Arne Tjølsen er lege og undervisningsleiar ved Institutt for biomedisin ved UiB. Han fortel at mange ikkje-legar står for undervisninga i basalfag.

– Fleire legar ved instituttet gjekk av for aldersgrensa for få år sidan, utan at nye kom inn. Auken i staben kjem i form av forskarstillingar, postdoktor- og stipendiatstillingar, som ikkje har undervisningsplikt. Og fordi forsking blir så høgt verdsett ved universitetet, tilset vi folk i kombinerte forskings- og undervisningsstillingar stort sett på bakgrunn av vitskaplege kvalifikasjonar. Det ein ser etter, er forskingskvalitet, -volum og -aktivitet, og evne til å skaffe forskingsmidlar.

– Dei få legane som underviser i anatomi, blir overbelasta, seier instituttleiar Arne Tjølsen. Foto: UiB

Tjølsen seier det er svært få legar som kan hevde seg i konkurransen.

– Det viser seg at blant søkjarane til instituttet vil legane jamt over ha dårlegare  forskingskvalifikasjonar. Dei taper i konkurransen med utanlandske forskarar, som ofte er ekstremt gode. Så skal vi få legar inn i desse stillingane, må vi søkje etter folk med medisinsk grunnutdanning. Vi har kome dit no at vi vurderer å lyse ut nokre stillingar spesifikt for profesjonsutdanna legar, fortel han.

– Ei fallitterklæring

Tjølsen meiner det likevel ikkje treng vere eit problem å bruke ikkje-legar i undervisninga.

– Men ingen av dei som får desse jobbane kan anatomi. Og i dag er det svært lite forsking innanfor fysiologi, også internasjonalt. Difor er det få som har gode undervisningskvalifikasjonar i desse faga. Vi må ofte setje forskarane på skulebenken for at dei skal lære seg det grunnleggande, før vi sender dei rett ut i undervisninga. Dette er ei fallitterklæring for eit universitet, meiner han.

Men ikkje alle ved UiB synest det gjer noko om dei står utan legeutdanning.

– Eg synest ikkje dette er eit stort problem. Dei to første åra skal studentane lære seg det grunnleggande om organa i kroppen, og etter mitt syn har det lite å seie om du er lege, seier professor Frode Selheim. Han er kreftforskar ved UiB og underviser medisinstudentar i histologi, eller vevslære, som er ei grein av mikrobiologien.

– Eg måtte jo lese meg opp i starten. Men det har jenka seg til etter kvart som eg har fått erfaring. Noko anna er det å undervise i makroanatomi, for då skal du ha stor kunnskap om kroppen.

Legane som skal lære medisinstudentane om musklar og skjelett, blir stadig færre.

Kan ikkje konkurrere

Finst det då ei løysing, eller vil ikkje-medisinarar framleis få alle jobbane? Ved UiO vil det i tida framover bli lyst ut fleire stillingar, men instituttleiar Andersen kan ikkje love at desse vil bli lyste ut for legar. Det vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

– Men skal vi greie å rekruttere gode kandidatar, må vi jobbe for å gjere det meir attraktivt å kome til oss, seier ho.

Ytrehus ved UiT meiner det må gjerast noko med lønnsforholda ved universiteta.

– Er du forskar og driv med klinisk arbeid i eit helseføretak, har du som regel mykje betre lønn enn i ei universitetsstilling med undervisning og forsking, seier ho.

Tjølsen ved UiB trur mange legeutdanna forskarar heller ønskjer å jobbe ved eit klinisk institutt enn ved eit basalfagleg institutt.

– Dei er gjerne mest interesserte i det kliniske fagfeltet. Mange vil også velje helseføretaka, og ein del forskarar opplever at det er betre forskingsvilkår der enn ved universiteta, seier Tjølsen.

Spurkland ved UiO er ikkje i tvil om at forskarar ved helseføretaka har mykje betre vilkår. Ho meiner det kunne ha endra mykje om legane ved universitetet fekk meir rettferdige konkurransevilkår samanlikna med kollegaene i helseføretaka.

– Legar som vil forske på basalmedisinske fag, tek ein sjanse om dei satsar på ein karriere her ved UiO, for vi har ikkje nok å tilby når det gjeld forskingsmidlar. I helseføretaka har dei tilgang på forskingsmidlar frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Vi som høyrer inn under Kunnskapsdepartementet, er ikkje på den same konkurransearenaen.

Forskingsrådet stadfestar overfor Forskerforum at det jamt over er lettare å få midlar i helseføretaka.

– Det finst legar ved sjukehuset som vi kunne ha rekruttert hit til UiO, seier Spurkland. –  Men dei vil ikkje hit, for då mistar dei sugerøyret til forskingsmidlane i HOD-kassa. Den legen som vel å gå over til oss, er jo lite strategisk på eigne vegner.


– Kva synest du om kvaliteten på undervisninga dei to første åra?

Anna Kiperberg Werenskjold, Medisinstudent ved Universitetet i Oslo, 4. studieår

– Høg, men varierande kvalitet. Kort avstand mellom studentar og professorar er fantastisk. Men mange lange dagar med forelesingar, og mange på forskingsfronten med verkeleg overveldande mengder detaljar, var krevjande. Alle hadde konstant panikk dei første to åra for ikkje å kunne nok.

 

Astrid Celine Dahle-Andersen, Medisinstudent ved Universitetet i Bergen, 2. studieår

– I Bergen er det mange forskarar som underviser  i basalfaga. Kvaliteten er sjølvsagt varierande, og nokre forskarar snakkar litt mykje om sitt eige felt. Men eg trur ikkje det har noko å seie om det er legar eller andre forskarar som underviser. Det viktige er pedagogikken.

 

 

Remi William Scott, Medisinstudent UiT – Noregs arktiske universitet, 3. studieår

– I Tromsø har det jamt over vore veldig bra undervisning. Særleg det første året var kjempebra, for der har det vore svært engasjerte og flinke forelesarar i basalfaga. Jamt over er forelesarane flinke pedagogar, men det første året var dei spesielt dyktige.

 

  • Les førre reportasje: