Vil setje makt bak krava
LUKK

Vil setje makt bak krava

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 14. mai 2014 kl. 09:39

Styresmaktene krev at mest mogleg forsking skal lagrast i opne arkiv.

vil-setje-makt-bak-krava


Master- og hovudoppgåver er mellom dei mest lesne dokumenta i dei opne institusjonsarkiva.Foto: Erik Norrud

Fakta
<

– Vi arbeider med å revidere retningslinene våre for open tilgang, slik at vi kan følgje dette betre opp. Å halde tilbake prosjektmidlar for forsking som ikkje er gjort ope tilgjengeleg, er eit mogleg verkemiddel, seier seniorrådgjevar Rune Rambæk Schjølberg i Forskingsrådet.

Låg fyllingsgrad

Nesten 50 norske institusjonar har opne, digitale arkiv der forskingsartiklar og anna forskingsmateriale kan lagrast permanent. Dei eldste arkiva har eksistert i om lag ti år, men det har vist seg vanskeleg å fylle dei. Høgskulen i Oslo og Akershus er den institusjonen som arkiverer klart flest forskingsartiklar. Det kjem av at artiklar som ikkje blir arkiverte, berre får utteljing for halvparten av opptente publiseringspoeng ved resultatbasert fordeling av midlar.

Slike sanksjonar kan vi snart sjå meir av. Det er blitt vanleg at finansieringskjelder stiller krav om open tilgang til forsking som er produsert med midlane deira. Nyleg kunngjorde det britiske Wellcome Trust og amerikanske National Institutes of Health at dei har halde tilbake prosjektmidlar til forskarar som ikkje har etterlevd kravet om å gjere forskinga ope tilgjengeleg.

– Bruken av dei norske arkiva kjem til å auke fordi krava blir strengare, meiner seniorrådgjevar Lars Wenaas i Cristin, som registrerer informasjon om norsk forskingspublisering, mellom anna som grunnlag for finansiering.

Betre oversikt

Cristin er vert for søketenesta Nora, som haustar materiale frå alle norske institusjonsarkiv og sender data ut til europeiske søkesystem. Når forskarar registrerer forskinga i Cristin, kan dei samstundes laste opp forskingsartikkelen. Han blir send til arkivet ved heimeinstitusjonen til forskaren, som så gjer jobben med å sjekke om artikkelen kan publiserast i arkivet.

– Mange forskarar er ikkje eingong klar over at dei er underlagde krav om å deponere forsking i institusjonsarkiva. Men vi ønskjer i det minste å gjere prosessen så enkel som råd, seier Wenaas.

Cristin-systemet blir utvikla vidare slik at ein kan hente ut betre tal på kor mykje forsking som er deponert i institusjonsarkiva.

– Forskingsrådet ber no institusjonane om å rapportere artiklar gjennom Cristin, med prosjektkode, slik at vi kan trekke ut konkrete artiklar og sjå om dei er, eller kunne ha vore, eigenarkiverte i institusjonsarkivet. Men det er institusjonane som har hovudansvar for å følgje opp eigne forskarar. Vi er ikkje ute etter meir byråkrati, men ønskjer å lage verktøy som lèt institusjonane sjølve følgje opp på ein betre måte, seier Schjølberg i Forskingsrådet.

Billeg arkivering

Institusjonsarkiv er éin veg til open tilgang til forsking, den såkalla «grøne vegen». Ein kan også velje å publisere direkte i eit tidsskrift med open tilgang, den såkalla «gullvegen». I Noreg har styresmaktene lagt vekt på den grøne vegen. Ein del forlag krev at det skal gå ei viss tid frå artikkelen blir publisert til han kan leggjast i arkivet. På den andre sida kan gullvegen føre til meirutgifter i form av forfattaravgift eller at forskarar må kjøpe fri artiklar for å kunne leggje dei i institusjonsarkivet.

– Den grøne vegen er ikkje gratis, fordi det krev infrastruktur, men det er ein enkel og relativt billeg veg til å gjere ideane ope tilgjengelege. Eg brukar å seie at no tek det til å bli farleg å ikkje eigenarkivere forsking. Det kan innebere ein økonomisk risiko for institusjonen etter kvart som til dømes Forskingsrådet og EU følgjer opp sine eigne krav til open tilgang, seier Jan Erik Frantsvåg ved biblioteket til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.

Ikkje berre artiklar

Institusjonsarkiva fyller dessutan ein annan funksjon enn «gullvegen»: Dei tek vare på såkalla «grått materiale», som masteroppgåver, rapportar, tekniske dokument, konferanseinnlegg, datasett og andre forskingsrelaterte produkt som ein ikkje finn andre stader. Slik spelar institusjonsarkivet ei viktig rolle i å ta vare på den intellektuelle historia til institusjonen.

– Og det er den typen materiale som blir mest lese i arkivet vårt. Mitt personlege inntrykk er at det grå materialet har ein stor verdi for ålmenta. Det ligg på eit nivå som fleire kan ta til seg, og blir dermed ein del av universitetet sitt formidlingsoppdrag som ein ikkje skal undervurdere, seier Frantsvåg.