Akademia har fått ein oljemann
LUKK

Akademia har fått ein oljemann

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 4. november 2021 kl. 10:28

Kva vil Senterpartiet med forsking og høgare utdanning?

Det var ikkje mange som hadde tippa det. Men Bjørgulv Braanen, tidlegare Klassekampen-redaktør, var på sporet. I same avis 25. september tenkte kommentatoren høgt om ein mogeleg konstellasjon av Marit Arnstad som kunnskapsminister og Ola Borten Moe som forskings- og høgare utdanningsminister: «Det ville kunne gitt et nytt løft til sektoren, med nye utdanningspolitiske grep, som å løfte yrkesfagene og profesjonsutdanningene, ikke minst i distriktene.» Framlegget om Arnstad slo ikkje til, men det gjorde Borten Moe. Kan han og Senterpartiet løfte sektoren?

Eg har vore i Forskerforum så lenge at eg over tid har sett kva parti som viar dette politikkområdet interesse. Venstre har alltid vore der. Høgre som regel. Arbeidarpartiet til og frå. SV tydeleg til stades. KrF og Frp har òg markert seg med glimrande folk i periodar, som Jon Lilletun (KrF-minister på slutten av 1990-talet) og Arne Sortevik (utdanningspolitisk talsperson i Frp tidleg på 2000-talet). Men Senterpartiet? I ein lang periode: så godt som ingenting.

Dei siste åra har detta endra seg i takt med distriktsbylgja og stikkordet Nesna. Markante Sp-politikarar som nemnde Arnstad, Marit Knutsdatter Strand og den nye barne- og familieministeren Kjersti Toppe er kjende namn i Forskerforum. Medan Toppe lenar seg til venstre og gjerne ville ha med SV i regjeringa, er Borten Moe motstykket.

Han har ei fortid med ein klimapolitikk som ikkje berre er grå, men svart. I 2011 var haldninga at «Klima skal ikke styre oljepolitikken». «Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) slår fast at klimahensyn aldri skal styre åpning av nye oljefelt eller tempoet i oljeutvinningen» (sitert frå Stavanger Aftenblad).

Han tykte klimameldinga frå Solberg-regjeringa i vinter var altfor grøn og lite næringsvenleg, som i dette innlegget på Nordnorsk debatt: «Bort med industri og verdiskaping – i fremtiden skal vi leve av import, avgifter, subsidier og overføringer fra oljefondet. Slik vurderer jeg konsekvensene av klimameldingen Regjeringen nylig la frem.»

Det er uvisst i kva grad han får høve til eller ynskjer å forfylgje denne lina i den nye rolla, men dei politiske spørsmåla kring petroleum og klima gjer seg i høgste grad gjeldande i denne sektoren òg.

Til dømes har desse problemstillingane vekt debatt dei siste åra: Er forsking som skal tene til meir petroleumsutvinning uetisk? Skal universiteta investere i fossil energi? Kor stort CO2-avtrykk kan forskarar tillate seg å ha, og kor strenge skal klimaretningslinene til universiteta vere?

Utan å nemne noko tidsperspektiv viste Borten Moe iallfall ei slags prinsipiell innstilling då han fekk overlevert nøklane til statsrådskontoret: «Jeg tror at olje og gass blir erstattet fordi vi har funnet på noe annet.

De løsningene ligger i forskningen.» Han har i det heile starta det nye virket audmjukt og korrekt. «Det er ikkje min jobb å fortelje kva forskarane skal gjere», sa han då han fekk nøklane til statsrådskontoret.

Kommentator Braanen nemnde profesjonsfag og distrikta som stikkord for kva preg Senterpartiet kan gje politikken for forsking og høgare utdanning. Sp har messa så mykje om desentralisert utdanning at lagkamerat Arbeidarpartiet har kjent seg tvinga til å ta opp konkurransen: Kva parti vil best ta heile landet i bruk?

Når desse to no har vorte lagkameratar, kan dei ikkje nøye seg med ei attreising av symboltunge Nesna. Regjeringserklæringa lovar ei reform for desentralisert utdanning.

Medan Borten Moe ventar på teknologien som erstattar oljen: Kva saker vil han møte? Eg kan garantere at det vert ein del av dei vanlege: alle dei mellombelse tilsettingane, kampen for meir forskingstid, og i det heile at forsking og høgare utdanning vert ein meir freistande karriereveg.

Og for å vere endå meir akutte her: Solberg-regjeringa etterlet seg eit siste statsbudsjett der universitet og høgskular får ein vekst på 1,5 prosent, medan budsjettet generelt aukar med 2,3 prosent. Vi får vone at tungvektaren og nestleiaren Borten Moe har internt gjennomslag i regjeringa til at dette ikkje vert melodien.

  • Les vårt intervju med Ola Borten Moe: