Åremål – eitt av fleire tenlege verkemiddel
LUKK

Kunstneriske åremål:

Åremål – eitt av fleire tenlege verkemiddel

Av Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole

Publisert 8. november 2023 kl. 16:36

I eit nyleg intervju blir professor Live Maria Roggen ved Noregs musikkhøgskole (NMH) sitert slik: «Jeg klarer faktisk ikke å forstå hvorfor man ikke skal ha fast ansatte». Rektor på NMH svarar her på kritikken.

Ut frå tittelen kan ein her få inntrykk av vi ikkje tilset i faste stillingar på Musikkhøgskolen. Det stemmer sjølvsagt ikkje, heller ikkje når vi ser på dei som er tilsett på såkalla kunstnarisk grunnlag, der lova tillèt å tilsetje på åremål «når skapende eller utøvende kunstnerisk kompetanse inngår som et vesentlig element i kompetansekravet».

Berre om lag 15 % av årsverka av totaltalet på fagleg tilsette ved NMH er tilsett på grunnlag av lovheimelen om åremål. Av dei som er tilsett på kunstnarisk grunnlag i dag, er om lag 30 % av årsverka på åremål og om lag 70 % er faste. Vi tel her ikkje med toarstilllingar, 20% eller mindre, eller rekrutteringsstillingar.

Andelen på åremål har gått ned dei sist åra, frå om lag 40 % i 2020 til 30 % i 2023, og vil framleis gå ned i åra framover, mellom anna på grunn av vedtak som styret ved NMH har gjort for fleire år sidan.

Som leiarar ved Musikkhøgskolen opplever vi jamleg fordelar og ulemper med fast tilsetjing versus åremål – menneskelege, faglege og økonomiske eller organisatoriske. Biletet er komplekst, og tilsetjingsform blir òg vurdert i samråd med fagmiljøa i kvart tilfelle, når nye stillingar blir lyste ut.

Stramma inn i 2019

Det er riktig at det i ein periode stort sett blei tilsett overvegande på åremål på kunstnarisk grunnlag. Dette hadde – og har framleis – problematiske sider, som òg låg til grunn då styret for NMH i 2019 vedtok innstrammingar. Normalregelen blei då at fulle stillingar skal vere faste, mens deltidsstillingar skal eller kan vere på åremål. Styret uttrykte òg ein ambisjon om fleire fulle stillingar og færre deltidsstillingar. Same kva er det er opning for andre løysingar, når det er gode grunnar for det.

No skal lova opp til vurdering, og rektoratet ved NMH meiner at det framleis bør vere høve til å tilsetje i åremål når kunstnariske og pedagogiske omsyn taler for det.

Studentane og åremål

I si tid var det ikkje minste studentstemmene som talte for høvet til å bruke åremål, ut frå eit ønske om at lærarane ved NMH skulle ha tett og dynamisk kontakt med det utøvande kunstfeltet, og at skolen også slik skulle fornye seg. Det finst mange moglege strategiar for å få til ein slik dynamikk, slik Roggen peikar på.

Avgrensa bruk av åremål er tenleg

Men vi meiner framleis at bruk av åremål i eit visst omfang – primært i mindre stillingar – er eitt av fleire tenlege verkemiddel for å sikre at vi tilbyr relevant og levande kunstutdanning også i tida som kjem.

  • Les også: