Ei innvending mot folkeforsking går stadig igjen
LUKK

Folkeforsking:

Ei innvending mot folkeforsking går stadig igjen

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 2. mars 2023 kl. 12:44

Folkeforsking og brukarinvolvering tek stadig meir plass i forskingspolitikken. Men kva med kvaliteten?

– Det er litt morosamt at ein ønskjer seg meir folkeleg involvering, men trenden mot meir folkeforsking er veldig toppstyrt, seier Scott Bremer, som er forskar ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen (UiB).

– Signala kjem frå EU og Forskingsrådet ned til rektoratet. Men dei fleste forskarar er ikkje trente i dette. Forskarutdanninga går ut på å skrive ei avhandling om eit spesialisert emne frå eitt perspektiv. Å skulle endre arbeidsmåte til meir openheit og medverknad er difor ikkje noko alle har lyst, høve eller ekspertise til å gjere, meiner han.

Gratis data

I førre utgåve av Forskerforum skreiv vi om korleis frivillige i Bergen har bygd eigne vêrsensorar og utplassert dei i eit nettverk der målingane blir tilgjengelege for analyse, alt ved hjelp av open programvare og enkle, billege komponentar. Nettverket, kalla «Mål byen din», kom i gang for nokre år sidan på initiativ frå Bremer og andre forskarar ved UiB, men ville ikkje ha blitt realisert utan eit samarbeid med eit etablert folkeforskingsprosjekt i den nederlandske byen Amersfoort.

Vanlege folks tur
Les også:
Vanlege folks tur
– I folkeforskingsprosjekt er det viktig å tenkje over om målet er å skaffe forskingsdata eller å drive folkeopplysing, seier Scott Bremer. Foto: privat

Vêrstasjonsnettverket i Bergen og Amersfoort er unikt på den måten at det er deltakarane sjølve, ikkje universitetsforskarane, som styrer prosjektet, byggjer og held ved like måleinstrumenta og bestemmer forskingsspørsmåla.

– Når EU og Forskingsrådet snakkar om folkeforsking, handlar det meir om datainnsamling: Kan ein ha ein liten hær av vanlege folk som samlar inn data gratis, så er det bra, seier Bremer.

Samstundes heng tanken om folkeforsking saman med ei mengd ulike forskingspolitiske initiativ som har kome dei siste åra, slik som «responsible research and innovation» og open forsking.

– På den kyniske sida kan ein sjå på folkeforsking som gratis informasjon, men på den mindre kyniske sida botnar det i ein ide om at folk må ha høve til å forstå det forskarar gjer, og delta i det, seier Bremer.

Fryktar for kvaliteten

Når folkeforsking blir diskutert, er det éi innvending som går igjen: Kva med kvaliteten?

Diana Wildschut, ein av initiativtakarane i Amersfoort, har publisert ein artikkel om erfaringane derifrå. Der skildrar ho korleis folkeforskarane i starten hadde store problem med å bli tekne alvorleg då dei kontakta meteorologar for å få råd om korleis dei kunne kalibrere og montere sensorane sine. Den typiske reaksjonen var «vi kan ikkje ha folk springande rundt med sensorar og tru at dei driv forsking», ei førestilling dei har møtt på jamleg sidan starten.

– Men vi prøver å forklare at dersom ein folkeforskar publiserer dokumentasjonen sin, bør det vere mogleg for å andre forskarar å sjekke kvaliteten på målingane, seier Wildschut.

Ho peikar på at dersom ein institusjon vil utplassere dyrt og nøyaktig måleutstyr, kan dei truleg berre gjere det nokre få stader.

– Femti mindre nøyaktige sensorar gjev betre dekning. Mange billege sensorar på mange stader kan gje høgare kvalitet for nokre typar forskingsspørsmål enn to–tre nøyaktige målingar på feil stad, seier ho.

Munnleg fagfellevurdering

Scott Bremer har vore involvert i fleire folkeforskingsprosjekt, mellom anna eitt om lokale konsekvensar av klimaendringar i Bangladesh der folkeforskarar samla meteorologiske og andre typar målingar.

– Med jamne mellomrom sette vi oss ned for å snakke om resultata. Kvifor hadde ein målt femti millimeter nedbør om dagen i monsuntida medan ein annan hadde målt sytti millimeter? Vi snakka om korleis store lokale variasjonar kunne oppstå, men det var også ein måte å kvalitetssikre målingane på, ei slags fagfellevurdering. Kanskje hadde ein av dei gløymt å tømme regnmålaren dagen før, seier han.

Line Barkved er forskar ved Norsk institutt for vannforskning (NIVA). For eit par år sidan leia ho ei kartlegging av potensialet for bruk av folkeforsking i vassforvaltinga, på oppdrag for Miljødirektoratet. Også her var uro for kvaliteten eit gjennomgåande tema. I rapporten blir ein av respondentane sitert på at «[å] kalle det folkeforskning devaluerer forskningsbegrepet! […] I en del sammenhenger ser jeg at påstander fra publikum blir stående som fakta, fordi ingen har tid og ressurser til å ettergå disse».

– Eg opplever at folkeforsking er noko som har mykje potensial, men som manglar litt konkrete døme på korleis det kan gjerast, og kva det er eigna og ikkje eigna til, seier ho.

– Folkeforsking løyser ikkje nødvendigvis problem med manglande data dersom det som blir samla inn, ikkje har den kvaliteten det bør ha. Men dette handlar om å velje rett metode til rett føremål og å kombinere det med andre metodar.

– Ein blir utfordra på å forklare forskinga på ein måte som kan forståast av andre, og det er veldig sunt for forskarar, seier Line Barkved. Foto: privat

Ikkje nok at det er moro

NIVA og Miljødirektoratet har seinare følgt opp kartlegginga med eit pilotprosjekt, der vanlege folk blir inviterte til å melde inn vandringshinder for fisk i vassdrag ved hjelp av ein app på mobiltelefonen. Dette er ein del av eit stort europeisk prosjekt, og appen var allereie utvikla, men måtte omsetjast til norsk.

– Det er veldig viktig å få verktøyet på det lokale språket, men akkurat kva som var gode ord å bruke, var ikkje heilt enkelt. Ein blir utfordra på å forklare forskinga på ein måte som kan forståast av andre, og det er veldig sunt for forskarar, seier Barkved.

Pilotprosjektet har gjeve ein del erfaring med korleis ein kan engasjere folk i datainnsamling, og kva som skal til for å halde eit slikt prosjekt gåande.

– Informasjonskampanjen viste at mange var interesserte i temaet, men derifrå til å laste ned appen og ta han i bruk er eit langt steg, seier ho.

Denne kulverten i Ljanselva i Oslo er eit vandringshinder for fisk som er kartlagt. Foto: Johnny Håll / NIVA

Ein annan lærdom er at det er svært viktig å formidle korleis informasjonen deltakarane skaffar, blir brukt.

– Det er mykje snakk om at folkeforsking må vere moro og engasjerande, og det er eg samd i, men ein må også ta på alvor at dei som gjev av si tid og sin kunnskap, vil bidra til noko som er seriøst. Det er ikkje sikkert at dine observasjonar gjer at eit vandringshinder blir fjerna – nokre av dei har jo eit føremål – men du skal vite at det du har gjort, er blitt skikkeleg vurdert, og at det kan finnast igjen seinare, fortel Line Barkved.

Kartlegg folkeforsking i Noreg

I april legg Forskingsrådet fram ei kartlegging av folkeforsking i Noreg, som kan bøte på mangelen på konkrete døme. Kartlegginga er gjord gjennom Nasjonalt nettverk for folkeforsking, ei laus samanslutning av interesserte aktørar som har eksistert i halvtanna år, og som Forskingsrådet koordinerer.

– Der er det forskarar, kommunar og fylkeskommunar, museum og organisasjonar. Vi har lagt oss på ein lågterskeldefinisjon av folkeforsking: Om ein rekrutterer frivillige til å levere data av god kvalitet, eller analysere data, så er det folkeforsking, seier spesialrådgjevar Thomas Evensen i Forskingsrådet.

– Med rapporten som kjem i vår, føler vi at vi kan bidra med noko substansielt på dette området. Spesielt er det interessant kva som skjer innanfor samfunnsvitskap og humaniora og i musea. Folkeforsking har alltid vore dominert av naturvitskap.

I Forskingsrådet sin «policy for open forsking» er folkeforsking eit element. I nettverket kan dei som er interesserte, diskutere og lære av kvarandre.

– Vi har lagt ute nokre råd om korleis ein kan kome i gang med folkeforskingsprosjekt. Førebels er det det som er den største utfordringa, seier Evensen.

  • Les også: