Er du oppteken av å ha mykje fritid? Då er nok dette ikkje yrket for deg.
LUKK
Annonse
Annonse

Er du oppteken av å ha mykje fritid? Då er nok dette ikkje yrket for deg.

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 5. februar 2021 kl. 14:57

Leiar: Det meste av «fritida» gjekk allereie til å jobbe. Så kom det endå meir jobbing.

«Jeg har jobbet til klokken åtte hver kveld de siste to ukene. Hvorfor må jeg jobbe så mye?» Korona er kjipt, men når vi kommer tilbake til en mer normal arbeidshverdag, så endrer ikke det hvor mye jeg må jobbe», seier Mariel Aguilar Støen, professor ved Universitetet i Oslo til Forskerforum.

I januar la Forskerforbundet fram ei omfattande undersøking om arbeidssituasjonen ved universitet og høgskular under pandemien. Aguliar-Støen, som er sitert i ei sak i papirutgåva til Forskerforum, er nok ikkje aleine om ei slik vurdering: Undersøkinga avdekkjer og talfestar store endringar i arbeidssituasjonen til dei fleste, men er like mykje ein nådelaus dokumentasjon om normaltilstanden – om ein kan kalle det. For svært mange arbeider meir enn normalt i utgangspunktet.

Materialet er stort og breitt: Om lag 5000 personar har svara. Dei er fordelte på mange slags stillingsgrupper, og alle er medlemmer i forbundet. Dette er blant hovudfunna:

  • Arbeidssituasjonen til over 85 prosent er endra. Fleirtalet trivst ikkje med situasjonen. Halvparten kjenner seg ikkje sett eller  verdsett i særleg grad.
  • Dei tilsette arbeider vanlegvis mykje meir enn ei normal arbeidsveke. Fire av fem arbeider meir enn ynskeleg for å nå opp i konkurransen og på grunn av høgt press.
  • Dei fleste stipendiatar og postdoktorar har vorte forseinka, og få har fått nok forlenging eller ekstra støtte.
  • Vitskapleg tilsette har brukt meir tid på undervising og mindre tid på forsking enn vanleg. To av tre undervisarar meiner dei har brukt uforholdsmessig mykje tid på administrative og tekniske oppgåver knytt til digital undervising. Mykje forskings- og utviklingsarbeid er utsett.
  • Ein del tilsette er uroa for kva pandemien og heimekontorsituasjonen har gjort med helsa og det psykososiale arbeidsmiljøet.
  • Meir makt har gått til leiinga, medan medråderetten til dei tilsette er svekt.

Blant all informasjon i undersøkinga, tykkjer eg funna om arbeidstid slår hardast. At forskarar arbeider mykje, er grundig dokumentert frå før, men denne gjev ny kunnskap om arbeidslivet i akademia etter at kutta gjennom avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-kutt) har fått verke i fleire år.

I førkoronisk tid oppgjev halvparten å arbeide meir enn fem timar utover normal arbeidstid i veka. 80 prosent seier at dei bruker meir tid enn det normerte på dei ulike aktivitetane, til dømes undervising og rettleiing. Ein av respondentane er sitert slik: «Det er ein vits og ein stor urett at vi som må jobbe så mykje meir utover normal arbeidstid, ikkje får kompensert i form av høgare lønn eller overtidsbetaling. Det er heilt meiningslaust at eg skal få plusstid. Når skal eg få tid til å avspasere?»

Ifølgje undersøkinga er det kvinnene som jobbar mest ekstra, og spesielt dei i lektor- eller fyrstelektorstillingar. Attpåtil er dei meir misnøgde med situasjonen enn menn, og under halvparten arbeider meir av eige ynske. Kjønnsskilnadene er omtala som «markante og påtagelige», men undersøkinga er ærleg om at ein ikkje kjenner grunnen.

Skal ein satse på forsking som karriereveg? Dei som starta på eit doktorgradsløp i fjor har truleg fått eit noko fordreidd røynsle- og kunnskapsgrunnlag til å vurdere dette. Dei økonomiske og tidsmessige problema pandemien har forårsaka har Forskerforum omtalt i mange saker: No som eg er sterkt forseinka – får eg utvida stipendperioden? Ein av respondentane skriv: «I have been filling out many surveys. Nothing has helped or changed. I still didn’t get an extension and I am behind of my project.»

Då Forskerforbundet la fram undersøkinga gjennom eit digitalt seminar, hadde Margareth Hagen, den nye rektoren ved Universitetet i Bergen, mange interessante kommentarar om stipendiatane. Pandemien har opplagt gått ut over feltarbeid og datainnsamling, og forskingsopphald i utlandet har det vorte nesten slutt på. Dermed har nettverket utanfor eigen institusjon vorte svekka. Vidare har situasjonen med heimekontor gått ut over dei lange, faglege samtalane på eigen arbeidsstad. I det heile har det då vorte vanskelegare å vurdere om akademia er den rette karrierevegen. Eg trur likevel det er éin ting rekruttane kan vere nokså trygge på: Er du oppteken av å ha mykje fritid? Då er nok dette ikkje yrket for deg.

  • Les også: