Er forskarar vanlege folk?
LUKK

Er forskarar vanlege folk?

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum

Publisert 8. september 2021 kl. 09:10

Sjølv åndsmenneske er ikkje heva over materielle tilstander, skriv redaktør Kjetil A. Brottveit.

No er det vanlege folks tur, seier Ap, og har med det etablert eitt av kjernepunkta i valkampen. Er forskarar vanlege folk? Dei er ikkje så mange at det er viktig for partia å fri til dei. Det beste forskarane kan vone på har som regel vore å klatre på agendaen ved å verte samanvovne med større grupper og strøymingar. I år skjer dette på fleire måtar.

Fyrste stikkord er Nesna. Senterpartiet var motstandar av strukturreforma, som låg til grunn for samanslåing av mange universitet og høgskular og nedlegging av studiestader. Derfor er det konsistent når Trygve Slagstad Vedum lovar å attreise Nesna som studiestad. Etter den upopulære nedlegginga, vrei politikarar frå Frp til SV seg i stolane og ymta om omkamp. Ap, som grovt sagt tapa Nord-Noreg til Sp ved lokalvalet i 2019, har teke opp kampen om distriktsrøystene. Dei vil no ha ei reform for desentralisert utdanning og «utdanningssenter» der det er langt til næraste høgare lærestad.

Andre stikkord er tillitsreform. Hovudsaka i forrige blad er via til om det politikarane snakkar om verkeleg er i kontakt med forskarrøyndomen. Forskerforbundet og breie delar av fagrørsla har teke til orde for ei «tillitsreform» i offentleg sektor der nokre av stikkorda er mindre skjemavelde og rapportering og meir tillit til faglegheiten til den tilsette. Ap, SV, Sp, MDG og Raudt samlast om dette, og ved ein mogeleg valsiger lovar eg at dei skal få påminningar om den påståtte viljen til å lite meir på dei tilsette.

Tredje stikkord er klima, som i år har vorte sentralt i valkampen. Dersom det var opp til medlemmene i Forskerforbundet, ville parti som set klimasaka høgt fått svært stor oppslutnad. I ei spørjeundersøking Forskerforbundet stod bak i 2017, støtta 7,5 prosent Venstre og 8,2 prosent MDG. Stortinget ville elles ha vorte overveldande raudgrønt. MDG, SV og Raudt ville til saman ha fått 32,7 prosent og Ap 34,6 prosent.

Redaktør Kjetil A. Brottveit

Johannes Bergh er valforskar ved Institutt for samfunnsforsking. I eit intervju forklårar han venstresidedominansen blant forskarar og andre høgt utdanna med at dei er opptekne av dei «nye» politiske sakene som klima, innvandring og rettar for homofile. «De er kanskje mindre opptatt av det vi kaller materielle politiske saker, som går på den klassiske høyre-venstre aksen i politikken, som var mer tilstedeværende før.» Eg vil tru Bergh har god dekning for dette, men vil ta med at venstresidepartia òg har økonomisk utjamning høgt på lista over saker dei går til val på. I ei Klassekampen-sak 18. august sa MDG-leiar Une Bastholm: «Alle vi tre partia (MDG, SV og Raudt, red.anm.) er jo samde om å drive ein omfordelande politikk gjennom auka skattar, og vi er også einige i mykje av miljø- og klimapolitikken.» At åndsmenneske liksom andre er omfatta av økonomiske realitetar, har vi fleire døme på i dette bladet: Kvifor er det så stor skilnad på professorløningane? Kvifor ligg høgtutdanna museumstilsette så langt under skuleverket i løn?

Eg vil samtidig innlemme klimasaka i det materielle. Skog brenn opp. Vatnet borar seg ned i jorda og lagar nye vegar. Med den siste rapporten til FNs klimapanel, er fagkunnskapen om alvoret i klimaendringane sikrare enn nokon gong. Legg forskarar stor vekt på kunnskapsbasert politikk når dei røystar? Her er ikkje valforskar Bergh så sikker, men seier at «mange forskere er opptatt av klima og miljø og er tilhengere av klimatiltak i tråd med det forskningen sier. Sånn sett kan det hende de stemmer etter etablert kunnskap på feltet.»

Kunnskapssektoren kjem uansett til å brytast med klimapørsmål heftigare enn før. Dei som jobbar der kan til og med gå i bresjen. Medan eg skriv dette, har Forskerforum.no publisert ei sak om den nye klima- og miljøstrategien til Universitetet i Oslo. «Hvis universitetene skal være spydspisser i den grønne overgangen, tar det seg dårlig ut om en bidrar til å forlenge oljealderen. En bør ikke være med på å forlenge en åpenbart ikke bærekraftig industri», seier biologiprofessor Dag O. Hessen, som sit i arbeidsgruppa bak det nye strategiframlegget. Det tener forskarsamfunnet til ære å møte klimasaka med alvoret og kunnskapen ho fortener.

Ha godt val!

  • Les også: