– Museet vil ha dei dyktigaste hovuda, men leiinga er ikkje villig til å betale for det, seier tillitsvald ved Teknisk museum
LUKK

– Museet vil ha dei dyktigaste hovuda, men leiinga er ikkje villig til å betale for det, seier tillitsvald ved Teknisk museum

Av Johanne Landsverk

Publisert 21. juni 2021 kl. 07:53

Mange høgt utdanna museumstilsette må ta til takke med låg lønn, viser lønnsstatistikken til Forskerforbundet.

– Museet vil ha dei dyktigaste hovuda, men leiinga er ikkje villig til å betale for det, seier Safina de Klerk. Ho er prosjektleiar for Talentsenter i realfag ved Norsk Teknisk museum og lokal tillitsvald for Forskerforbundet.

De Klerk seier det er store skilnader på lønnsnivået for tilsette ved museet, også for dei med lang utdanning.

– Vi ser ein stor auke av søkjarar med mastergrad til museet. Mange får stillingar der det ikkje er krav om så høg utdanning, og då blir dei lønna etter type stilling dei er tilsett i, ikkje etter utdanning, seier ho.

I følgje «Lønnsstastikk for ikke-statlig sektor», som er utarbeidd av Forskerforbundet, er ikkje lønna til museumstilsette mykje å skryte av. Trass i lang utdanning var gjennomsnittslønna for konservatorar 578 430 kroner og for kuratorar 589 717 kroner ved årsskiftet 2020/2021.

Endå dårlegare stilt er formidlarar og museumspedagogar, trass i at mange av dei har like høg fagutdanning som konservatorane. Mange museumspedagogar har ei inntekt på under 509 000, medan snittlønna ligg på i overkant av 519 000 kroner, viser statistikken som er laga på bakgrunn av spørjeundersøking blant medlemmene i Forskerforbundet (sjå faktaboks).

Ifølgje statistikken tener ikkje museumspedagogar med utdanning av høgare grad nødvendigvis meir enn dei som har utdanning av lågare grad, dei kan heller tene mindre.

Fakta
Gjennomsnittslønn museumsrelaterte stillingar:
Kurator: 589 717
Konservator: 578 430
Formidlingsleiar/formidlar: 523 942
Museumspedagog/lektor: 519 190
Museumskonsulent: 472 204

Snittlønn etter tariffområde/sektor
Konservator:
Oslo kommune 615 269
Spekter 575 263
Virke museum 561 856

Museumspedagog :
Oslo kommune 538 195
Virke museum 508 744

Snittlønn etter utdanningsgrad:
Konservator:
Doktorgrad 648 333
Høgare grad 577 540
Lågare grad 568 428

Museumspedagog:
Høgare grad 516 128
Lågare grad 520 372

Datagrunnlag:
Konservator: (15 museum og ein fylkeskommune): 126
Museumspedagog: (fire museum): 30
Kjelde: Forskerforbundet: Lønnsstatistikk for ikke-statlig sektor (NHO/Abelia, Virke, Spekter, KS, Oslo kommune, KA) Tal per 31.12 2020

Ville fått nærare 150 000 meir i skulen

– Det er ganske fortvilande at lønna i museumssektoren ligg så langt etter andre i samfunnet, seier Helga Anspach. Foto: Paul S. Amundsen

Helga Anspach, som er formidlar ved Kode kunstmuseum og komponisthjem i Bergen, fortel at lønna hennar ligg på gjennomsnittet for museumspedagogar (sjå faktaboks).

– Eg er utdanna lærar med hovudfag i kunsthistorie og har 20 års ansiennitet. Som lektor med opprykk og full ansiennitet i Bergen kommune, ville eg nok hatt nærare 150 000 meir i lønn. Det er ganske fortvilande at lønna i museumssektoren ligg så langt etter andre i samfunnet, seier Anspach.

Ifølgje den lokale lønnstabellen over Bergen kommune frå 1. september 2020, vil nemleg ein lektor med tillegg og 16 års ansiennitet få ei årslønn ved tilsetjing på 664 900 kroner.

– Ein kan jo lure på kvifor eg framleis jobbar her. Men eg har eit brennande engasjement for faget mitt, kommenterer Anspach.

Trur mange godtek låg løn

Hovudtillitsvald Maria Tripodianos i Forskerforbundet ved Kode seier lønnsnivået til museumstilsette generelt er lågt.

– Som vi ser av statistikken, som ikkje er ukjend for oss, ligg både formidlarar og konservatorar etter tilsette i offentleg sektor, trass i lang utdanning. Nokre av konservatorane ved Kode har også doktorgrad. Eg har jobba i museum i tretten år, og eg trur kanskje at mange godtek låg lønn, fordi dei elskar jobben sin og er dedikerte til faget. Svært mange kunsthistorikarar og kunstnarar søkjer seg til desse jobbane, så ein veit at konkurransen er stor, seier Tripodianos.

– Formidling ikkje like høgt verdsett

Safina de Klerk meiner formidlarane ved Teknisk museum har lågare status.  

– Hadde eg takka ja til eit jobbtilbod i Oslo-skulen, villle eg fått ein markant lønnsauke, seier Safina de Klerk. Foto: Norsk Teknisk museum

– Etter å ha jobba ved museet i fem år, ser eg at formidlinga ved museet ikkje blir verdsett like mykje som kurator- og konservatorarbeidet. Det kan sjå ut som at det å jobbe med gjenstandane har mykje større verdi enn å formilde historier om dei. Då blir det lett eit A-lag og eit B-lag i museet, både når det gjeld lønn, status og vilkår, seier de Klerk.

Ho seier formidlarar og pedagogar ofte ikkje er konkurransedyktige ved tilsetjingar samanlikna med andre grupper.

– Og har du først takka ja til låg lønn ved tilsetjingspunktet, blir det eit etterslep som er svært vanskeleg å ta igjen seinare. Vi har jo lokale forhandlingar, men det er vanskelegare å få opp rettleiarar og pedagogar enn å få opp kuratorar, seier de Klerk.

Sjølv begynte ho som prosjektmedarbeidar ved museet.

– I starten hadde eg ei årslønn på 420 000 kroner, endå eg har to bachelorgradar og studiepoeng innanfor prosjektleiing. Etter to år vart eg prosjektleiar, og eg har etter fem år gått vesentleg opp i lønn, men først etter beinharde forhandlingar. Lønna mi er ikkje i nærleiken av gjennomsnittet for prosjektleiarar i Oslo kommune, slik det kjem fram i lønnsstatistikken til Forskerforbundet.

Også de Klerk seier ho hadde fått betre vilkår i skuleverket.

– Om eg hadde takka ja til eit jobbtilbod i Oslo-skulen som eg fekk i april 2020, hadde eg fått ein markant lønnsauke, seier ho.   

– Vi har ikkje eit A- og eit B-lag

Direktør Frode Meinich ved Teknisk museum er einig i at nokre av dei som blir tilsett, kan vere overkvalifiserte.

– Eit stort museum har mange ulike yrkesgrupper, og då blir det ulike lønnsnivå, seier direktør Frode Meinich. Foto: Håkon Bergseth/Teknisk museum

– Men eg kjenner meg ikkje igjen i påstanden om at leiinga ikkje vil betale for høg utdanning. Den som blir tilsett, blir i utgangspunktet lønna etter den stillinga som er utlyst. Om ei stilling som rettleiar eller formidlar stiller krav om bachelorutdanning og den som får jobben har masterutdanning, kan vi ikkje nødvendigvis lønne vedkomande høgare enn ein kollega med bachelor som gjer akkurat same jobben, seier Meinich.

– Og vi har ikkje eit A- og eit B-lag hjå oss, presiserer direktøren.

– Her er alle like høgt verdsett. Eit stort museum har mange ulike yrkesgrupper, og då blir det ulike lønnsnivå. Slik er det i alle større bedrifter og verksemder.

Ifølgje Meinich er også lønnsforhandlingane ved tilsetjing svært avgjerande. 

– Vi har eit lønnssystem som er forhandla fram med fagforeiningane. Men utfordringa, og dette gjeld ikkje berre musea, er at nytilsette ofte vil få høg lønn samanlikna med ein som kan ha jobba lenge. Ved rekruttering til ein del stillingar må vi konkurrere i ein tøff marknad. Då kan nytilsette med kort ansiennitet bli plasserte høgare opp, og dette kan nok opplevast som urettferdig, seier han.

– Stor lønnsforskjell mellom yrkesgrupper

Ved Munchmuseet vart tretten medlemer i Forskerforbundet nyleg tekne ut i streik.

– Vi streika for høgare lønn og styrking av fagstillingar, men også i solidaritet med bibliotekarar, lærarar og andre i Oslo kommune, seier hovudtillitsvald Trine Otte Bak Nielsen. Ho jobbar som kurator ved museet.

– Mange av kunsthistorikarane tener dårleg, sjølv om ikkje alle ligg like lågt, seier Trine Otte Bak Nielsen ved Munchmuseet. Foto: Munchmuseet

Ho seier lønnsnivået blant dei tilsette varierer sterkt.

– Mange av kunsthistorikarane tener dårleg, sjølv om ikkje alle ligg like lågt. Men ved Munchmuseet er det store lønnsforskjellar mellom yrkesgrupper. Folk som er vane med høg lønn frå privat sektor, kan få mykje høgare lønn ved tilsetjing, sjølv om dei har mindre utdanning og mindre relevant erfaring i antal år, seier ho.

– Det kan dessverre sjå ut som det er ei vanleg haldning at vi som er kunsthistorikarar skal vere takknemlege for å ha fått ein jobb!

Lønnsnivået må opp!

Leiar Guro Elisabeth Lind i Forskerforbundet seier det er krevjande å løfte lønna til museumstilsette.  

– Lønnsnivået for museumstilsette må opp! Dette er noko Forskerforbundet jobbar aktivt med, både sentralt og lokalt, men det er, slik statistikken viser, fortsatt ein lang veg å gå. Det er svært krevjande å løfte lønnsnivået i museumssektoren, og det er få verkemiddel på sentralt nivå utover å auke ramma til lokale forhandlingar, uttaler Lind.

Ho seier det blir ei hovudsak for Forskerforbundet framover å synliggjere behovet for auka lønn overfor lokale arbeidsgjevarar, samt å arbeide for at meirarbeid og overtid blir kompensert.

– Her er det viktig at vi fremmar krav når det er lokale forhandlingar. Dette vil også bidra til at lønnsspørsmålet kjem høgare på dagsorden hjå leiinga i musea.

– Mange med lang utdanning får stillingar som eigentleg ikkje krev så høg utdanning. Dei blir lønna etter stilling, ikkje etter utdanning. Så korleis kan lønnsnivået i musea bli betre?

– Det at jobbane ved musea generelt er populære, og at det dermed ikkje er rekrutteringsutfordringar, gjer dessverre ikkje arbeidet enklare, seier Lind.

– Når det er sagt, er lønn eit arbeidsgjevaransvar og arbeidsgjevar har alle moglegheiter til å gje dei tilsette ei anstendig lønn. Her har arbeidsgjevarane ein jobb å gjere! Det er også viktig å nytte forhandlingar på særleg grunnlag for å få til ei lønnsutvikling utover dei sentrale oppgjera for tilsette ved musea.  

– Ein museumspedagog seier ho kunne tent nærare 150 000 meir i skuleverket. Skal det vere slik?

– Nei. Kompetanse skal lønne seg og lønnsnivåa for museumstilsette må løftast. For arbeidsplassar der ein ser at enkelte grupper heng etter, inkludert museumspedagogane, bør arbeidsgjevar prioritere desse gruppene i eventuelle lokale lønnsforhandlingar til hausten, seier ho.

  • Les også: