Nyheter | Arbeidstid

Publisert 21. november 2025 kl. 09:54
Nok ein gong viser tidsbrukundersøkinga mellom vitskapleg tilsette ved norske universitet og høgskular at dei jobbar langt utover ei normal arbeidsveke (som er på 37,5 timar i fall det trengst ei påminning), og at kveldar, helger og feriar går med til å få utført all den forskinga ein ikkje rekk i løpet av arbeidsdagen. Gladmeldinga er at dei likevel jobbar mindre enn førre gong tidsbruken var undersøkt. Det var nemleg under koronapandemien, då allereie overarbeidde forskarar og undervisarar la inn eit ekstra gir for å leggje til rette for digital undervising og alle andre utfordringar som måtte handterast på sparket.
Tidsbrukundersøkinga blir gjort kvart femte år, og i årets rapport har SSB-forskarane som har stått for undersøkinga, samanlikna dei tre siste undersøkingane, utført i 2016, 2021 og altså no i år. Resultata viser at, med unnatak for tilsette i lektorstillingar, er gjennomsnittleg arbeidstid litt lågare i 2025 enn i 2016. Men det er uvisst om dette er ein reell nedgang.
– I år har vi endra litt på rettleiinga og gjort det tydeleg at undersøkinga gjeld tid brukt på arbeidet i hovudstillinga, ikkje bistillingar og eksterne engasjement, seier seniorrådgjevar i SSB, Kaja Wendt.
Ser ein vekk frå dekanane og instituttleiarane, som jobbar mest av alle, er det professorane som jobbar mest og har gjort det i alle undersøkingane: Nærare 47 timar i veka om dei er kvinner, 46 timar om dei er menn. Kvinner arbeider meir enn menn i alle stillingskategoriar bortsett frå førsteamanuensis, stipendiat og postdoktor.
– Men fordi det er såpass mange i desse kategoriane, blir totalresultatet at menn i gjennomsnitt jobbar 0,6 timar meir i veka enn kvinner, og kjønnsforskjellen har auka sidan førre undersøking, då han var på 0,3 timar, seier Wendt.
Kjønnsforskjellar heng gjerne (også) saman med faktorar utanfor arbeidslivet. I år har forskarane for første gong kopla opplysingar om heimebuande barn i undersøkinga. Ikkje overraskande jobbar tilsette med ansvar for barn, mindre enn tilsette utan. For kvinner er skilnaden 1,7 timar i veka, for menn 1,1 time. Aller mest jobbar utanlandske, barnlause menn. Dette kan vere med på å forklare at mannlege stipendiatar og postdoktorar i gjennomsnitt jobbar meir enn kvinnelege, sidan dette er ein karriefase som ofte fell saman med familieetablering.
– Her er det mange faktorar som spelar inn. I dei frie kommentarane var det fleire som nemnde ammefri, og som skreiv om at ein ikkje får jobba så mykje med små barn. Det er jo positivt at det er gjennomførbart å kombinere vitskapleg stilling med barn, seier Wendt.
– Samtidig kan desse funna vere vanskelege å tolke, for kva er eigentleg bra og ikkje bra i ein slik situasjon? For å få svar på det, trengst det kvalitative opplysingar i tillegg.
Det samla inntrykket er likevel at vitskapleg tilsette tykkjer dei jobbar for mykje. Det kjem særleg fram i dei frie kommentarane, der det er få lyspunkt å spore.
– Det er sikkert typisk at det er dei som har noko å klage over, som nyttar kommentarfeltet, men folk meiner heilt tydeleg at ting ikkje burde vere som dei er. Dei snakkar om å forske på kveldane, i helgar og i feriar medan arbeidstida går med til undervising og administrasjon. Dei skriv om eit heilt, langt arbeidsliv med kveldsjobbing fire dagar i veka, kvar veke. Mange snakka om ukultur på arbeidsplassen og leiarar som ikkje grip tak i det. Få skreiv om fridomen i jobben. Det tykkjer eg var leitt å sjå, seier Wendt.
Nestleiar i Forskerforbundet, Hilde Gunn Slottemo, meiner tala som viser kor mykje forskarar jobbar, er dramatiske.
– I tillegg er eg overraska over kor lite professorane forskar, seier ho.
– Det vil jo seie at dei har det så travelt med andre oppgåver at dei ikkje har tid til grundig forsking. Det er urovekkande når ein tenkjer på at politikarane har signalisert at løyvingane skal haldast på 2019-nivå. Mengda arbeidsoppgåver blir jo ikkje mindre. Det er professorane som skal initiere og leie og drive institusjonens forsking framover. Når dei då rapporterer at dei har for lite tid til forsking, kan det svekke det faglege nivået, seier ho.
Slottemo trur også formidlinga lir under det høge arbeidspresset.
– Eg har sjølv drive ein del med formidling, og det var noko eg sat med på kveldstid. Det blir krevjande i lengda.
Forskerforbundet har tidlegare hatt kampanjar med fokus på det høge arbeidspresset i sektoren.
– Tidsbrukundersøkinga tyder på at lite har endra seg. Vi må halde fram med å fokusere på det, og få synleggjort for politikarane at arbeidsoppgåvene ikkje er redusert så det svarar til lågare løyvingar. Dei må vere klar over at det kan koste i form av lågare kvalitet, som vi kanskje ikkje kjem til å merke for fullt før om fleire år.
I år har SSB også for første gong talfesta kor mykje tid forskarar brukar på å søknadsarbeid. Her manglar det tidsseriar, men det er undersøkt éin gong tidlegare, i 2010. Årets tidsbrukundersøking viser at det går med mykje meir tid til søknadsarbeid enn det gjorde i 2010, men det er først og fremst professorar, postdoktorar og tilsette i forskarstilling som skriv mykje søknader. Samtidig oppgjev nær halvparten av respondentane at dei ikkje brukar tid på søknadsarbeid i det heile.
– Eg meiner grunnløyvingane til institusjonane bør vere slik at det er den nysgjerrigheitsdrivne forskinga som er grunnmuren. Dernest bør det vere samsvar mellom tida som blir brukt på søknadsskriving, og sjansen for å få tilslag, seier Slottemo, som meiner det kan vere på tide med ein breiare diskusjon om korleis ein best kan innrette søknadsprosessar.
– Mitt eige hjartebarn er å ha to steg der folk først kan levere ideskisser, og så kan ein derifrå sile ut dei som skal få den store jobben med å lese seg opp på forskingsfronten, skaffe internasjonale partnerar og lage budsjett.
For Forskerforbundet er tidsbrukundersøkingane ei hjelp til å følgje forskarane sine arbeidsforhold over tid.
– Vår jobb er å stadig minne om den langsiktige tenkinga. Det skal ikkje vere slik at våre folk stadig må bruke fritida til å få unna oppgåver, seier Slottemo.
I undersøkinga oppgjev vitskapleg tilsette kor mykje dei jobbar. Svara viser at dei arbeider i snitt meir enn 43 timar i veka. Slik er fordelinga på ulike stillingskategoriar:
Faglig leiar: 46,9 timar.
Professor: 46,3 timar.
Førsteamanuensis: 43,9 timar.
Forskar: 42,2 timar.
Stipendiat: 42,1 timar.
Postdoktor: 42,0 timar.
Forskerforum har gjort eit utval av stillingane som er med i undersøkinga.
(Kilde: Hege Gunnes og Kaja Wendt: Ingen uke er gjennomsnittlig. Tidsbruksundersøkelse for vitenskapelig ansatte ved norske universiteter og høgskoler i 2025. Statistisk sentralbyrå. Rapporter 2025/32.)
I undersøkinga er deltakarane spurt om kor stor andel av arbeidstida dei bruker på ulike oppgåver i løpet av ei arbeidsuke. Her er resultata, fordelt på ulike stillingskategoriar:
Stipendiat: FoU 68 %, Søknadsarbeid 2 %, Fagleg rettleiing 3 %, Undervisning 10 %, Annan administrasjon 5 %, Formidling 3 %, Anna 9 %.
Professor: FoU 29 %, Søknadsarbeid 8 %, Fagleg rettleiing 15 %, Undervisning 28%, Annan administrasjon 14 %, Formidling 4 %, Annet 2 %.
Førsteamanuensis: FoU 24 %, Søknadsarbeid 5 %, Fagleg rettleiing 13 %, Undervisning 38 %, Annan administrasjon 13 %, Formidling 4 %, Anna 3%.
Universitets- og høgskolelektor: FoU 13 %, Søknadsarbeid 1 %, Fagleg rettleiing 6 %, Undervisning 58 %, Annan administrasjon 13 %, Formidling 3 %, Anna 6 %.
Forskerforum har gjort eit utval av stillingane som er med i undersøkinga.
(Kilde: Hege Gunnes og Kaja Wendt: Ingen uke er gjennomsnittlig. Tidsbruksundersøkelse for vitenskapelig ansatte ved norske universiteter og høgskoler i 2025. Statistisk sentralbyrå. Rapporter 2025/32.)