Mange forskarar vil jobbe kveldar og helger, men fagforeinga deira held på normalarbeidsdagen
LUKK

Mange forskarar vil jobbe kveldar og helger, men fagforeinga deira held på normalarbeidsdagen

Av Johanne Landsverk og Aksel Kjær Vidnes

Publisert 28. november 2019 kl. 16:05

– At enkelte forskarar av eige ønske vel å bruke fritida til forsking, vil ikkje forandre politikken vår, seier Forskerforbund-leiar.

Forskerforum har i fleire artiklar skrive om utanlandske forskarar i norsk akademia som jobbar svært mykje. Av dei 50 som har publisert mest i Noreg i perioden 2015‒18, kjem 29 frå utlandet. Fleire av desse har fortalt om eit arbeidsliv med jobbing utover kveldane og i helgene.

Korleis handterer Forskerforbundet at folk jobbar døgnet rundt? Kva skjer med kampen for normalarbeidsdagen?

‒ Lite diskutert

Gry Eva Alterskjær, som er hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved NTNU, seier  det har vore lite diskusjon om arbeidstid ved universitetet knytt til det at ein større del av forskarane kjem frå utlandet.

– Det er ei problemstilling som i liten grad har blitt løfta fram hos oss. I akademia er det stor aksept for at du må jobbe mykje, elles får du ikkje dei resultata du ønskjer deg, eller tid til forsking. Det er ei utbreidd oppfatning at det er slik det er å jobbe i akademia, og at det er noko du vel om du ønskjer ein akademisk karriere, seier ho.

Sjølv meiner ho det er viktig å behalde norske arbeidsvilkår også i eit stadig meir internasjonalt arbeidsmiljø.

– Det handlar om kva slags arbeidsvilkår og arbeidskultur vi ønskjer å ha i Noreg. Viss vi ønskjer å behalde den norske modellen, må vi ta vare på dei gode arbeidsforholda vi har. Det må gå an å finne måtar å møte det på at nokre jobbar veldig mykje, seier Alterskjær.

– Endrar ikkje politikken

Leiar Guro Elisabeth Lind i Forskerforbundet seier det er bra for alle tilsette om reglane i arbeidslivet blir følgde, og det gjeld også forskarar.

– Om det til dømes ikkje blir mogleg å kombinere familieliv med ein forskarkarriere, vil vi miste gode forskartalent. Difor må vi jobbe for at dei pålagde oppgåvene er innanfor rammene av arbeidstidsavtalane. At enkelte forskarar av eige ønske vel å bruke fritida til forsking, vil ikkje forandre politikken vår, seier Lind.

Steinar Vagstad, hovedtillitsvalgt for Forskerforbundet ved UiB.
– Mange av medlemmane våre har lyst til å jobbe både i helgene og på kveldstid.
Steinar Vagstad, styremedlem i Forskerforbundet

Steinar Vagstad, som er styremedlem i Forskerforbundet og hovudtillitsvald i lokallaget ved Universitetet i Bergen, trur ikkje at forskarane nødvendigvis har same haldning som forbundet.

– Dette at ein ikkje skal jobbe så mykje, står nok mykje sterkare i Forskerforbundet enn det gjer ute blant forskarane. Og det har det gjort heile tida. Medan Forskerforbundet meiner ein skal gjere heile jobben innanfor normalarbeidsdagen, har veldig mange av medlemmane våre lyst til å jobbe både i helgene og på kveldstid, seier han.

Vagstad er ikkje så sikker på at det berre er utanlandske forskarar som arbeider mykje i fritida.

– Eg trur dette gjeld mange norske forskarar også. Det eg derimot har indikasjonar på, er at mange tilsette blir pålagde å jobbe svært mykje. Og inntrykket mitt er at utanlandske sjefar, som til dømes forskingsgruppeleiarar, av og til må bli forklart korleis ting heng saman når det gjeld arbeidstid her i Noreg, seier han.

Mange uorganiserte

Heller ikkje hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad i lokallaget ved Universitetet i Oslo (UiO) trur at dei utanlandske nødvendigvis jobbar meir enn andre.

– Det finst ikkje belegg for å seie at norske forskarar ikkje jobbar like mykje, seier ho.

Men ifølgje Skjøstad er det ei utfordring at mange av dei utanlandske ikkje er fagorganiserte.

– Vi har ikkje tal på det, men vi har inntrykk av at det blant dei utanlandske tilsette er ein høgare grad av uorganiserte, og då forsvinn moglegheita vår til medbestemming på deira vegner. Graden av uorganiserte aukar generelt, og dette utfordrar den norske modellen, seier ho.

Skjøstad fortel at tilsette med utanlandsk bakgrunn kan ha jobba ved UiO i fleire år utan å få informasjon om det norske lønnssystemet.

– Om dei ikkje er organiserte, kan dei heller ikkje sende inn lønnskrav. Mange av dei utanlandske kjem frå land der fagforeiningane er politiske. Difor er det viktig å informere om at Forskerforbundet er politisk uavhengig.

– Vanskeleg å rekruttere

Guro Lind seier at lokallaga gjer ein stor jobb med å informere.

– Utanlandske tilsette kan vere vanskelege å rekruttere, fordi mange av dei kjem frå land der det er uvanleg og kanskje også forbode å organisere seg.

Lokallaget ved UiO jobbar mykje med å gjere informasjonen om Forskerforbundet meir tilgjengeleg på engelsk, blant anna på nettsider og i nyheitsbrev.

– Forskerforbundet sentralt held eigne kurs om det å jobbe i Noreg og om det norske trepartssamarbeidet. Og ved UiO følgjer vi opp internasjonale forskarar som tek kontakt og vil vite meir om systemet og det å vere organisert, seier Skjøstad.

  • Les også: