Jakta på saksa
LUKK

Jakta på saksa

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 16. april 2022

Korleis identifisere ei kirurgisk saks som er heilt lik hundre andre kirurgiske sakser, utan å feste ein merkelapp på henne?

Feltrapporten er eit gjensyn frå Forskerforum nr. 7 2021. Korleis arbeidar forskarar, og kva finn dei ut? Feltrapport er Forskerforums faste reportasje frå forskingsmiljø.

Fakta
Tema: innovasjon i helsevesenet
Dei intervjua: prosjektleiar Viviann Torvund Danielsen ved Helse Bergen og administrerande direktør i Retrams, Stein-Asle Øvrebotn
Prosjekt: «Kirurgisk sterilt gjenbruksutstyr – hvor er utstyret?»
Framgangsmåte: offentleg-privat innovasjonspartnarskap
– På eit sjukehus kjem jo desse spørsmåla opp heile tida: Kva for eitt av desse heilt like kirurgiske instrumenta er det som no skal på sørvis? Kan vi vite med sikkerheit at det var akkurat dette instrumentet som vart brukt på denne pasienten? Korleis kan vi vite kva vedlikehaldsstatus dette instrumentet har?

Det fortel Viviann Torvund Danielsen, prosjektleiar i Helse Bergen HF. Ho har leia innovasjonspartnarskapen som – kryss fingrane – vil munne ut i ei teknologisk løysing for å spore kirurgiske gjenbruksinstrument gjennom heile syklusen av bruk, sterilisering og vedlikehald som dannar ramma om dei om lag 26 000 kirurgiske inngrepa som kvart år blir gjort på Haukeland universitetssjukehus. Det kan spare sjukehuset for mykje tid og innsats som i dag går med til å leite etter enkeltinstrument.

– Forskings- og utviklingsavdelinga ved sjukehuset tipsa oss om at Innovasjon Noreg hadde utlyst pengar til innovasjonsprosjekt som vi kunne søke på, seier Viviann Torvund Danielsen. Foto: Paul S. Amundsen

Brikka som manglar

Når ein operasjon blir planlagd, bestiller kirurgen ei pakke med instrument som skal brukast ved den aktuelle operasjonen. Pakka blir registrert når ho kjem til operasjonssalen, og etterpå tel ein at der er like mange instrument som før operasjonen. Så går instrumenta til vask, sortering, sterilisering og lagring før ny bruk. Sjukehuset veit altså kvar instrumentpakkene er i systemet, men ei pakke kan gjerne innehalde fleire like instrument, og korleis kan ein vite at det er dei same instrumenta som ligg oppi pakka ved slutten av reisa, som ved starten? Med jamne mellomrom blir verktøy bytta ut eller sende til vedlikehald, og sjukehuset har så langt ikkje hatt nokon måte for å halde oversikt over kvar enkeltinstrumenta er. Det skulle dei gjerne hatt, for instrumenta blir utsette for store påkjenningar gjennom livet. Høge temperaturar, høgt trykk og tøffe kjemiske prosessar vil slite på dei, og det er viktig å vite kva tilstand dei er i. Med betre oversikt kan ein dessutan unngå at planlagde operasjonar må avbrytast fordi ein ikkje har nok utstyr tilgjengeleg, og ein kan utnytte utstyret betre ved å sende det på utlån mellom avdelingane og mellom sjukehus.

Fagutviklingssjukepleiar Anne-Stine Knudsen (t.v.) og Viviann Torvund Danielsen handterer kirurgisk gjenbruksutstyr på sterilsentralen ved Haukeland universitetssjukehus. Foto: Paul S. Amundsen

– Ein vil ikkje at noko skal brekke under ein operasjon. Og kva om det skulle bli oppdaga ein alvorleg smittsam sjukdom som potensielt kan overleve reinseprosessane, til dømes Creutzfeldt-Jakobs sjukdom? Då må vi vite kva for instrument som vart brukt på pasienten, slik at vi kan ta det ut av sirkulasjon og få det destruert. Så det å kunne identifisere enkeltinstrument er viktig både for planlegging, smittevernomsyn og pasienttryggleik, seier Danielsen.

Djupdykk i innkjøpsreglane

Sjukehuset hadde altså ei klar forståing av problemet, men ikkje noka opplagd løysing. I andre samanhengar nyttar ein gjerne radiofrekvensidentifikasjon (RFID) til sporing og identifisering. Då blir ei lita brikke som kan sende og ta imot radiosignal, festa på objektet ein vil spore. Men det er uaktuelt i dette tilfellet.

– Vi vil identifisere utstyret utan at vi treng å merke det med noko som kan falle av, eller kome i vegen for kirurgen, eller vere ei overflate som mikrobar kan henge seg fast på, seier Danielsen.

Sjukehuset hadde med andre ord eit openbert behov for innovasjon. Så då Innovasjon Noreg lyste ut midlar til «innovasjonspartnarskap», bestemte dei seg for å søke.

Innovasjonspartnarskap er ein ny prosedyre for offentlege innkjøp som kan brukast når ein offentleg etat vil kjøpe inn noko som ikkje finst. Då går kjøparen, i dette tilfellet Helse Bergen, og leverandøren saman om å utvikle produktet eller tenesta som skal skaffast.

Ein viktig teknisk detalj er at utvikling og kjøp av produktet er dekt av same kontrakt, slik at kjøparen automatisk har opsjon på å kjøpe den ferdigutvikla løysinga utan at dei treng å lyse ut ein ny anbodskonkurranse. Den offentlege parten i partnarskapen kan søke pengestøtte.

– Det var ein lang søknadsprosess der vi først måtte legge fram behovet vårt for Innovasjon Noreg og forklare kvifor vi ikkje kunne bruke løysingar som fanst frå før. Klinikkdirektøren ved kirurgisk serviceklinikk, Hanne Klausen, besøkte Innovasjon Noreg og presenterte behovet, fortel Danielsen.

Anne-Stine Knudsen sjekkar tilstanden på utstyret ved hjelp av lupe. Foto: Paul S. Amundsen

Der ingen skulle tru …

Den som har lese heilt hit, har gjetta at sjukehuset fekk pengane dei søkte om. Då starta arbeidet med å få næringslivet med på laget for å finne ei løysing på problemet. Ved andre innkjøpsprosessar kan ein spesifisere kva ein er ute etter, og leggje dette ut på anbod.

– Men korleis skjer eit innkjøp når vi ikkje veit kva løysing vi skal ha, men berre treng å lufte ideen og sjå kva marknaden kan stille opp med? Vi kunne ikkje lage ein kravspesifikasjon, som vi er vande med, seier Danielsen.

Difor fekk sjukehuset hjelp av eit designfirma til å lage ein presentasjon av behovet dei ville ha løyst, slik at det vart forståeleg også for bedrifter som ikkje veit korleis arbeidet på eit sjukehus går føre seg. Utstyrt med denne presentasjonen inviterte dei næringslivet til marknadsdialog. Til sist, etter samtalar med ei rekkje potensielle leverandørar, sat dei att med ein vinnar – og det var heilt rett ei bedrift som aldri hadde hatt noko med helsesektoren å gjere.

Frå industri til helse

– Vi har hatt eit særs godt samarbeid med sjukehuset og ser stort potensial for knoppskyting frå dette prosjektet, seier Stein-Asle Øvrebotn i logistikkbedrifta Retrams. Foto: privat

– Vi såg at her låg det eit potensial for å bruke attkjenningsteknologi som ikkje har vore brukt til dette føremålet tidlegare, seier Stein-Asle Øvrebotn, administrerande direktør i den vesle Florø-baserte bedrifta Retrams. Dei har spesialisert seg på «smarte» logistikk- og lagringsløysingar, og hadde ein ide til korleis teknologiar som blir nytta i industrien til å kjenne att metall, til dømes for kontroll av sveising, kunne vidareutviklast for sjukehuset sitt føremål.

Løysinga dei har enda med, etter månader med arbeid, består av ein kombinasjon av visuell oversikt over instrumenta, og teknologi som kan skanne og lese av metallstrukturen i instrumentet. Den er unik for kvart enkelt instrument, som eit fingeravtrykk. Dermed kan instrumenta identifiserast på dei ulike stasjonane i sterilforsyningskjeda.

Sidan det truleg ligg patentsøknader i horisonten, vågar ikkje Øvrebotn å gå i detalj.

– Men det handlar om oppløysing: Greier du å sjå på noko med tilstrekkeleg høg oppløysing, vil du før eller seinare sjå noko som er unikt, og då kan du kjenne att kva det skal vere.

Får ringverknader

Både Øvrebotn og Danielsen ser for seg at samarbeidsprosjektet kan få store ringverknader. I første omgang vil utstyrshandtering i helsesektoren som i dag blir gjort manuelt, kunne utførast automatisk med robotteknologi. Vonleg kan ein då frigjere arbeidskraft til meir pasientnære oppgåver.

– Men eg trur dette vil vere nyttig i mange andre industriar, for overalt er det slik at har du ikkje kontroll på utstyret ditt, så får du ikkje gjort noko. Dessutan kan det gje store miljøgevinstar ved at ein reduserer overforbruk, seier Øvrebotn.

Difor vil bedrifta smi medan jarnet er varmt. Snart sender dei søknad til Forskingsrådet si ordning for innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), der dei mellom anna har Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde med på laget. Øvrebotn er oppglødd over moglegheitene bedrifter som Retrams har til å satse på tverrfagleg forsking og kompetansebygging, slik som Forskingsrådet sine ordningar med Skattefunn og «Forskar til låns», og ulike kommunale og regionale støtteordningar.

– Det har vore veldig moro å oppdage og lære av all den kompetansen som finst i helsesektoren, og vi har stor tru på det vidare arbeidet med denne teknologien, seier han.

– Vi vil identifisere utstyret utan at vi treng å merke det med noko som kan falle av, eller kome i vegen for kirurgen. Foto: Paul S. Amundsen

Domens dag er nær

Då denne saka gjekk i trykken, var sjukehuset på veg inn i sluttfasen av prosjektet. Eit testlaboratorium skal riggast lokalt til inne på sterilsentralen i eit par veker i september i 2021. Testinga skal følgjast av ein masterstudent som skal skrive oppgåve om løysinga.

– I januar [2022 red.merk] skal leverandøren så ha laga ei fullskala løysing som sjukehuset kan bestemme om dei vil kjøpe inn, seier Danielsen.

– Før sommaren fekk vi vere vitne til ein virtuell, koronasikker test, så vi har sett at det fungerer teknisk. Men vi veit jo enno ikkje om løysinga held mål slik ho er tenkt brukt hos oss. Vi er veldig spente no, alle saman. Eg kjenner eg får sommarfuglar i magen av å snakke om det!

  • Les også:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *