Den nasjonale vanføreheimen
LUKK

Den nasjonale vanføreheimen

Av Johanne Landsverk

Publisert 26. januar 2024

Tusenvis av barn med rørslehemming har fått hjelp ved Sophies Minde. – Men fleire meiner dei har vorte traumatiserte av opphaldet, seier Thomas V.H. Hagen.

Feltrapport

Forskar: Thomas V.H. Hagen, forskingsleiar ved ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter
Prosjekt: historia om dei rørslehemma i det norske samfunnet gjennom dei siste hundre åra
Metode: multimetodisk forsking
Uunnverleg verktøy: reMarkable (digital notatblokk)

– Mange barn var innlagde på Sophies Minde i over eitt år, utan nokon gong å få besøk. Det vanskelegaste for dei var mangelen på omsorg, seier historikar Thomas V.H. Hagen, som er forskingsleiar ved ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter. Her i den store murbygningen i utkanten av Kristiansand sentrum skal han dei neste åra skrive bok om Sophies Minde, som i over hundre år var den viktigaste utdannings- og helseinstitusjonen for rørslehemma i Noreg.

– I tillegg til bok er dette eit forskingsprosjekt om dei rørslehemma i det norske samfunnet. Det er også ei historie om korleis vi har forstått og snakka om avvikande kroppar til ulike tider, seier Hagen.

I instruksen til Sophies Minde i 1902 omtalar skulen sjølv elevane sine som «lemlestede» og «krøplinger». Ifølgje Hagen var det vanleg å bruke ord som vanfør og krøpling om dei rørslehemma til langt utpå 1950-talet.

– I dag er ordet «vanfør» problematisk for mange. Men på slutten av 1800-talet var dette eit progressivt omgrep, brukt av pionerar som ønskte å synleggjere denne gruppa, fortel han.

Bokbinding ved Sophies Minde i 1905. Elevane fekk vaksenopplæring så dei kunne bli sjølvstendige arbeidstakarar. Foto: Anders Beer Wilse

Slik fekk Sophies Minde namnet sitt

Forløparen til Sophies Minde var «Arbeidsskolen for vanføre i Kristiania», som vart oppretta av søstrene Agnes og Nanna Fleischer. Agnes definerte seg som vanfør på grunn av ei hofte- og ryggliding, og hadde eit brennande engasjement for vanføresaka. Med økonomisk støtte frå faren, kjøpmann og grosserar Joachim Nordahl Fleischer, hadde søstrene reist rundt til vanføreanstaltar blant anna i Sverige og Finland for å la seg inspirere. Og i 1892 kom skulen i gang.

Skulen underviste i handverksfag, blant anna børstebinding, treskjering, korgfletting, bokbinding, veving og saum. Målet var at opplæring i handverk skulle gje elevane eit levebrød. Då kong Oscar II kom på besøk til Kristiania i 1896, greidde Agnes via kontaktar å få kongen invitert til ei utstilling av elevarbeid. Og besøket må ha gjort inntrykk.

I 1897 fekk kong Oscar og dronning Sophie ei jubileumsgåve frå det norske folket etter 25 år på trona. Kongeparet bestemte seg då for å gje tilbake folkegåva på 300 000 kroner til ein sentralanstalt for vanføre i Noreg. Og i 1902 opna ein ny vanføreheim med skule i Skådalen i Vestre Aker, som fekk namn etter den gåvmilde dronninga: Sophies Minde.

Stiftelsen Sophies Minde
  • vart oppretta i 1897 etter pengedonasjon frå kong Oscar II og dronning Sophie
  • dreiv internatskule og vanføreheim i Skådalen, Vestre Aker (i noverande Oslo) frå 1902
  • vart frå 1908 ein halvoffentleg institusjon, med støtte frå staten
  • flytta i 1927 til Trondheimsveien 132, der skule, sjukehus, poliklinikk og ortopediske verkstader vart samla i éin nasjonal anstalt
  • dreiv folkeskule for vanføre fram til 1964, yrkesskule fram til 1960 og i tillegg eigen køyreskule
  • eksisterer ikkje lenger som eigen institusjon etter at sjukehusdrifta i 1994 vart overført til Rikshospitalet og i 2002 flytta til Gaustad
  • driv ingen aktivitetar i dag, men gjev økonomisk støtte til prosjekt retta mot rørslehemma
  • finansierer boka og forskingsprosjektet om ortopedien og dei rørslehemma i det norske samfunnet

Kjelde: Thomas V.H. Hagen

I 1927 vart all verksemd samla i Trondheimsveien 132, både internatskule, yrkesopplæring, verkstader, klinikk og poliklinikk. Foto: Mittet & Co AS

«Sykegymnaster»

I byrjinga av 1900-talet førte polioepidemiane til større behov for behandlingstilbod i Noreg, og Sophies Minde bestemte seg for å flytte til Trondheimsveien 132, der all verksemda vart samla i eit nybygg. I tillegg til skule vart det plass til sjukehus, poliklinikk og ortopediske verkstader.

Dei første sjukegymnastane vart utdanna i Kristiania i 1897. Her frå opptrening ved Registreringssentralen for omskoling av delvis arbeidsuføre, 1953. Foto: Leif Ørmelund

– Frå 1927 vart all aktivitet samlokalisert til det eg kallar «sentralanstalten». Frå då av vart Sophies Minde det viktigaste fagmiljøet i Noreg og ein premissleverandør for lovgjeving og økonomiske ordningar for rørslehemma, seier Hagen.

Han fortel at profesjonaliseringa av ortopedien i Noreg heng nøye saman med utviklinga av Sophies Minde.

– Her kan vi følgje den historiske utviklinga frå primitive protesar på slutten av 1800-talet til dagens hyperavanserte robotteknologi, seier han.

Sophies Minde har også hatt nære band til fysioterapiutdanninga i Noreg.

– Dei første fysioterapeutane, eller «sykegymnastene», vart utdanna i 1897, og dei som stod for undervisninga, var kreative legar som såg behovet for spesialisering. Nokre av desse var i tillegg legar ved institusjonen.

Ville møte menneska

Historia til Sophies Minde femnar vidt, og forskaren i Kristiansand har ein stor jobb framfor seg. Mange arkiv ventar på å bli undersøkte.

– Som mange andre historikarar driv eg multimetodisk forsking. Det vil seie at eg kombinerer ulike metodar, som næranalyse av tekst, film, gjenstandar og bilete. Og eg besøker alle stader Sophies Minde har hatt aktivitet.

For Hagen har det òg vore viktig å møte menneske som har opplevd institusjonen på nært hald, både tilsette, elevar, pasientar og pårørande.

– Eg var interessert i å høyre korleis elevar og pasientar opplevde den medisinske behandlinga, og om dei hadde fått hjelp. Og eg ville gjerne vite korleis opphaldet på Sophies Minde har prega livet og blitt ein del av identiteten deira, seier Hagen.

Institusjonen dreiv folkeskule for vanføre som ikkje kunne få vanleg skulegang. Frå Skådalen i 1905. Foto: Anders Beer Wilse

Manglande omsorg

Då bladet Handikapnytt i januar i år laga ei sak om at han ønskte kontakt med tidlegare brukarar, fekk han stor respons.

– Fram til no har eg snakka med 60 tidlegare brukarar, så eg har allereie eit stort materiale. Dei aller eldste opplevde Sophies Minde på 1930-talet, men dei fleste var innlagde som barn i perioden 1950–1980. Hovudinntrykket er at mange er nøgde med den medisinske behandlinga. Problemet var mangel på kunnskap og informasjon, og ikkje minst mangel på omsorg. Det å bli overlatne til seg sjølve på sjukehus utan familien rundt seg har vore det vanskelegaste. For nokre av foreldra som budde nord i landet, vart reisevegen for lang, så dei fekk aldri teke den turen.

Hagen seier noko av det viktigaste med boka er å skrive om langtidsverknadene av det å vere barn på institusjon.

– Mange av desse barna vart utsette for smertefulle ting. Lårbein vart kappa av, knoklar vart vridde rundt, og stavar og krokar vart sette inn i kroppen. Fleire av informantane fortel at behandlinga vart bagatellisert og ikkje snakka om. Nokre kjenner seg som forsøkskaninar, og mange gjev uttrykk for at dei har vorte traumatiserte og fått trøblete liv etterpå.

ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter
  • ligg i Kristiansand, og er eitt av sju senter for fred og menneskerettar i Noreg
  • var under andre verdskrigen hovudkvarteret til Gestapo på Sørlandet
  • er i dag ein minnestad for andre verdskrigen og eit forskings- og formidlingssenter
  • sentralt i arbeidet er demokrati, menneskeverd og mangfald
– Overraskande mykje av historia rundt Sophies Minde er ukjent, seier Thomas Hagen. Foto: Johanne Landsverk

Poliopasientar mest positive

Likevel er det ulike erfaringar blant informantane, avhengig av alder og kva for medisinske inngrep dei vart utsette for.

– Ein god del av pasientane eg har snakka med, hadde polio som barn på 1940- og -50-talet. Mange av desse er godt nøgde med opphaldet og behandlinga på Sophies Minde. Dei hadde vore funksjonsfriske, men var blitt lamme, og mange av dei opplevde å få god hjelp. Det var nok ein annan mentalitet i samfunnet på 40- og 50-talet, og fleire av informantane seier at «det var berre slik det var den gongen».

Hagen har også snakka med informantar som seinare vart pårørande til eigne barn ved Sophies Minde. Dei fortel om store endringar til det betre.

– Men vi må heilt fram til 1980-talet før foreldra vart inviterte med inn på sjukehusa og fekk lov til å vere til stades. Før dette skjedde, hadde dei tilsette fritt spelerom fordi foreldra ikkje var der. Eg trur dette var ein viktig grunn til at den eksperimentelle medisinske kulturen fekk gripe om seg, meiner Hagen.

På leit etter slettsnoken
Fekk du med deg denne feltrapporten?
På leit etter slettsnoken

Namnet lever vidare

Frå heile landet har folk vorte sende til Sophies Minde for å få hjelp. Etter andre verdskrigen har mellom 1500 og 2500 menneske kvart år vore klientar her.

– Rundt 1970 var det flest innleggingar. Då var nesten 3000 menneske i året til ortopedisk behandling ved institusjonen, fortel Hagen.

I dag er ikkje Sophies Minde lenger ein eigen institusjon. Dei fleste store sjukehus har eigne ortopediske avdelingar, og ulike selskap tilbyr ortopedisk fottøy og andre hjelpemiddel.

– Eit av desse heiter Sophies Minde Ortopedi AS i Brynsveien i Oslo. Dei ser på seg sjølve som ei direkte forlenging av aktiviteten ved Sophies Minde, sjølv om dei ikkje har noko med Stiftelsen Sophies Minde å gjere, seier Hagen.

Men namnet lever vidare, og innanfor døra står to byster: ei av kong Oscar II og ei av dronning Sophie.

  • Les også: