Köttbullar och godis: Dette veit vi om grensehandelen til nordmenn
LUKK

Feltrapport:

Köttbullar och godis: Dette veit vi om grensehandelen til nordmenn

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 21. mars 2024

Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Frode Steen ved NHH forskar på butikkdata frå NorgesGruppen.

Europa er full av grenseovergangar som folk kryssar for å handle daglegvarer billegare på den andre sida. Danskane og nederlendarane dreg til Tyskland. Tyskarane til Polen. Og nordmenn dreg, sjølvsagt, til Sverige. Men kva faktorar er det som påverkar om ein dreg eller ikkje?

Fakta
Forskar: Frode Steen, professor i konkurranseøkonomi ved Noregs handelshøgskole
Prosjekt: studerer nordmenns daglegvarehandling i Sverige
Metode: økonometri (kvantitativ analyse som nyttar økonomisk teori, matematikk og statistikk)
Uunnverleg verktøy: datakraft for å utføre utrekningar

Veit lite om daglegvarer

– Det er sagt at Sverige er Noregs fjerde største daglegvarekjede, seier Frode Steen, økonomiprofessor ved Noregs handelshøgskole (NHH) og leiar for FOOD (sjå faktaboks).

FOOD er eit forskingsprosjekt ved NHH som er finansiert av NorgesGruppen, landets største daglegvarekonsern, som eig daglegvarekjedene Meny, Kiwi, Joker og fleire andre.

Steen peikar på at til å vere eit så politisk viktig felt, med forgreiningar både til folks privatøkonomi og til jordbruks- og distriktspolitikk, veit vi eigentleg overraskande lite om korleis situasjonen er i daglegvaremarknaden. Det var bakgrunnen for at NorgesGruppen i si tid ønskte å støtte eit forskingsprosjekt.

– Eg har gjennom heile karrieren jobba med å forstå konkurranse, og eg har også alltid vore empirikar. Gjennom forskingsavtalen med NorgesGruppen har vi fått tilgang til data og lært oss korleis bransjen fungerer, og problemstillingane vi har forska på, har til dels blitt definerte ut frå kva vi trur vi kan få til med det datamaterialet vi kan skaffe, fortel han.

Fakta
FOOD
Forskingsavtale mellom NorgesGruppen og Noregs handelshøgskole
Etablert i 2016 og no inne i sin andre femårsperiode
NorgesGruppen finansierer samarbeidet med vel 18 millionar kroner i perioden 2022–2026, inkludert eit gåveprofessorat i daglegvareøkonomi
NHH arrangerer ein årleg konferanse om daglegvareøkonomi som del av samarbeidet. Årets konferansetema er «eigne merkevarer».

Prisforskjellen avgjer

Steen og kollegaene ved NHH oppdaga tidleg at det ikkje var gjort så mykje forsking på grensehandel med daglegvarer. Mykje av forskinga har teke for seg varer som alkohol og tobakk, varer som vi, av omsyn til folkehelsa, helst vil avgrense tilgangen på, og der prisane varierer sterkt med avgiftsnivået i ulike land. Elles har den generelle oppfatninga av grensehandel vore nokså enkel: Det er dei som bur nærast grensa, som handlar mest på andre sida, difor er det også dei som i størst grad endrar handlevanane sine når prisforskjellen endrar seg. Så avtek effekten lineært med avstand frå grensa. Men stemmer dette?

– Vi tenkte at det kanskje kunne vere mogleg å sjå på kva som driv endringar i grensehandel, seier han.

– Å forstå grensehandel betre er viktig for korleis vi utformar politikken, seier Frode Steen. Foto: Hallvard Lyssand

Den opplagte drivaren er prisforskjell. Prisane i Sverige er til dels mykje lågare enn i Noreg. Fleire faktorar bidreg til det, ifølgje Steen, mellom anna at Sverige er medlem av EU, medan Noreg ikkje er det. I tillegg har Noreg, som mange andre land, importvern for landbruksvarer vi produserer sjølve, som inneber høg toll på mellom anna kjøt og meieriprodukt. Men prisforskjellane er ikkje like store heile tida. Den viktigaste årsaka til at prisforskjellen endrar seg, er endringar i vekslingskursen mellom norske og svenske kroner, fortel Steen.

Dette fekk dei stadfesta ved å sjå på data om personbiltrafikken over grensa som funksjon av vekslingskursen. Når den norske krona vart svakare i høve til den svenske, gjekk det færre personbilar over grensa mot Sverige.

«Alle» dreg til Sverige

Så brukte forskarane butikkdata frå NorgesGruppen til å analysere handlemønster.

– Det vi har gjort, er å estimere effekten av prisendringar ved å sjå på kva som skjer i nærbutikken din dersom du bur opp mot tre timar unna næraste svenske matbutikk, seier han.

Under arbeidet oppdaga dei at grensehandel var meir utbreidd enn dei hadde sett for seg. Ein stor del av den norske befolkninga bur innanfor eit par–tre timars køyretur frå næraste svenske matbutikk. Men då forskarane gjorde ei spørjeundersøking om grensehandel, fann dei at sjølv i Sogn og Fjordane rapporterte ein firedel av respondentane at dei hadde handla i Sverige i løpet av det siste året.

– Vi oppdaga etterpå at det går organiserte turar der ein tek buss frå Bergen, køyrer i 13 timar, handlar heile neste dag og køyrer tilbake, seier Steen.

Varene flest rapporterte å handle i Sverige, var kjøt, ost, brus og snop (det som austlendingar kallar «godteri»). Forskarane valde difor å sjå på kva som skjedde med omsetninga av desse varene i dei norske butikkane når prisforskjellen mellom Noreg og Sverige endra seg. Dersom mange nordmenn handlar det meste av kjøtforbruket sitt over grensa, skulle ein vente at butikkane på norsk side sel relativt mindre kjøt når prisforskjellane er store. Og data frå butikkane viste at det var nettopp det som skjedde.

Nesten 40 prosent av nordmenn bur innanfor halvannan times køyretur frå næraste svenske matbutikk. Foto: VG

Jakta på den marginale kunden

Som tidlegare nemnt har det også vore vanleg å gå ut ifrå at når det blir dyrare å handle i Sverige, så endrar handlemønsteret seg mest der grensehandelen er størst, altså nærast grensa. Men her fekk forskarane seg ei overrasking.

– Det som overraska meg mest, var at vi fann at den marginale kunden ikkje budde ved grensa, seier Steen.

Marginalkunden er den kunden som vil velje eit alternativ når rammevilkåra endrar seg. Folk nær grensa handlar kanskje mindre i Sverige når prisforskjellen blir mindre, men prisforskjellen er alltid stor nok til at dei held fram med å handle der.

– Vi finn at dersom du bur i Østfold, då handlar du i Sverige uansett. Men bur du i Ski, er det meir usikkert. Det er eit stykke å reise – skal du gidde? Er det verd det? Vi finn at det er dei som bur eit stykke unna grensa, til dømes i Ski, som er mest sensitive for endringar i prisen, seier Steen.

Dei fann dessutan at ikkje alle varer er like mykje ramma av prisendringar. Vi må eit godt stykke inn i landet før folk konkluderer med at det ikkje svarar seg å reise til Sverige og fylle opp bilen med brus for det neste halvåret. Kjøt og ost, derimot, som har importkvotar og kort haldbarheit, er mest attraktivt for dei som bur nærare grensa.

– Den jamne svensken har neppe same vareutval i sine nærbutikkar som det nordmenn finn i dei enorme supermarknadane over grensa, seier Frode Steen. Foto: NTB

Grensehandelens politikk

Daglegvarebransjen vil gjerne forstå grensehandelfenomenet betre fordi dei ønskjer seg politikk som kan gjere at fleire handlar i norske daglegvarebutikkar framfor svenske. Sjølv er Steen meir oppteken av å forstå marknaden enn av å redusere grensehandelen mest mogleg.

– Diskusjonen om grensehandel er interessant, for det handlar om både arbeidsplassar, jordbrukspolitikk og skatteregime. Men ein skal også hugse på at dei som dreg over grensa for å handle, får ein gevinst, seier han.

I prinsippet kan ein flytte den tidlegare omtala marginalkunden nærare grensa, fortel han. Då må ein gjere det billegare å handle i Noreg, til dømes ved å redusere avgifter eller sette ned prisen i lokalbutikkane. Men i motsetnad til i Sverige kan ikkje norske butikksjefar bestemme prisane sine sjølve. Fleire kjeder hevdar at dei nyttar same prisar i heile landet, og då forskarane analyserte butikkdata, fann dei ingen systematisk prisforskjell mellom dei ulike landsdelane.

– Og sjølv om butikksjefane kunne ha bestemt prisen, så er forskjellane mellom Noreg og Sverige så store i utgangspunktet at dei truleg ikkje kunne ha sett prisane lågt nok til å kompensere. Men det er nok grunn til å tru at butikkane i grensetraktene tek nokre val når det gjeld kva for varer dei har tilgjengeleg. Når du veit at ingen uansett kjem til å kjøpe entrecôte hos deg, så sel du det ikkje heller, seier Steen.

No følgjer forskarane opp grensehandel-problematikken med å sjå på grensehandel med alkohol, som ikkje blir selt i daglegvarebutikkar. I staden for NorgesGruppen nyttar dei data frå Vinmonopolet.

– Då er fokuset vårt meir på kva som er det optimale skatteregimet. Kva blir effektane av å endre på avgiftene? Då må vi også trekke inn slikt som helseeffektar, seier han.

Nordmenns grensehandel i Sverige har lange og stolte tradisjonar. Ein svensk matbutikk ved Svinesund lokkar med billeg sukker i 1974. Foto: Ivar Aaserud / NTB premium

Friske midlar frå næringslivet

Men daglegvaremarknaden byr på ei rekkje problemstillingar som er interessante for ein konkurranseøkonom. Kor mange daglegvarebutikkar bør vi ha, og kva blir effekten om det kjem ein ny butikk der det allereie finst andre? Kva skjer når butikken skifter eigar frå ICA til Coop? Kva er effekten av at ei kjede introduserer tiltak mot matsvinn? Kva skjer med folks handlevanar når vi får ein uvanleg sterk prisauke på daglegvarer, som vi har sett den siste tida? Det er forskarane no i gang med å sjå på.

I avtalen NHH har med NorgesGruppen, som ligg open på nettsidene til FOOD-programmet, er det mellom anna spesifisert at NorgesGruppen forpliktar seg til å finansiere eit gåveprofessorat, som Steen er tilsett i, og at NHH forpliktar seg til ikkje å offentleggjere konkurransesensitiv informasjon som dei får tilgang til gjennom arbeidet.

– Det tykkjer eg er greitt, seier han.

Samstundes kan ikkje NorgesGruppen styre forskinga, fortel han. Dei stiller med data og kunnskap, og dei betalar for rammeavtalen.

– Ved NHH har vi tilsette med ulike meiningar om daglegvarebransjen, men NorgesGruppen kan ikkje blande seg inn og seie at vi ikkje får uttale oss om slike tema. Det er første gong NorgesGruppen har hatt eit slikt samarbeid med ein akademisk institusjon, og det er nok rett å seie at dei har lært noko, i løpet av desse åra, om korleis akademia fungerer. Men det er nettopp det denne typen samarbeid er bra for. Då oppdagar bedrifter at sjølv om forskinga er fri, kan bransjen ha gagn av det.

Dessutan er det eit viktig poeng at pengar som kjem frå næringslivssamarbeid, er friske midlar, peikar han på.

– Når vi søker finansiering frå Forskingsrådet og får tilslag, så er det fantastisk, men det vil også seie at det er nokon andre forskarar som ikkje får. Det skjer ikkje med midlar frå private bedrifter.

Les også: