Frivillige redningsmannskap: Dei som alltid stiller opp
LUKK

Frivillige redningsmannskap: Dei som alltid stiller opp

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 22. mars 2024

Frivillige redningsmannskap er svært motiverte, men dei kan også bli frustrerte og utslitne. Difor er det viktig å gje dei gode arbeidsvilkår, meiner Marte Winsvold.

Når vi kjenner oss trygge i påskefjellet, er det mykje fordi vi veit at store ressursar vil bli mobiliserte for å berge oss dersom noko skulle skje. Kvar påske står mannskap klare til å delta i søk- og redningsaksjonar i fjellet i all slags vêr, og dei er i stor grad frivillige.

Marte Winsvold er statsvitar og vart først involvert i forsking på frivillig beredskap i 2015, då ho undersøkte stoda i det norske beredskapssamvirket på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

– Og då meiner eg hovudsakleg redningsberedskap, som søk etter sakna personar eller hjelp i samband med skogbrann eller flaum. Raudekrossen Hjelpekorps og Norsk Folkehjelp Sanitet er store, generelle organisasjonar, men vi har også små, spesialiserte organisasjonar som Norske Redningshunder og Norske alpine redningsgrupper, seier ho.

Forskar: Marte Winsvold ved Institutt for samfunnsforsking

Prosjekt: frivillige organisasjonar i lokal beredskap

Metode: casestudiar og spørjeundersøkingar til beredskapsfrivillige

Uunnverleg verktøy: retteprogrammet InstaText, som fiksar alle feil i den engelske teksten din og gjer deg til ein engelsktalande person

– Vi vart litt overraska over kor harmonisk forholdet mellom politiet og dei frivillige er, seier Marte Winsvold. Foto: Kjerstin Gjengedal

I motsetnad til i mange andre land er dei frivillige organisasjonane ein formalisert del av beredskapen gjennom samvirkemodellen.

Samvirkemodellen

Modellen går ut på at offentlege og frivillige aktørar med spesial- og lokalkunnskap går saman om å nytte ressursane dei rår over, i konkrete lokale operasjonar (ifølgje avhandlinga til tidlegare forskingsminister Tora Aasland, som tok doktorgraden på denne modellen i 2022). Dei fleste frivillige redningstenestene er organiserte i paraplyorganisasjonen FORF (Frivillige organisasjonars redningsfaglege forum), som er talerøyr for organisasjonane i møte med offentlege styresmakter.

Oppdraget for departementet gav inspirasjon til å forfølgje temaet, og Winsvold og kollegaene fekk pengar frå Forskingsrådet til eit nytt prosjekt om korleis samvirkemodellen fungerer på lokalt nivå, kva som skapar eller hindrar godt samarbeid, og kva det er som motiverer dei frivillige.

– Prosjektet starta omtrent akkurat då koronapandemien kom, seier Winsvold.

– Det var jo ei beredskapshending i seg sjølv, og det påverka dessutan aktørane. Vi endra litt på prosjektet for å fange opp det. Kommunane fekk større plass, for dei fekk stor bruk for frivillige i den perioden.

Redningshunden Caro frå Norske Redningshunder leitar etter personar i eit skred under ei øving saman med Raudekrossen og politiet på Finse i mars 2024. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Pandemiinnsats i kommunen

Ved redningsaksjonar er det politiet som har ansvar for innsatsen og for å kalle ut frivillige om det er behov for det. Men kommunane er også pålagde å drive beredskapsarbeid, og dei kan samarbeide med frivillige organisasjonar. Forskarane var interesserte i å finne ut korleis samarbeidet fungerer.

– Vi fann at den kommunale beredskapen og redningsberedskapen snakkar veldig lite saman, seier Winsvold.

Det typiske er at dei først møtest når noko skjer, som til dømes ein flaum.

– Og då er det politiet dei frivillige forheld seg til. Men dei vil gjerne bli meir brukte av kommunen, og kommunane vil gjerne bruke dei frivillige meir, men dei får det ikkje heilt til. Dessutan vågar ikkje kommunane alltid å lite på at dei frivillige vil stille opp, og det kan kjennast tryggare å lene seg på eigne ressursar, fortel ho.

– Her har du ein gjeng høgkompetente folk som reddar liv, og så må dei stå tidleg opp i helgene og selje vaflar for å skaffe pengar til drifta.

Mange kommunar, særleg dei mindre, samarbeider lite med frivillige. Men koronapandemien kan ha ført til ei endring. Då forskarane gjennomførte ei spørjeundersøking i nokre frivillige organisasjonar, oppgav 83 prosent av respondentane i Norske Kvinners Sanitetsforening at dei gjorde frivillig innsats under pandemien. Det same svara 58 prosent av respondentar frå Norsk Folkehjelp Sanitet. Innsatsen inkluderte alt frå koronatesting og -vaksinering til informasjonsarbeid og hjelp til isolerte. Mange frivillige vonar kommunane no kan ha fått augo opp for kva dei kan bidra med.

Frivillige på lag med politiet

Derimot blir samarbeidet mellom frivillige og politi stort sett opplevd som svært godt av båe partar, ifølgje Winsvold. Partane rosar kvarandre, og lagkjensla er sterk.

– I undersøkinga spurde vi om dei frivillige tykkjer at kommunen og politiet vurderer situasjonen på same måte som dei sjølve når noko skjer. Og svara viser at dei frivillige jamt over kjenner seg nærare politiet enn kommunen når det gjeld korleis dei forstår risiko og innsatsbehov.

Gjennom intervju har forskarane fått innblikk i kva for faktorar som er viktige for korleis samarbeidet fungerer. I tillegg til tidlegare erfaring ser det ut til at tydelege roller er viktig. Politiet har ei tydeleg samfunnsrolle, dei har valdsmonopol og ein autoritet som gjev dei rett til å gje ordrar, og som dei frivillige aksepterer.

– Kommunen har ikkje den same autoriteten, og frivillige er ikkje like villige til å la seg kommandere av kommunen, seier Winsvold.

– Dessutan er kommunen ein koordinerande instans, og det kan vere vanskeleg for dei frivillige å vite kvar dei kan bidra.

Då ein sju år gammal gut kom bort under jakt i Lindesnes i oktober 2023, møtte hundrevis av frivillige spontant opp for å bidra i leitinga. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Dei spontane hjelparane

Den norske samvirkemodellen inneber at frivillige blir mobiliserte gjennom organisasjonane dei tilhøyrer. Men i mange situasjonar dukkar det opp «spontane frivillige», personar som gjerne vil bidra, men som ikkje tilhøyrer nokon organisasjon. Forskarane har også undersøkt korleis dei blir oppfatta.

– Det viser seg at politiet er todelt: På den eine sida set dei pris på at folk vil hjelpe, og dei vil gjerne kunne bruke spontane frivillige, seier Winsvold.

Men det har også ulemper. Nokre aksjonar kan vere resultat av ei kriminell handling.

– Og då kan det vere at gjerningspersonen finst mellom dei spontane frivillige. Det er jo ikkje heilt uvanleg at ein gjerningsperson oppsøkjer staden for å følgje med, seier ho.

– Den altoverskyggande motivasjonen er ønsket om å hjelpe.

Ei anna ulempe er at spontane frivillige kan vere dårleg kledde og dårleg trente.

– Ein kan tenkje seg at ein elev blir sakna på ein skuletur, og heile klassen vil vere med og leite. Brått må aksjonsleiinga passe på mange elevar i staden for å konsentrere seg om å leite etter den eine.

Det er jobben til politiet å organisere spontane frivillige, men det hender at dei set bort den oppgåva til dei organiserte frivillige, fortel Winsvold.

– Og dei tykkjer ikkje nødvendigvis at det er så kjekt. Dei vil heller gjere det dei er komne for å gjere, og dei hadde nok helst sett at dei spontane frivillige vart med i ein organisasjon og fekk opplæring.

Politi og frivillige i redningsberedskapen kan ha felles øvingar, som her frå Finse. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Framtidas beredskap

Dei siste åra har talet på redningsaksjonar auka jamt, og frivillige blir kalla ut i fleire aksjonar enn før, sjølv om det er stor variasjon mellom fylke. I eit tidlegare prosjekt har Winsvold undersøkt korleis ulike aktørar ventar at behovet for beredskap kjem til å utvikle seg i framtida. Mellom anna er det venta fleire hendingar knytte til klimaendringar og fleire hendingar som skjer på same tid. Dersom samvirkemodellen skal halde fram med å fungere godt, avheng det av at ein framleis greier å rekruttere frivillige til krevjande innsats. Til alt hell viser spørjeundersøkinga at dei frivillige ikkje er vanskelege å be.

– Ein del fell frå etter opplæring når det går opp for dei kor krevjande det er, men generelt er dei veldig motiverte. Dei stiller opp når dei blir bedne om det, dei ser for seg at dei skal drive med frivillig innsats så lenge dei er i stand til det, og dei er først og fremst motiverte av å hjelpe andre, seier Winsvold.

– Nokre blir også motiverte av å vere i spennande situasjonar eller av å vere ute i naturen, men den altoverskyggande motivasjonen er ønsket om å hjelpe.

Samstundes er organisasjonsleiarane uroa for framtida. Som i alle former for frivillig innsats finst det ein hard kjerne av medlemmar som er med på alt. Kva skjer dersom dei blir overbelasta og byrjar falle frå? Det kan vere ei særleg utfordring på stader med lite folk, men med mykje natur og dermed mange redningsaksjonar.

– Sjølv motiverte frivillige kan bli frustrerte over enkelte ting, som at dei må halde seg med utstyr sjølve og ikkje får dekt kostnader og slikt. Så dei bør få gode rammevilkår. Her har du ein gjeng høgkompetente folk som reddar liv, og så må dei stå tidleg opp i helgene og selje vaflar for å skaffe pengar til drifta. Det er jo absurd, seier Winsvold.

Ho vedgår at forskingstemaet har gjort noko med henne.

– Ein tenkjer gjerne at som forskar skal ein vere nøytral og kaldt observere verda, men det er veldig vanskeleg å ikkje bli talsperson for frivilligheita. Dei klagar ikkje, dei stiller opp, og vi tek dei for gjeve. Så vi må verne om samvirkemodellen, og når dei frivillige kjem med innspel, må vi lytte, seier ho.

  • Heller Strømstad enn Finse i påsken? Les mer her: