Draumen om lottogevinst starta på 1700-talet
LUKK

Feltrapport:

Draumen om lottogevinst starta på 1700-talet

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 5. januar 2024

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær? Det var eit av livets store spørsmål for 250 år sidan også.

På nettsidene til statens speleselskap Norsk Tipping står det at pengespelet Lotto kom til Noreg i 1986. Men det er den moderne tv-versjonen. Det første statsautoriserte lottospelet vart annonsert i Noreg i 1771, kan Johanne Slettvoll Kristiansen fortelje. Både Sverige og Danmark-Noreg innførte statlege lottospel dette året.

– Men medan Sverige valde å drive det som eit reint statslotteri, valde Danmark-Noreg å sette ut drifta til ein tysk entreprenør, så det vart ikkje drive for statens eiga rekning. Dette var eit av hovudspørsmåla ved etableringa av lotteria, seier ho.

«Frivillig skatt»

Kristiansen er kulturhistorikar og postdoktor ved NTNU, der ho ser på debatten kring statslotteri i Skandinavia på 1700- og tidleg 1800-tal. Men då lottospelet kom til Noreg, hadde det allereie spreidd seg over det meste av Europa, etter at det først oppstod i Italia.

Fakta
Forskarar: Marius Warholm Haugen og Johanne Slettvoll Kristiansen, NTNU
Prosjekt: kulturhistoria til dei statsautoriserte lotteria i Europa på 1700-talet
Metode: historisk metode, litterær analyse, arkivstudie
Uunnverleg verktøy: digitale og fysiske arkiv og bibliotek

Marius Warholm Haugen, professor i fransk litteraturvitskap og leiar for forskingsprosjektet, fortel at lotteria heng i hop med at nye finansielle instrument, som forsikring og spekulasjon, vart utvikla på denne tida.

– Statslotteriet framstod dessutan som ein tiltalande måte å skaffe pengar til statskassa på, seier han.

– Ein idé som sirkulerte, var at lotteriet var ein frivillig skatt, eller kanskje ein skatt på folks lettlurtheit.

Sjølv fatta han interesse for lotteria då han for nokre år sidan skreiv om ein italiensk 1700-talsroman om ein kvinneleg lottospelar.

– Det trigga meg, for eg vaks opp med ein far som kvar laurdag sa at no kan de gle dykk til måndag, for då skal vi kjøpe ny bil. Eg visste ikkje at det fanst lottospel på 1700-talet. No oppdaga eg at det eksisterer ein underskog av lottolitteratur i fransk og italiensk 1700-talslitteratur, som er mitt felt. Eg tenkte at dette var noko ein burde studere i eit breitt europeisk perspektiv.

Frå moro til samfunnsproblem

For medan det er gjort noko historisk forsking på sjølve lotteria, fann han lite forsking på dei kulturelle førestillingane omkring dei. Og Skandinavia var ein kvit flekk på det historiske lottokartet, noko Kristiansen altså har fått ansvar for å rette på.

– Det vart tydeleg for meg kor lite dei skandinaviske landa veit om si eiga lotterihistorie, seier ho.

– Det vart tydeleg for meg kor lite dei skandinaviske landa veit om si eigen lotterihistorie, seier kulturhistorikar og postdoktor Johanne Slettvoll Kristiansen ved NTNU. Foto: Geir Mogen

Til skilnad frå andre lotteri, der du måtte kjøpe tilfeldige nummer og håpe at den premien du mest ønskte deg, fall på akkurat ditt lodd, kunne ein med lotto sjølv bestemme kva tal ein ville spele på, og fleire kunne vinne med same tal.

Fakta
The invention of the lottery fantasy
- prosjekt der ein studerer kulturelle, politiske og økonomiske aspekt ved statsautoriserte lotteri på 1700- og 1800-talet
- leia av Marius Warholm Haugen (NTNU)
- forskarar i Trondheim, Bergen, Klagenfurt, Cambridge, Utrecht og Antwerpen
- finansiert av Forskingsrådet i perioden 2022–2024

– Men det som gjorde lotto kontroversielt, var at prisen for deltaking var låg nok til at også fattige kunne delta. Så lotterispel, som hadde gått føre seg i Europa i alle fall sidan 1400-talet, vart no meir utbreidd og vart eit «samfunnsproblem», seier Kristiansen.

På den andre sida: Om folk absolutt ville drive med pengespel, var det kanskje betre at dei gjorde det i regulerte former, og at pengane hamna i statskassa.

– Vi finn mange parallellar til dagens debattar kring Norsk Tipping: Er det rett at staten skal tene på folks speletrong? Kor mykje skal Norsk Tipping bruke på reklame? seier Haugen.

På nettsidene til Norsk Tipping står det uttrykkeleg at selskapet «skal jobbe aktivt for å redusere de negative konsekvensene av pengespill». Samstundes skal Norsk Tipping tilby spel som er så spennande at folk heller vil spele der enn hos uregulerte utanlandske aktørar. Akkurat dei same argumenta vart brukte på 1700-talet, fortel Haugen.

– Det franske statslotteriet var mellom anna eit forsøk på å styre spelinga vekk frå engelske og nederlandske lotteri, som folk også spelte på, seier han.

Lottogründeren Casanova

I starten var det oftast italienarar som tok lottospelet ut i Europa, fortel dei. Det franske statslotteriet vart til dømes først etablert i 1757 som ein innovativ måte å finansiere det franske militærakademiet på, og fekk fødselshjelp av ein kjend italienar med namnet Giacomo Casanova. Casanova forstod seg på psykologi og argumenterte for at pengepremiane måtte vere høge for å stimulere lottofantasien og lokke til seg spelarar. Andre frykta at høge premiar ville vere for risikabelt for staten.

– Ein var litt forsiktig i starten, for dette er odds-spel, seier Haugen.

– I moderne norsk lotto betaler spelarane inn pengar, og premiane blir delte mellom vinnarane frå denne fellespotten. Men i dei klassiske italienske lotteria var premien ein faktor av innsatsen. For dei minst sannsynlege kombinasjonane kunne oddsen vere éin til ein million. Kva skjer då dersom mange spelar på vinnarrekka? Då blir staten ruinert. Etablering av lotteria hang tett i hop med utvikling i sannsynsrekning, og ein kom etter kvart fram til at staten ville vinne i det lange løp.

Flaks eller dyktigheit

For å finne ut meir om korleis lotteria vart etablerte i Sverige og i Danmark-Noreg, har Kristiansen måtta grave i arkiv i København og Stockholm.

– Der ser eg etter dokument frå statsapparatet som kan seie noko historisk om korleis lotteria vart oppretta, men også avisartiklar og pamflettar som kan vise korleis det vart debattert og kritisert i offentlegheita, seier ho.

– Eg veks opp med ein far som kvar laurdag sa at no kan de gle dykk til måndag, for då skal vi kjøpe ny bil, fortel prosjektleiar og NTNU-forskar Marius Warholm Haugen. Foto: privat

Dessutan er ho interessert i rekneskapane.

– Det vart sagt at lotteria kunne vere ei stor inntektskjelde for staten, men eg vil sjå om det faktisk stemmer. Samstundes var det jo ein institusjon som fekk drive på lenge, med hyppige trekningar som kravde mykje administrasjon, så det må ha vore lukrativt.

Haugen studerer kulturelle framstillingar av lotteriet i litteratur og kunst. Noko av det mest spennande materialet, fortel han, er spådomsmanualar. Sidan lottospelaren vel tal sjølv, kan spelet gje inntrykk av at ein har makt til å påverke utfallet.

– To teknikkar dominerer i desse manualane, som i nokre tilfelle vart publiserte av statslotteria sjølve, seier Haugen.

– Den eine er draumetyding, der element i draumar blir kopla til spesifikke tal. Den andre er eit slag astrologisk pseudokabbalisme (system for å få tilgang til skjult kunnskap om verda bakanfor den materielle, journ.mrk.), der ein skal lære seg kompliserte metodar for å rekne seg fram til dei rette tala. Også i dag kan ein kjøpe moderne draumetydingsmanualar for lotto på internett.

Den komiske lottospelaren

Draumetydaren som er overtydd om at hen skal greie å slå banken, vart ein mykje brukt komisk figur, særleg i teateret, fortel Haugen.

– Eg ser til dømes på lottokomediar, der nokon blir lurte til å tru at dei har vunne i lotteriet, og byrjar oppføre seg over sin stand. Men det er også tilfelle der ein ser med empati på lottospelaren som augnar ein sjanse til eit betre liv.

Kristiansen er interessert i kva type kritikk som blir retta mot lotteriet i den skandinaviske debatten.

– Eg tenkte kanskje at eg ville finne ein angst hos eliten for at lottospelet ville føre til sosial mobilitet og uorden. Eller motsett, at lottodraumen kunne avleie folket frå å engasjere seg i politiske kampar for å betre sine kår.

Så langt har ho ikkje funne mykje av dette, men derimot har ho funne ein god del paternalistisk uro for dei stakkars spelarane:

– «Sjå, dei spelar lotto for pengar som skulle ha gått til å forsørgje familien.» Det verkar som ei genuin omsorg for enkeltmenneske, parallelt med eit større samfunnsomsyn som går ut på at det ikkje er bra at folk blir lokka vekk frå hardt arbeid og fornuftig livsførsel, for då blir dei ikkje i stand til å betale skatt og bidra til samfunnet.

Uutforska lottolitteratur

«Arbeidslinja» dominerer i den kritiske debatten om lotteriet, ifølgje forskarane. Lettente pengar korrumperte folks arbeidsetikk, var argumentet.

– Eg tykkjer at ovanfrå-og-ned-blikket på folk som spelar lotto, også er fagleg interessant, seier Haugen.

(Artikkelen fortset under illustrasjonen)

– For lottolitteraturen er veldig utbreidd, men lite utforska. Også i dag er det masse lottofiksjon i populærromanar, tv-seriar og på film, men det verkar ikkje som litteraturforskarar tykkjer det er verd å bruke tid på.

Dette dannar ein interessant kontrast til andre former for gambling i fiksjonen, meiner han.

– Store forfattarar som Dostojevski skreiv om gambling, men då er det ofte aristokratar og unntaksmenneske som gamblar. Lotto, derimot, blir oppfatta som ein passiv aktivitet, der du spelar på tala dine og så ventar for å sjå om du vinn eller ikkje. Men i dei kulturelle uttrykka ser vi at ein meinte å kunne påverke utfallet ved å spele på dei rette tala, og fantasien var aktiv: Kva vil du bruke pengane på? Litteraturen er full av dagdraumar. Lottospelaren har eit rikt indre liv.