To ulike blikk på den industrielle revolusjonen
LUKK

Arnljot Løseth: Den industrielle revolusjonen

To ulike blikk på den industrielle revolusjonen

Av Kjetil Vikene

Publisert 19. desember 2023 kl. 15:35

Ei ny bok på norsk om den industrielle revolusjonen komplimenterer ei tidlegare bok om same tema.

For om lag eit år sidan melde eg professor emerita Kristine Brulands bok Den industrielle revolusjon. No kjem ei bok med nesten lik tittel, skriven av Arnljot Løseth – også han professor emeritus i historie, ved Høgskulen i Volda. Båe forfattarane går grundig til verks, og for eit norsk publikum er det berre å glede seg over at det er plass til to så gode bøker om same tematikk.

Sjølv om oppdraget mitt som meldar først og fremst bør vere å seie noko om Løseths bok, nyttar eg høvet her til å skrive noko meir overordna om korleis dei to bøkene berikar kvarandre ypparleg.

Arnljot Løseth

Den industrielle revolusjonen. Storbritannia i eit europeisk og globalt perspektiv, 1600–1914

Fagbokforlaget, 2023

267 sider

Veil. pris: kr 399

Boka til Bruland gav eg gode skotsmål, mykje fordi ho gir ei ny framstilling av sakskomplekset og eksplisitt går i rette med «det tradisjonelle synet som ser Storbritannia som det industrielle lederlandet som ved egen hjelp og på kort tid revolusjonerte seg selv, gjennom bruk av dampmaskiner og tekstilfabrikker, og som så andre land etterlignet». Berande i forteljinga til Bruland er at det som vert omtala som den industrielle revolusjonen, er ein brei teknologisk og global overgang som starta allereie rundt 1400, ikkje ei hending i Storbritannias historie.

Løseth er – i alle fall tilsynelatande – ein representant for den historieforteljinga Bruland tek eit oppgjer med. Boka til Løseth startar, etter eit innleiingskapittel som klårgjer bokas prosjekt, med eit sitat av historikaren Eric Hobsbawm: «Whoever says industrial revolution, says cotton.» I det heile får bomull, tekstil- og dampmaskinar mykje plass i boka til Løseth. I kontrast til Bruland avgrensar han seg til å skrive frå og med år 1600, og framhevar korleis det britiske samfunnet, og kanskje òg det britiske lynnet, var ei avgjerande årsak til at Storbritannia blei verdas dominerande aktør, særleg på 1700-talet. Dei to bøkene står altså tilsynelatande i sterk kontrast til kvarandre, men om du no tenkjer at saka er avgjord til fordel for Bruland, så er det langt frå sanninga.

Boka til Bruland var overtydande: Den industrielle revolusjonen var ikkje britisk, men global. Boka til Løseth er like overtydande: Revolusjonen kunne ikkje ha skjedd så raskt nokon annan stad som i Storbritannia. Oppsummeringa mi av dei to bøkene er sjølvsagt forenkla og forteikna. Det mest interessante er korleis dei to tilnærmingane set ulike omgrep i spel. Nokre få eksempel: Båe snakkar om «imitatorkulturar», om korleis britane før revolusjonen var gode til å etterlikne til dømes klede frå Asia – og seinare at andre nasjonar etterlikna produksjonsorganiseringa og oppfinningane til britane. Båe snakkar òg om kor avgjerande «maskinverktøya» var, altså maskinar som på standardisert vis lagar verktøydelar og andre maskinar. Båe tek òg for seg korleis spesifikke lovar i Storbritannia – som importlovar, barnearbeidslovar eller patentlovar – var avgjerande for både vekst og seinare fall for posisjonen til britane internasjonalt.

«Han bruker ei rekkje tidstypiske ordtak og munnhell for å få fram poenga og tek oss slik med i tenkjemåtane på den tida.»

Hovudskilnaden mellom dei to ligg dermed hovudsakleg i kva kjeldetilfang dei vel å fokusere på. Bruland går djupt inn i historiene som skjuler seg i eit svært omfattande materiale av handelsdata og patent. Løseth skriv på si side mykje om demografi og kulturelle særtrekk, om kva som skilde det «porøse» og mindre klassedelte britiske samfunnet frå andre land i Europa. Han skriv òg meir detaljert om skilnader mellom ulike land i Asia (der Japan er det som liknar Storbritannia mest, og Kina kanskje minst). Der Bruland skriv inngåande om det ho kallar evolusjonære innovasjonsprosessar i ei rekkje forskjellige teknologiar, skriv Løseth like inngåande om britiske kulturelle særtrekk, som til dømes landevegskro-kulturen eller om korleis ulike kristne rørsler påverka ulike delar av samfunnsutviklinga.

Stilen deira er òg markant ulik. Bruland skriv stringent, teknisk og presist, og gjer mykje bruk av tabellar og tal. Løseth er litt lausare i stilen. Han bruker ei rekkje tidstypiske ordtak og munnhell for å få fram poenga og tek oss slik med i tenkjemåtane på den tida. Båe bøkene flaumar over av fortetta kunnskap, båe har eit imponerande overblikk over tidlegare forsking, og båe har eit globalt blikk, i den forstand at dei båe skriv om omfattande og komplekse utviklingstrekk og samanhengar mellom politiske, økonomiske og kulturelle trekk og særtrekk.

Til saman står altså dei to bøkene godt til kvarandre – og eg overlèt til andre å avgjere kven av dei som har «rett». Sjølv har eg hatt utbytte av samspelet.

  • Les også: