Publisert 29. april 2025 kl. 09:08
Kva gjer dei som jobbar med det digitale og berekraft til dagleg?
Marit Sandstad
Seniorrådgjevar, Cicero
Foto: Cicero
– Eg leier ressursfordelingskomiteen som tildeler tungrekne- og lagringsressursar på den nasjonale infrastrukturen som Sigma2 har ansvar for. Når ein forskar får finansiering til eit prosjekt som krev rekneressursar eller lagring, sender ein inn ein søknad der ein forklarer litt om forskinga og godtgjer kvifor ein treng så og så mykje lagringsplass eller reknetimar. Ein kan søke lagring med eller utan backup, og ein kan velje om data skal vere raskt tilgjengelege eller ikkje fullt så raskt.
Vi vurderer søknadane etter vitskaplege kvalitetskriterium. Vi ser ikkje på berekrafta i prosjektet. Det handlar også litt om kvar i systemet slike vurderingar kjem inn. Har du først ei stor reknemaskin ståande, er det best om ho reknar på noko. Berekraftsvurderingane blir gjorde når du kjøper maskina og skrur henne på.
Eg kunne ønskje meg at vi tenkte meir på berekraft i samband med lagring. Det er lett for at ein lagrar mykje data veldig lenge. Du har utført eit prosjekt, skrive artikkelen, kva gjer du no? Sigma2 har også ei arkivløysing der ein kan publisere opne datasett med garanti om at dei vil liggje der i ti år. Så ei løysing kan vere å publisere dei der og slette sin eigen kopi. Men det blir fort til at folk publiserer mykje meir enn det som er nyttig, for alle tilfelles skuld. Det er få insentiv til å rydde opp, bortsett frå når du kjem til eit punkt der meir lagring blir dyrt. Førebels har fokuset vore på å dele data, ikkje på kor mykje data ein publiserer, og kor lenge ein lagrar dei.
Eg tykkjer det er problematisk kor lett det er å la vere å tenkje på slikt i kvardagen. Det er så enkelt å ta vare på alt, bilete og e-postar frå skulen og slikt. Dei er kanskje nyttige i nokre månader, og seinare er det for mykje ork å rydde opp i det. Og fordi alt ligg ein stad eg ikkje kan sjå, er det veldig lett å ignorere problemet. Sjølv her på min arbeidsplass, der vi tenkjer mykje på berekraft, så kjem slike problemstillingar først opp når datamengdene blir så store at vi nærmar oss eit kostnadstak, eller når serveren blir så full at ingen får gjort noko. Eg mistenkjer at det er slik mange stader.
Stephan Oepen
Professor ved Institutt for informatikk, Universitetet i Oslo
Foto: Universitetet i Oslo
– Eg er med i ei forskingsgruppe for språkteknologi som har jobba i fleire år med å utvikle språkmodellar, av typen GPT, tilpassa norske språklege og kulturelle forhold. Å utvikle store språkmodellar, det vi kallar maskinlæring, krev mykje data og reknekraft. Vi hentar mykje språkdata frå internett. Gjennom samarbeid med internasjonale aktørar som samlar slike data, har vi per i dag fått tak i åtte petabyte (ein petabyte er tusen billionar byte, journ.mrk.) rå webdata som vi har kopiert til den nasjonale norske lagringsinfrastrukturen og til ein tilsvarande infrastruktur i Tsjekkia. Om lag fem petabyte ligg i Noreg. Dei utgjer ein betydeleg del av norsk datalagringskapasitet. Vi har fleire datamaskiner knytte til lagringssystema, som går igjennom samlingane, ser etter tekst, identifiserer kva språk det er, og om det har brukbar kvalitet, før det blir treningsdata til språkmodellutvikling.
I tillegg til språkleg og kulturell tilpassing har forskinga til føremål å nytte data og reknekraft meir effektivt. Både frå eit vitskapleg og eit berekraftig perspektiv er det naturleg å vinkle forskinga mot mindre modellar tilpassa nasjonale eller regionale behov. Og forskarar kan prøve å redusere miljøkonsekvensane av utviklinga. Vi kan til dømes filtrere ut data av dårleg kvalitet og trene modellane på mindre datamengder. Då sparar vi pengar og klimagassutslepp, men får ein modell som er like bra.
Mitt institutt har ei satsing på grøn informatikk, som omfattar heile faget, frå algoritmar, modellar og metodar til ressursbruk knytt til reknekraft, lagring eller datakommunikasjon. IKT tek ein betydeleg og aukande del av globalt energiforbruk, og det har mykje med kunstig intelligens å gjere. Ein samtale med ChatGPT kostar mykje meir reknekraft enn å spørje Google. Men vi er heilt sikre på at IKT også er ein del av løysinga. Både fordi digitalisering kan brukast til å lage klimavenlege løysingar, og fordi vi forskarar kan utvikle IKT som brukar mindre ressursar.
Eg tenkjer mykje på mitt eige avtrykk. I kvardagen er det viktig å vere medviten om å berre bruke den teknologien ein faktisk treng. Det kostar å sende ei fil som vedlegg i ein e-post eller sjå ein film på Netflix. Det gjeld å tenkje seg litt om. Sjølv brukar eg ChatGPT relativt lite, til å vere ein som forskar på språkmodellar.
Aksel Tjora
Professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU
Foto: Eric Fagerheim
– Eg er veldig oppteken av ikkje å drive og strøyme ting unødig. Eg sjekka energiforbruket frå strøyming av film, det skal vere samanliknbart med å støvsuge med ein kraftig støvsugar. Men slikt er mest kritisk i privat samanheng, då strøymer jo folk heile tida. Det er eit klimaavtrykk frå videomøte også, men no står eg på farten og skal fly til Hamburg, så det er andre ting som gjev meg dårlegare samvit enn digitale jobbverktøy. Men eg reagerer på at når eg avtalar ein telefonsamtale med ein kollega, dukkar det ofte opp lenkje til eit Teams- eller Zoom-møte. Det er heilt unødvendig. Skal ein ha eit møte med mange som ikkje har møtt kvarandre før, kan sjølvsagt video ha ein funksjon. Men vi har openbert blitt vande med at videomøte er standard. Men eg oppfattar generelt ikkje at den digitale kvardagen ved institusjonen er prega av klimatankegang. Om noko har eg inntrykk av at ein velsignar alle digitale møte, for då slepp ein reising.
Samanlikna med strøyming tenkjer eg at lagring av filer er lite viktig. Eg har lagra alt eg har gjort dei siste tjue åra, og er totalt nerd når det gjeld å ta backup av ting. Eg har jobba med ein del tema over så lang tid at det er eit poeng i seg sjølv å ta vare på også det som er gamalt. Men det er mest snakk om tekst, som knapt tek plass.
Eg har ikkje observert at det er noko fokus på slike problemstillingar frå NTNU sentralt. Og eg trur generelt at det er privat bruk som er viktig for folk som meg, som ikkje jobbar med store og tunge filer, og som ikkje har ei leiarstilling der eg må ha mange digitale møte. Eg har redusert møteverksemda mi til eit minimum. Men i kvardagen strøymer folk underhaldning heile tida utan å tenkje på kva det medfører av ressursbruk. Eg har teke vare på alle dei gamle platene og cd-ane og filmane mine, så eg kan sjå dei også utan internettilgang. Eg er nokså medviten om det, men det monnar lite no når folk strøymer TikTok-videoar heile dagen. Eg fekk våre to yngste barn, som bur heime, med på å droppe TikTok i heile mars, og det har ikkje skada dei, heller tvert imot. Som familiepappa tenkjer eg at om ein greier å få familien med på noko slikt, så er det kanskje viktigare enn kva eg gjer i jobbsamanheng.
Judit Johnstad Bragelien
Førstelektor ved Handelshøgskulen, Høgskulen på Vestlandet
Foto: privat
– Eg slettar titals e-postar om dagen, både på jobbmailen og privat. Det er jo litt diskutert kor nyttig det er, det er ikkje så enkelt som at dersom ein slettar så og så mange e-postar, kan ein unne seg ein flytur. Men dette er noko eg gjer på eige initiativ, det er ikkje fokus på det frå leiinga. Nokre av oss skulle kanskje ønskje at institusjonen var lenger framme i skoa på dette området.
I forskinga mi brukar eg meir kvalitativ enn kvantitativ metode, så det blir ikkje så mykje data. Eg kunne sikkert spart på mindre enn eg gjer. Samstundes veit vi jo at når vi skal skrive opprykkssøknader, så er det ikkje måte på kva ein må dokumentere. Seinast for to dagar sidan dreiv eg og leita etter ein prosedyre eg var med på å lage for mange år sidan, og som eg plutseleg hadde bruk for til noko. Du veit aldri kva du kjem til å trenge.
Eg jobbar med sirkulære løysingar og prøver å påverke studentar og tilsette til å tenkje på det. Ein kan gjere mykje på campus, til dømes når det gjeld eingongsartiklar eller matredding. Eg har til dømes utfordra etter- og vidareutdanningsstudentar til å ta med seg eigen drikkekopp på helgesamling når eg underviser i sirkulærøkonomi, for å illustrere faglege poeng.
Når det gjeld IT-utstyr, skal vi levere inn pc-ar når vi får nye, så eg reknar med at dei blir gjenbrukte på forskjellig vis. Mange organisasjonar har avtalar med aktørar som tek seg av slikt. No blir det snakka ein del om sirkulær IT og at det kan vere ein bra måte å administrere IT-utstyr på. Det går ut på at ein i staden for å kjøpe inn pc-ar leasar dei med ein serviceavtale. Og når ein ikkje kan bruke pc-en meir, tek leverandøren han tilbake og oppgraderer han og gjev han eit nytt liv ein annan stad. Eg deltok nyleg på eit interessant webinar om dette i samband med mi faglege interesse for sirkulærøkonomi, men eg trur ikkje HVL har nokon slik modell førebels, i alle fall ikkje som eg har fått vite om. Men det er noko ein godt kunne vurdere. Ein del trur nok at det blir dyrare, men det vil jo også føre til at tilsette kan bruke pc-ane sine lenger, fordi dei får tilsyn. Det er bra med alt som kan gjenbrukast, men det å halde liv i pc-ane sine lenger ved god bruk, er det aller enklaste.