Kva aktivitet er det som direkte og indirekte legg grunnlaget for alt det livsnødvendige, og i tillegg gjer livet rikt?
LUKK
Annonse
Annonse

Leiar:

Kva aktivitet er det som direkte og indirekte legg grunnlaget for alt det livsnødvendige, og i tillegg gjer livet rikt?

Av redaktør Kjetil Brottveit

Publisert 6. november 2022 kl. 16:25

Skal forsking og høgare utdanning nå betre fram i budsjettkampen, må det verte ein sektor over dei andre.

Når det gjeld den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, har eg ikkje meir peiling eller betre ord enn Espen Solberg i NIFU: «Forskningsbevilgningene kuttes, og den nye langtidsplanen er tom for investeringsplaner. Tiden for prioritering gjennom vekst i norsk forskning synes å være over. Nå er det omprioritering, systemendring og ‘habil statsstyring’ som gjelder.»

«Det manglar ikkje på prioriteringar, dei er så mange at dei nærast viskar kvarandre ut», skriv Kjetil Brottveit.

I ein artikkel på heimesidene til NIFU går Solberg gjennom planen, som kom saman med framlegget til statsbudsjett. Han peikar på at «det meste gjenstår». Dei økonomiske rammene er overlatne til dei årlege budsjetta, og endringar i systemet for forsking og høgare utdanning er forskuva til ei eiga stortingsmelding. Solberg spør derfor om dette kanskje var den siste langtidsplanen.

Før langtidsplanane hadde vi forskingsmeldingar. Dei kom med nokre års mellomrom og i ei anna takt enn stortingsvala. Ved regjeringsskifte låg dei politiske rammene for forsking og høgare utdanning fast i form av ei nedarva melding, som gjerne eit stort stortingsfleirtal hadde vedteke. Meldingane var massive og med mange gode intensjonar. Men forpliktande løyvingar?

I november 2012 stod kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) på scenen på Forskerforbundets «forskningspolitisk seminar». Det dramatiske høgdepunktet i talen var ideen om ein langsiktig forskingsplan. Når vi skal satse på kunnskap og forsking, er det avgjerande å vere føreseielege og samde om kva vi skal prioritere, meinte ho. Ho tok til orde for systematisk langtidsplanlegging for bygg, stipendiatar, studieplassar og forsking. Halvorsen viste til at Sverige har langtidsplanar og -budsjett på tre område: forsvar, transport og forsking. I Noreg hadde vi det berre på forsvar og transport.

Våren 2013 kom forskingsmeldinga der langtidsplanen vart formelt annonsert. Planen var til dels ei erstatning for nettopp forskingsmeldingane, men òg andre ordningar som hadde falle vekk. Målet om at 3 prosent av BNP skulle gå til forsking og utvikling var tona ned alt i forskingsmeldinga frå 2009. Forskingsfondet, som skulle sikre ein viss stabilitet i løyvingane til forsking, vart lagt ned i 2012.

Høgre var nølande til planen (Erna Solberg meinte Høgres program var langtidsplan god nok), men i god norsk forskingspolitisk konsensusånd overtok seinare regjeringar med andre fargar langtidsplanen. Den fyrste frå 2014 var det Torbjørn Røe Isaksen (H) som la fram. Der var BNP-målet innført på ny: Innan 2020 skulle dei offentlege løyvingane til forsking nå éin prosent (dei to andre prosentane kan ein ikkje vedta på same måten, ettersom det er privat finansiering). For at prioriteringa av forsking skulle vere forpliktande, meinte Forskerforbundet at Kunnskapsdepartementet ikkje kunne bale med det aleine. Saman med Forskingsrådet tok dei til orde for eit eige forskingsutval i regjeringa – leia av statsministeren. Det fekk vi i 2014, og gjett kva utvalde statsrådar som var med? Alle! Ein kunne kalle det «alle skal ha eigarskap», men mest var det pulverisering.

Tilbake til den nye langtidsplanen: Det manglar ikkje på prioriteringar, dei er så mange at dei nærast viskar kvarandre ut: tre «overordna mål», som styrka konkurransekraft, seks «tematiske prioriteringar», som hav og kyst og to «store samfunnsutfordringar» som berekraftig fôr. Men her er ingen pengar å sjå. Dei såkalla opptrappingsplanane i tidlegare langtidsplan, som det fylgde pengar med, er borte. Ein nasjonal kunnskapsplan etter modell frå Nasjonal transportplan er fjernare enn på lenge.

Korleis kome på offensiven att? Her er argumentasjonen de skal få gratis: Forsking og høgare utdanning er ikkje berre ein sektor, det er ein oversektor og ein metakategori. Ok, kontrar dei andre sektorane, som den bortskjemde samferdsla, som har eigen plan: Korleis klarar vi oss utan god samferdsle? Den grip inn i alt og er sjølve livet! Nei, svarar helse. Det er utan oss de ikkje klarar dykk, vi er liv og død. Ha, utan forsvar til å passe på oss og sjukehusa, har vi ikkje helse ein gong, seier Forsvaret.

Eg ser problemet. Derfor må ein liste seg inn på nivået over der att: Kva aktivitet er det som direkte og indirekte legg grunnlaget for alt dette livsnødvendige, og i tillegg gjer livet rikt? Der har du forsking og utdanning.

  • Les meir: