No vil universiteta publisere sjølve
LUKK

No vil universiteta publisere sjølve

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 15. mars 2020 kl. 20:50

Ei samanslutning av europeiske universitet arbeider med å lage si eiga publiseringsplattform. Då må institusjonane også ta ansvar for både kvalitetssjekk og prestisje.

For tida er det ein diskusjon i akademia om forskingsinstitusjonane sjølve i større grad bør stå for open vitskapleg publisering. I Noreg har til dømes Universitets- og høgskulerådet (UHR) bestemt å greie ut om, og i så fall korleis, universitetsbiblioteka kan ta på seg ei større rolle i publiseringslandskapet.

Men korleis skal ei slik institusjonsdrive løysing sjå ut? Det finst ikkje noko fasitsvar på det, men mange stader er ein i gang med å utvikle eigne modellar.

Forskaren styrer publisering

– Det er mykje ineffektivitet i dagens system. Du sender inn artikkelen til det eine tidsskriftet etter det andre utan å ane om du vil få han akseptert, eller kor lang tid det vil ta, seier Max Haring, prosjektleiar for University Journals (UJ).

UJ skal bli ei plattform for vitskapleg publisering, eigd av ei samanslutning av universitet. Ideen oppstod ved Universiteit van Amsterdam, og Haring har kontoret sitt der. Når han leverer utgreiinga si i april, blir det opp til dei 13 partnarinstitusjonane å bestemme om prosjektet skal bli ein realitet.

Gjennom UJ skal forskarar ved partnarinstitusjonane raskt kunne publisere alle former for vitskapleg produksjon, frå artiklar til forsøksprotokollar og programvare, så lenge dei passerer ein grunnleggande kvalitetssjekk, utført av institusjonane sjølve. Då sjekkar ein at ein veit kven forskaren er, at det er snakk om ny forsking, at metodane er solide og at metadata er på plass. Det er altså opp til forskaren og institusjonen å avgjere om noko er eigna for publisering eller ikkje.

I nokre tilfelle vil det vere ønskeleg med tradisjonell fagfellevurdering før publisering.

– Då får vi det gjort utanfor institusjonen. Vi ønskjer ikkje nokon redaksjon, for då vil det straks oppstå diskusjonar om denne forskinga er original og spennande nok til å fortene å bli publisert her. Det er ikkje meininga, seier Haring.

Unngår forfattarbetaling

Namnet University Journals er ikkje heilt ideelt, vedgår han.

– For det skal ikkje vere eit tidsskrift, men ei plattform. Men det skal like fullt vere ein stad for publikasjonar, ikkje eit arkiv der ein kan dumpe kva som helst. Vi skal ikkje ha studentoppgåver, til dømes. Avvisingar vil førekome. Men det vil ikkje vere slik at 80 prosent blir avviste.

No arbeider ein med å klargjere arbeidsflyten slik at publiseringa blir så straumlineforma, rask og effektiv som råd. Forskingsresultat kan anten publiserast direkte eller gå vegen om eit institusjonsarkiv. Det finst allereie godt utbygd internasjonal infrastruktur som kan nyttast til å halde styr på ulike artikkelversjonar, utstyre dei med digitale identifikatorar og indeksere dei i relevante databasar. Institusjonane skal eige og betale for drifta av plattforma i fellesskap. Dermed vil ikkje rekninga bli sendt til enkeltforskarar. Og sidan plattforma ikkje skal tene pengar, oppmuntrar heller ikkje modellen til å publisere mest mogleg, uavhengig av kvalitet.

– Forskarar skal kunne kjenne seg sikre på at alt dei publiserer hos UJ, oppfyller krava i Plan S. Vi vil også at prosjektet skal støtte opp om DORA-erklæringa, som seier at forsking ikkje skal vurderast på bakgrunn av prestisjen til tidsskriftet det er publisert i. Samstundes er forskarar glade i prestisje og merkevarebygging. Difor kjem UJ til å bruke universiteta som merkevare, seier Haring.

Namnet på heimeinstitusjonen vil vere prominent på kvar publikasjon.

– Ein skal kunne vite at dette er skikkelege saker og ikkje eit røvarforlag. Universiteta vil jo gjerne få publisert det deira eigne forskarar lagar, og forskarar vil gjerne publisere ting dei kan vere stolte av å ha namnet sitt på.

Legg til rette for mangfald

Han reknar likevel ikkje med at forskarar vil ha UJ som førsteval frå starten av.

– Men får du arbeid refusert hos andre tidsskrift, skal du vite at du kan falle tilbake på å publisere hos oss. Den vanlegaste reaksjonen eg får, er at folk er usikre på om dette er noko som vil bli brukt, i og med at det ikkje kan samanliknast med dei prestisjetunge tidsskrifta. Men biblioteka får allereie ei mengd spørsmål frå forskarar som lurer på kvar dei kan publisere slikt som ikkje høyrer heime i tradisjonelle tidsskrift.

Det er kjent at det kan vere vanskeleg å få publisert replikasjonsstudiar eller eksperiment som ikkje stadfestar hypotesen. Andre «upubliserbare» produkt kan vere bøker, konferansepresentasjonar, eller ei kunngjering av at ein har lagt ut eit datasett ein stad.

– Alle slike ting kan vi publisere. Og forskarar som lurer på å starte eit nytt tidsskrift, kan bruke UJ til å prøve det ut, seier Haring.

Internasjonal trend

Prosjektet er del av ein internasjonal trend i retning av forskarstyrt publisering, først og fremst leia av store forskingsfinansierande organisasjonar. Bill & Melinda Gates-stiftinga og Wellcome-stiftinga har begge laga plattformer for publisering av forsking som er finansiert gjennom dei. EU-kommisjonen arbeider med ei liknande løysing for EU-finansiert forsking.

– Men desse plattformene er avgrensa til å publisere forsking som er finansiert av desse aktørane, medan UJ kan vere meir inkluderande, seier Haring.

Eg får rett nok kommentarar om at ei slik plattform ikkje vil vere til hjelp for forskarar på tidleg karrierestadium, som er avhengige av å publisere i visse tidsskrift for å kunne byggje karriere. Men det er eit anna og overordna problem som ikkje kan løysast med denne typen tiltak. Og uansett kan ein ikkje halde fram med dagens publiseringsmodell.

  • Les meir: