Populistiske leiarar vil kvitte seg med kjønnsforsking
LUKK

Populistiske leiarar vil kvitte seg med kjønnsforsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 24. september 2019 kl. 18:51

Jair Bolsonaro i Brasil er ikkje den einaste høgrepopulisten som går til angrep på kjønnsforsking. Ekspert fryktar at antifeministiske verdiar trugar fridomen i akademia.

Populistiske leiarar som forsvarar eit tradisjonelt kvinnesyn og som snakkar nedsetjande om kjønn og kjønnsforsking, har fått regjeringsmakt i stadig fleire land.

I Ungarn har regjeringa til statsminister Viktor Orbán lagt ned to masterprogram i kjønnsstudiar, og i Brasil uttrykte president Jair Bolsonaro hatet sitt mot kjønnsforsking allereie i innsetjingstalen 1. januar 2019, der han lova å frigjere Brasil frå «kjønnsideologi» og «ideologi som forsvarar bandittar».

Ifølgje tidsskriftet Index on Censorship har akademikarar som underviser i kjønnsstudiar mista jobbane og finansieringa i fleire ulike land der populistiske leiarar går til angrep på såkalla «kjønnsideologi».

Orbáns visestatsminister Zsolt Semjen har tidlegare uttalt at kjønnsstudiar ikkje har nokon plass ved universitetet, fordi dette er «ein ideologi, og ikkje ein vitskap».  

– I ein del austeuropeiske land, som Ungarn, Russland, Tsjekkia og Polen, rapporterer kjønnsforskarar om at både forskinga og enkeltforskarar er under sterkt press. Ikkje minst ser vi dette i land som har ein svært konservativ familieideologi og som er skeptiske til annan kunnskap om kjønn. Vi ser det same også i Brasil, seier Linda Marie Rustad, som er direktør for Kilden, eit nasjonalt kunnskapssenter for kjønnsperspektiv og kjønnsbalanse i forsking. 

– Vi må ta inn over oss at i det ekstreme høgre ligg det ein sterk motstand mot kvinnefrigjering og kjønnslikestilling, seier Linda Marie Rustad. Foto: Kilden

– Ein global trend

Rustad seier kritikken mot kjønnsforsking i Europa og andre land er ein del av eit større politisk bilete.

– Det er del av ein større global trend, med motstand mot blant anna abort, innskrenking av kvinners rettar og innvandringsfiendskap. Konsekvensen av desse antifeministiske verdiane er at forskings- og ytringsfridomen i akademia blir sett under sterkare press.    

Ho fortel at nokre av forskarane blir møtt med hat. Kjønnsforskar og forfattar Andrea Pető er professor ved European Central University (ECU) i Budapest, eitt av universiteta i Ungarn som har mista masterprogrammet i kjønnsstudiar. Pető, som i tillegg til kjønn forskar på politikk og holocaust, har motteke anonyme trugsmål på e-post via nettsida academia.edu. Ifølgje tidsskriftet Index har universitetet tilbydd henne livvakt, noko professoren har sagt nei til.

I juli vedtok regjeringa i Ungarn ei lov som vil gje regjeringa til Orbán kontroll over forskingsinstitutta som er styrt av det ungarske vitskapsakademiet. Vedtaket har møtt sterk motstand blant akademikarar i Ungarn.

Allianse med kyrkja

I Polen er presset mot kjønnsforskinga knytt til den katolske kyrkja. Styremaktene, hand i hand med den katolske kyrkja, hevdar at ideen om «gender» eller sosialt kjønn, trugar samfunnet. Dette har påverka finansieringa av akademiske kjønnsstudiar også i Polen, og forskarar er skulda for å utfordre den tradisjonelle familierolla. Men enno har ikkje dette ført til ny lovgjeving, slik som i Ungarn.

Rustad seier at det som no skjer, er eit angrep på den akademiske fridomen.

– Desse høgreekstreme regjeringane er ueinige om mykje, men dei er heilt einige i motstanden sin mot «gender», det vil seie at dei nektar å forhalde seg til at kjønn er noko meir enn biologi.

Angrep i Sverige

Ifølgje Rustad er negative haldningar til kjønnsforsking også aukande i Sverige.

– Sverigedemokratarna bidreg heilt klart til politisk polarisering, og partiet ønskjer å regulere forskinga. Innbakt i politikken ligg ei svært konservativ kjønnsforståing, som rammar rettane til kvinner. Vi ser også eit politisk press mot lesbiske, homofile, biseksuelle og transkjønna (LHBT).

– Men finst det angrep på kjønnsforsking i Sverige?

– Eg veit at enkelte som jobbar med kjønnsforsking er utsette for hat og hatretorikk, blant anna på e-post. Og i desember fjor vart søsterorganisasjonen vår i Gøteborg, Nationella sekretariatet för genusforskning, utsett for eit angrep då ei bombeliknande gjenstand vart funne utanfor døra. Denne saka er framleis under etterforsking.

– Vi må ta inn over oss at i det ekstreme høgre ligg det ein sterk motstand mot kvinnefrigjering og kjønnslikestilling, seier Rustad.

– Må ikkje vere naive

I Noreg kom ein ny debatt rundt kjønnsforsking i samband med besøket av den kanadiske professoren Jordan Peterson i fjor vinter. Då handla det om forsking på menn.

– Heile premissen for debatten er at forskar du meir på kvinner, forskar du mindre på menn. Dette er ein del av polariseringa, seier Rustad.

Ho presiserer at dei politiske frontane i Noreg på langt nær er like steile som i nabolandet.

– Eg veit at enkelte norske kjønnsforskarar kvir seg for å delta i det offentlege ordskiftet av frykt for nett-troll. Sjølv om vi ikkje har skarpe frontar i norsk akademia i dag, hadde det vore interessant å vite meir om norske forskarar som mottek hatefulle ytringar og kva desse går ut på. Vi må ikkje vere naive. Også akademia blir påverka av globale politiske trendar.

  • Les meir: