Strukturendringane har gått hand i hand med eit svekka demokrati på arbeidsplassane

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 6. mars 2019

LEIAR: Når universiteta og høgskulane veks, vert avstanden til toppen større. Ein kan mistenkje nokre leiarar for å tykkje det er heilt topp, skriv redaktør Kjetil A. Brottveit.

I 2004 hadde vi fire universitet i Noreg. No har vi ti. Mange høgskular har dessutan slått seg saman med universitet (døme: NTNU) eller med kvarandre (døme: Høgskulen på Vestlandet). Institusjonane har blitt færre samtidig som sektoren for forsking og høgare utdanning har auka i kroner, talet på tilsette og studentar.

Kjetil Brottveit, redaktør i Forskerforum

Når det gjeld den politiske bakgrunnen for samanslåingane, peikar to prosessar seg ut som viktigast. I 2008 kom utgreiinga «Sett under ett – ny struktur i høyere utdanning». Steinar Stjernø leia utvalet som føreslo å slå saman universitet og statlege høgskular til åtte-ti landsdelsuniversitet. Om nødvendig, måtte ein tvinge institusjonane til samanslåingar. Den gongen fanst verken politisk vilje eller nok støtte blant universitet og høgskular til å gjennomføre det radikale tiltaket. Partifellen til Stjernø, forskingsminister Tora Aasland (SV) la framlegget bort.

Etter nokre år med bruk av gulrøter for å få institusjonane til å samordne seg, var tida i 2015 mogen for å gjere noko drastisk med universitets- og høgskulelandskapet. Det tykte iallfall kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som kom med si «strukturreform», med mykje tankegods og argumentasjon frå Stjernø-utvalet: Vi har så mange universitet og høgskular her i landet. Dei må vere færre og sterkare. Det vart rett og slett så mykje tale om robuste fagmiljø, at ordet robust vart øydelagt for all framtid.

Denne gongen vart det politisk fleirtal for samanslåingane. Strategien var smidig, men langt unna maktsky: Institusjonane vart sette i ein situasjon der det ikkje var eit spørsmål om dei skulle slå seg saman, men med kven. Arkitektane bak strukturreforma – Røe Isaksen og statsekretær Bjørn Haugstad – dreiv vellykka maktpolitikk med eit smil. Parallelt med påtrykket frå Kunnskapsdepartementet og regjeringa om fusjonar, vart vilkåra for toppstyring betre: Universitets- og høgskulelova vart endra til at tilsetting av rektor ovanfrå – i staden for val nedanfrå – vart hovudmodellen. Vidare skulle departementet utpeike eit eksternt styremedlem til å vere styreleiar.

Så no sit vi der. Med gilde universitet og høgskular, mange av dei nyfusjonerte, med mykje god forsking og utdanning. Det har likevel kome ei uro over dei, og toppfolka klarar ikkje heilt å smile det vekk.

Fusjonane gjekk stort sett fort og toppstyrt gjennom. Skal ein få gjort noko her i verda, må ein, som vi veit, ikkje vere handlingslamma, men kutte gordiske knutar, knuse egg, presse tannkrem ut av tuben. Det er som om denne smilande maktpolitikken har festa seg i høgare sjikt rundt om på lærestadene. Institusjonane har endra seg mykje – dei er større og/eller har klatra til universitetsstatus. Sett frå eit tilsett- eller fagforeiningssynspunkt, har medverknaden i desse omstillingane vore mangelfull.

No skulle vi helst ha nærma oss ein harmoni eller normalsituasjon, men misnøya har òg festa seg. Strukturendringane har gått hand i hand med eit svekka demokrati på arbeidsplassane. Instituttstyra vert færre, leiargruppene vert fleire. Fyrst har ein kanskje – kan hende til og med på kvalifisert grunnlag – vore motstandar av omstilling eller fusjon, utan å verte høyrd. Så skal den nye organisasjonen formast, og avstanden til der dei viktige avgjerslene vert tekne har auka. Organisasjonskarta er strammare, med færre vegar til toppen, men dei er lengre. Fleire av dei nye universiteta og høgskulane er òg spreidde geografisk, noko som kan svekke både den formelle og uformelle kontakten med leiarar. Dermed vert innverknaden den enkelte har både på eigen arbeidssituasjon og på utviklinga av institusjonen redusert.

I februar arrangerte NTNU ein «strukturkonferanse» med oppsummeringar av røynslene frå fusjonen. Fleire ytringar i Universitetsavisa etterpå har skildra konferansen som topptung og lite reelt læringsviljug. Ei, vil eg tru, symptomatisk oppsummering, fann eg i kommentarfeltet, der nokon modig skreiv: «Ansatte flest (her snakker jeg primært for meg selv) klarer ikke helt å forstå oss på disse prosessene, fordi de går så fort og fordi det er så vanskelig å forstå hvem det egentlig er som vil ha det sånn.» Då trur eg ein del av toppane har fått det omtrent som dei ville ha det: Dei som har noko med det er færre og færre.

I Forskerforum vil vi ha slike problemstillingar fram, sett frå alle hald. Etter at Aksel Kjær Vidnes skreiv ein kommentar om avdemokratisering, har vi fått inn fleire innlegg med skildringar og synspunkt på korleis stoda er på eigen arbeidsplass. Les debatten, så kan de tørke tårene og knyte nevane. Dersom de har tid.