Styret i Forskingsrådet abdiserer
LUKK

Instituttsektor:

Styret i Forskingsrådet abdiserer

Av forskar Eivind Brendehaug, leiar av Forskerforbundet ved Vestlandsforsking

Publisert 17. januar 2019 kl. 15:39

Hovudstyret i Forskingsrådet abdiserer i saka om minstekrav til storleik på forskingsinstitutta. No retter statsråden opp Forskningsrådets uforstand, skriv Eivind Brendehaug.

Det er gledelig at statsråd Iselin Nybø har kortslutta forslaget frå Norges Forskningsråd (NFR) om å endre kravet for å få basisbevilling frå 20 til 40 forskarårsverk, men det fritek ikkje hovudstyret i NFR for å grunngi sitt syn.

Etter det vi kunne lese i førre Forskerforum valde hovudstyret i NFR å ikkje ha noka meining i saka då dei skulle gi uttale til departementet etter høyringa om instituttpolitikken. Grunngjevinga var at representantar i styret representerte sektorinteresser. Hovudstyret overlèt til administrasjonen å gi uttale frå Norges forskningsråd til departementet i saka.

Forskningsrådet har ifølgje vedtektene eit strategisk ansvar for instituttsektoren. Difor er det grunn til å hevde at hovudstyret ikkje tok det strategiske ansvaret dei er pålagde; dei abdiserte i instituttpolitikken. Det er oppsiktsvekkande. Kvifor ville ikkje hovudstyret vere med på å forme infrastrukturen for forsking?

Ei ikkje-avgjerd

«Det er gledelig at statsråd Iselin Nybø har kortslutta forslaget frå Norges Forskningsråd (NFR)», skriv Eivind Brendehaug. Foto: Vestlandsforsking

Det er grunn til å tru at dominerande aktørar i hovudstyret såg seg tent med å skape ei oppfatning av at rammevilkåra for institutta er sektorinteresser. Er det slik at når rammevilkåra for universitets- og høgskulesektoren vert debatterte, blir representantar frå universitet og høgskular omtalte som sektorinteresser? Nei, det skjer sjølvsagt ikkje.

Nyttar vi Steven Lukes sine maktomgrep på det som skjedde i hovudstyret, kan vi omtale det som utøving av definisjonsmakt, også omtalt som kulturell makt: makt som formar situasjonsforståing og handlingsval.

Oppfatninga av at rammevilkåra for instituttstrukturen er sektorinteresser har så danna grunnlaget for utøving av institusjonell makt: ei ikkje-avgjerd i hovudstyret. Det er overraskande at heile hovudstyret gjekk med på dette.

Opnar for vilkårleg maktbruk

Hovudstyret overlét til administrasjonen i Forskningsrådet å gi innstilling til departementet i saka. Administrasjonen har meiningar i saka.

Etter høyringa har administrasjonen i Forskningsrådet gått bort frå ei absolutt grense ved 40 årsverk. No går administrasjonen, etter det det Forskerforum skriv, inn for ei skjønsmessig vurdering om institutt som har mellom 20 og 40 årsverk, er robuste. Kven skulle gjere den vurderinga? Var det marknaden som institutta hentar 80–90 prosent av inntektene sine frå? Nei, det var administrasjonen i Forskningsrådet som var meint å gjere vurderinga.

I dag er kriteria for tildeling av basisløyving opne, klare og objektive; dei gir institutta føreseielege vilkår. Institutta kan tilpasse seg for å få basisløyving. Forskingsrådet ville over på ei «skjønnsmessig vurdering». Institutta vil då ikkje sjølve få kontroll på forholdet mellom eiga tilpassing og basisløyving.

Sjølv om det er mange dyktige folk i administrasjonen til Forskingsrådet, opnar ei skjønnsmessige vurdering for vilkårleg maktbruk. Er det i samsvar med ein moderne styringsfilosofi?

Halde fast ved rammevilkår

I 2016/2017 vart det gjennomført ei omfattande evaluering av dei samfunnsfaglege forskingsinstitutta (fleire av dei som vert råka av dei foreslått nye krava), på oppdrag av NFR. Forskarpanelet som utførte evalueringa, tilrådde at ein heldt fast ved dei noverande rammevilkåra for basisbevilling (mellom anna 20 forskarårsverk).

Panelet, som var samansett av internasjonale forskarar, uttalte: «Den nasjonale instituttpolitikken bør anerkjenne verdien av bidraget og rollen til instituttsektoren som helhet, så vel som særtrekkene som følger av de spesifikke formålene til de enkelte institutt, og være forsiktig med å måle instituttenes prestasjoner ut fra «one size fits all» – indikatorer.»

Kan vurdere eigen styrke

Av dei 22 samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta som vart evaluerte i 2017, har seks institutt gått inn i fusjonsprosessar eller er nedlagde. Viser ikkje det at dagens rammevilkår gir institutta ein tilstrekkeleg stimulans til sjølve å vurdere eigen styrke og gjere naudsynte tiltak?

Kvifor ville Forskningsrådet ta bort opne og objektive kriterium for tildeling av basisbevilling som gir føreseielege vilkår for institutta?

Takk til Iselin Nybø som retta opp uforstanden i Forskningsrådets forslag til instituttpolitikk.

  • Les også: