Valnemnda i Forskerforbundet vil ta Steinnes inn i varmen
Annonse
Annonse

Valnemnda i Forskerforbundet vil ta Steinnes inn i varmen

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. september 2021

Kristian Steinnes ved NTNU er foreslått som nytt medlem av hovudstyret i Forskerforbundet. Men det er ikkje lokallaget ved NTNU som står bak forslaget. – Vi er svært overraska, seier lokallagsleiaren.

Fakta
Valkomiteens innstilling:
Leiar
Guro Elisabeth Lind, leiar i Forskerforbundet

Nestleiar
Kristian Vilhelm Eger Mollestad, Presteforeningen – ny

Medlemmer
Sebastian Eiter, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Kristin Lofthus Hope, Høgskulen på Vestlandet (HVL) – ny
Belinda Eikås Skjøstad, Universitetet i Oslo (UiO)
Kristian Steinnes, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) – ny
Hugues Verdure, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT) – ny

Varamedlemmer
1. varamedlem: Bente Ovèdie Skogvang, Høgskolen i Innlandet – ny
2. varamedlem: Randi Godø, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design – ny
3. varamedlem: Gisle Andersen, NORCE – Norwegian Research Center – ny
Då valkomiteen i Forskerforbundet la fram innstillinga til nytt hovudstyre, var det fleire nye namn på lista (sjå faktaboks). Kristian Steinnes er foreslått som representant frå NTNU. Namnet er godt kjent frå spaltene til Khrono, Universitetsavisa og Forskerforum dei siste åra, på grunn av ein langvarig arbeidskonflikt mellom Steinnes og leiinga ved tidlegare Institutt for historiske studiar ved NTNU.

Vart tvangsflytta

Steinnes, som i mange år var tillitsvald og leiar i lokallaget for Forskerforbundet, har uttalt at opphavet til konflikten var at han som tillitsvald har teke opp saker som gjorde at han vart upopulær hjå leiinga. Arbeidskonflikten førte til at Steinnes vart tvangsflytta til eit anna institutt.

Då Steinnes søkte Forskerforbundet om økonomisk støtte til ekstern advokat, fekk han avslag, men lokallaget ved Universitet i Bergen (UiB) vedtok å støtte Steinnes med 40 000 kroner. Dette førte til sterke reaksjonar i lokallaget ved NTNU, og dåverande leiar i lokallaget, Jon Anders Risvaag, reagerte sterkt på innblandinga frå fagforeiningskollegaene ved UiB. Dette oppleves som utilbørlig, uttalte han til Khrono. Men også kollegaer til Steinnes har samla inn pengar.

Annonse

Den såkalla Steinnes-saka førte til at NTNU-leiinga sette i gang ei faktakartlegging av forholda ved instituttet, og i ein rapport fekk leiinga hard kritikk for handteringa av konflikten. For å løyse problemet vart instituttet til slutt delt i to.

– Har lagt konflikten bak meg

– Det er veldig kjedeleg å få namnet sitt knytt til ein konflikt på den måten, både for meg og arbeidsplassen, seier Steinnes, som i dag er professor ved Institutt for moderne samfunnshistorie ved NTNU.

– Korleis har konflikten du har stått i påverka deg som fagforeiningsperson?

– Eg har lagt dette bak meg, men konflikten har styrkt synet mitt på kor viktig det er å ha ei god fagforeining i ryggen.

– Kvifor stiller du til val?

– Eg trur eg har mykje å bidra med. Eg har engasjert meg i fagforeiningsarbeid over mange år, og har vore både nestleiar og leiar ved lokallaget ved NTNU. I min leiarperiode var det ein stor fusjon ved NTNU, og i tillegg mange andre viktige saker for medlemmene. Eg har tung og variert erfaring. Ei av hjartesakene mine er å styrke fagforeiningsarbeidet, for eg meiner dette blir stadig viktigare i institusjonar som blir meir og meir toppstyrte.

Ei nyttig erfaring

Steinnes trur det han har opplevd kan kome til nytte som styremedlem i Forskerforbundet.  

– Det har vore ei nyttig erfaring, som alle andre erfaringar eg har. Ein arbeidskonflikt er ikkje eindimensjonal, men har mange sider.

– Då du stod midt i konflikten ville lokallaget ved UiB gje deg pengar, medan Forskerforbundet sentralt ikkje ville støtte deg med ekstern advokat. Kva tenker du om dette i dag?

– Etter at Forskerforbundet sentralt kalla meg inn til eit møte, fekk eg etter kvart svært god oppfølging. Eg har ingen vonde kjensler overfor Forskerforbundet, tvert imot. I så fall hadde eg ikkje stilt opp som representant til styret.

NTNU har foreslått heilt andre personar

Men det er ikkje lokallaget ved NTNU som har fremja forslag om Steinnes.

– Vi er svært overraska, for lokallaget ved NTNU har foreslått heilt andre personar for valkomiteen, seier styreleiar Patric Wallin i Forskerforbundet ved NTNU.

Vi er svært overraska, og opplever prosessen som problematisk, seier Patric Wallin, lokallagsleier i Forskerforbundet ved NTNU.

– Som nest største lokallag i Forskerforbundet vil vi gjerne ha ein representant inn i hovudstyret som har eit verv i lokallaget, noko Steinnes ikkje har hatt på mange år. Vi opplever prosessen som problematisk, seier Wallin. Han seier saka skal diskuterast i styret i lokallaget.

På representantskapsmøtet kan alt skje

Leiar i valkomiteen Toril Ivarsøy seier det er mykje å ta omsyn til når kabalen til eit hovudstyre skal leggast.

– Vi skal leggje vekt på kjønnsfordeling, representasjon frå ulike landsdelar, institusjonar, stillingskategoriar og breidde i kompetanseområde, seier Ivarsøy, som tidlegare var nestleiar i lokallaget ved UiB. Ho er i dag tillitsvald i Utanriksdepartementet, men jobbar for tida i den norske ambassaden i Moskva.

Ivarsøy seier valkomiteen er veldig nøgd med forslaget til styrerepresentantar.

– Men på representantskapsmøtet kan jo alt skje, det har vi sett før. Dei utsendte representantane kan kome med heilt andre forslag, uttaler ho.

– Lokallaget ved NTNU vart veldig overraska over at Steinnes er foreslått. Dei har kome med framlegg til heilt andre personar?

– Ja, det er greitt å vere overraska. Vi har fått mange ulike innspel frå lokallag og personar, og så har vi som sit i valkomiteen også tenkt ein del sjølve, seier Ivarsøy.

– Glad for at Lind og Mollestad stiller

Valkomiteen har også innstilt på at Guro Lind held fram som leiar og at Kristian Mollestad blir ny nestleiar. Ivarsøy seier dei i valkomiteen er veldig glade for at dei to stiller til val.

– Mollestad har lang erfaring som hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Universitetet i Oslo (UiO), og har også tidlegare site ein periode i hovudstyret. Som forhandlingsleiar i Presteforeningen har han fått erfaring frå andre forhandlingsområde, og dette er ein stor styrke.

– Eg har framleis hjartet mitt i Forskerforbundet, sier Kristian Mollestad. Foto: Presteforeningen

Mollestad er glad for å bli innstilt til nestleiarvervet.

– Forskerforbundet er framleis hjartebarnet mitt, sjølv om eg også er veldig glad i Presteforeningen, seier Mollestad.

– Eg gjekk frå å vere hovudtillitsvald til å bli forhandlingssjef, og har drive med opplæring og kurs for tillitsvalde i Presteforeningen. Å støtte tillitsvalde har vore ein viktig del av jobben.

Det er fem år sidan Mollestad slutta ved UiO. Men no kan det bli fulltidsjobb i Forskerforbundet.

– Eg sat i hovudstyret då det vart vedteke at også nestleiar skulle vere vald, og ikkje berre bli konstituert av styret. Frå 1. januar vil nestleiarvervet vere ein hundre prosent stilling, så dette blir jobben min i tre år om eg blir vald. Eg ser fram til å kunne vere ein del av den daglege leiinga, og å kunne vere ei støtte for leiaren.

– Vil jobbe for meir medbestemming

– Kva saker vil du jobbe for?

– Eg støttar Guro Lind i at betre lønn for dei med høgare utdanning er noko av det viktigaste framover. Vi må finne ut kvifor det ikkje lønner seg å ta lang utdanning. Ei anna sak eg er oppteken av, er medbestemming, som har vore truga lenge. I mi tid som tillitsvald kunne tillitsvalde oppleve å bli sett på sidelinja i viktige avgjerder. Men eg trur kanskje dette er i ferd med å snu. Eg trur mange finn ut at om ei verksemd skal fungere, er ein avhengig av fagforeiningane, seier Mollestad.

  • Les også: