Verdien av lærarerfaring
LUKK

Lærarutdanning:

Verdien av lærarerfaring

Av Kåre Fuglseth, professor ved Fakultet for lærerutdanning, kunst og kultur ved Nord universitet

Publisert 31. mai 2023 kl. 16:11

Erfaring frå arbeidslivet er ei sentral kjelde til kunnskap. Dette kan vi bruke til å forbetre lærarutdanninga i distrikta, meiner Kåre Fuglseth.

Diskusjonen kring gjenetableringa av lærarutdanningane i Nesna har løfta fram ei rad sentrale tema om utdanning i distrikta og avdekt negative konsekvensar av den femårige grunnskulelærarutdanninga for små kommunar og distriktsskular.

Grunnskulelærarutdanningane (GLU) er i utgangspunktet ei særs politisk styrt utdanning, ei styring som skal sørgje for at utdanninga er nasjonal. Endringar i utdanninga vil difor òg måtte vere politisk styrt. I diskusjonen om kva for endringar som må til, må vi ta utgangspunkt i problema desse utdanningane no står i.

Det er på tide å prøve nokre nye løysingar og bringe desse lærarutdanningane inn i diskusjonen om deltaking i læringsaktivitetar i arbeidslivet og framtidig kompetansebehov.

Problema for lærarutdanningane

Problema for utdanninga er velkjende: Studiet tapar i konkurransen med andre yrkes- eller profesjonsutdanningar. Det er òg ein gjengangar i studentevalueringar at studentane vil ha meir praksis. Her er nok rom for å gjere arbeidsrelevansen av utdanninga betre og tydelegare. Utdanninga er lang og integrert, det vil seie at det ikkje går an å hoppe av eller kome inn med andre fag eller praksiserfaring eller endre utdanningstype mellom GLU 17 og GLU 5–10.

Det største problemet i distrikta er likevel at dei har for få skulefag. Ein lærar for klassetrinna 1–7 går ut med å vere godkjend for å undervise i tre eller fire skulefag, og ein lærar i klassetrinna 5–10 med to eller tre fag.

Skulane må tilsette fleire lærarar, og lærarane må undervise i fleire fag dei ikkje har utdanning i. Dette verkar også sentraliserande.

Intensjonen var god

Intensjonen med den femårige masterutdanninga var god. Læraryrket er blitt meir samansett eller komplekst med mange nye oppgåver ut over dei reint faglege. I tillegg har kunnskapsmengda i skulefaga auka enormt. Lærarane må forstå grunngjevinga for stoffutvalet – i lys av fagforståing og danningsformålet med skulen. Alt dette krev lengre utdanning.

Kan vi finne ei ordning som bøter på problema utan å fjerne det femårige løpet?

Praksis med løn og fleire skulefag

Det ville vere ei sentral oppgåve for eit eventuelt nasjonalt senter for desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking i Nesna å setje i gang med forsøksordningar med alternativ organisering.

Senteret er omtala i Hurdalsplattforma. Her kan vi tenkje oss fleire måtar å gjere det på, men det er best med forsøk som held seg så tett inntil dagens forskrift med nasjonal rammeplan som mogleg.

Ei enkel løysing kunne vere å gjere om på dei to siste åra av utdanninga. I staden for faget pedagogikk og elevkunnskap (PEL) og første del av masterfaget kan ein opne opp for to nye eller eitt nytt skulefag på anten 30 eller 60 poeng i det 4. året.

Så kan studentane gå i betalt praksis med full løn medan dei tek resten av utdanninga, eller kome tilbake til utdanninga og fullføre innan ei viss tid. Masteroppgåva knyter dei då tett til dei erfaringane dei har fått i praksis. Dette vil bøte på at dei får få fag, og at dei ikkje får nok rettleia praksis. Utdanninga totalt sett blir meir arbeidsrelevant.

Lære av erfaring

I forskingsmiljøet ved Nord universitet som har spesialisert seg på praksisforsking (Senter for praktisk kunnskap), kallar vi dette å lære av erfaring for kompetansemobilisering.

Med unntak av grunnforsking skjer jo innovasjon og utvikling i stor grad i arbeidslivet. Om vi tek det på alvor, må vi gje yrkesutøvarane verktøy til å skildre, prøve eller teste og til å fornye det som alt finst i praksis, med erfaring som ei sentral kunnskapskjelde.

Det er såleis ikkje akademisering av profesjonsutdanninga som er problemet når det gjeld å skape arbeidsrelevans, problemet er at teoretiseringa så lett går i feil retning. Vi kan mobilisere den kunnskapen og dugleiken yrkesutøvarane med lang erfaring allereie har.

Denne tenkinga kan vi kombinere med ein ny type lærarutdanning. Det har tidlegare ikkje vore politisk vilje til å prøve ut alternative løysingar, men med dagens regjering og stortingsfleirtal burde det ikkje lenger vere det største hinderet.

Debattinnlegget bygger på et innlegg Kåre Fuglseth holdt på utdanningskonferansen på Nesna 21. mars 2023.

  • Les også: