NTNU vil ha meir ut av forskingssamarbeidet med EU. Eige kontor i Brussel er eitt av fleire moglege tiltak.

ntnu-vurderer-brussel-kontor

– Førebels er dette ein intern diskusjon vi skal ta utover hausten. Men bakgrunnen er at vi ønskjer betre fagleg deltaking i Brussel, forstått som den europeiske forskingsarenaen, seier Nina Sindre, internasjonal koordinator i rektors stab.

– Vi treng betre oversikt over dei toneangivande aktørane og kven som er interessante konsortiepartnarar, og vi treng at fagmiljøa våre koplar seg opp mot desse. Målet er både å vere med på å utforme forskingspolitikken og dei konkrete utlysingane, og å kome med i «vinnarkonsortia».

Regjeringa hevar ambisjonane

I juni i år la regjeringa fram strategien sin for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Her blir ambisjonane for norsk deltaking i Horisont 2020 og Det europeiske forskingsområdet (ERA) lagde svært høgt. Målet er at to prosent av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal hamne på norske hender, ein auke på vel 60 prosent samanlikna med det sjuande rammeprogrammet.

I den internasjonale handlingsplanen sin, som nyleg vart vedteken i styret, har NTNU sett som mål å oppnå eit aktivitetsnivå i Horisont 2020 tilsvarande ein milliard kroner for heile programperioden. Ein person permanent på plass i Brussel er eitt av mange moglege tiltak som blir vurderte.

– Ei hovudutfordring er at mange av faggruppene våre har ei rekkje plikter og oppgåver som går ut over kapasiteten deira til å pleie kontakt med europeiske aktørar. Eit eventuelt Brussel-kontor kan hjelpe til med å senke terskelen. Sjølvsagt vil det vere avgjerande at vi finn rett person til å leie kontoret, seier Sindre.

Må vite kva ein vil

Forskingsrådet, som også har mykje av ansvaret for å oppnå målsettinga som regjeringa har for EU-forskinga, har hatt eit eige Brussel-kontor sidan 2005. Kontoret er bemanna med ein leiar og ein assistent, og kan ta imot hospitantar frå institusjonar i UH-sektoren.

– Det er viktig å ha nokon her som berre har til oppgåve å følgje med og fange opp det som skjer. Internett kan aldri erstatte det personlege nærværet, seier leiar Yngve Foss, som vedgår at dei gjerne kunne ha vore fleire tilsette. Foss meiner mange norske forskingsaktørar med fordel kunne brukt kontoret meir aktivt for å nå eigne målsettingar innanfor europeisk forskingssamarbeid.

– Det er positivt at NTNU tenkjer offensivt om EU-deltakinga si, og dei har jo allereie lang erfaring med å leite aktivt etter nye samarbeidskonstellasjonar. Regjeringsstrategien seier at forskingssamarbeid med EU ikkje lenger skal vere opp til den einskilde forskaren, men vere innbygd i den måten institusjonen opererer på, peiker han på.

– Det vil vere ei stor hjelp å ha ein strategi for kva ein eigentleg vil oppnå, og korleis EU-programma kan brukast til å oppnå det. Då vil det også bli lettare å bruke kontoret vårt meir målretta, seier han.

Konkurransen norske forskarar møter i Europa, blir hardare.

– Ikkje vent på utlysingane

Forskingsråd ved den norske EU-delegasjonen i Brussel, Erik Yssen, fortel at norske forskingsinstitusjonar har mange moglegheiter til å vere med å utforme EU sin forskingspolitikk. Men det gjeld å vere tidleg ute.

– Horisont 2020 blir operasjonalisert gjennom toårige arbeidsprogram. No er arbeidsprogrammet for 2016 og 2017 under utarbeiding, og Noreg kan kome med innspel mellom anna gjennom programkomiteane, der vi har talerett, seier Yssen.

Han trur det er mykje å vinne på å vere proaktiv.

– Å vente til utlysingane er ute kan innebere at ein kjem seint på banen. Det kan svare seg å kome i kontakt med andre aktørar og vere med i europeiske nettverk.

Møter sterkare konkurranse

Yngve Foss ved Brussel-kontoret til Forskingsrådet peikar på at regjeringsstrategien legg opp til å sjå Horisont 2020 og ERA som ein del av den samla norske forskingsinnsatsen.

– Fordelen for norsk forsking er at Noreg framleis har nasjonale midlar. Mange andre land har kutta i dei nasjonale forskingssatsingane sine. Men det vil også seie at her kjem det eit trykk frå fleire kantar: Ikkje berre møter norske forskarar eit nasjonalt krav om større utteljing i EU, men konkurransen dei møter i Europa, blir også hardare.

Nina Sindre ved NTNU fortel at dei har, og framleis vil ha, eit godt samarbeid med Forskingsrådet sitt Brussel-kontor.

– Men vi kan ikkje vente at dei skal kunne gå i djupna på kva våre fagmiljø har bruk for. Det er ein jobb vi må gjere sjølve.