Arbeiderpartiet vil ha utdanning over heile landet. Er dette ein ny moglegheit for Nesna?
LUKK

Arbeiderpartiet vil ha utdanning over heile landet. Er dette ein ny moglegheit for Nesna?

Av Johanne Landsverk

Publisert 14. april 2021 kl. 16:48

Ap foreslår ei ny reform for desentralisert utdanning og nye utdanningssenter i distrikta.

Ei av sakene som blir lagd fram på landsmøtet i Arbeiderpartiet (Ap) før helga er framlegget om ei reform for utdanning i distrikta. Ap ønskjer ein ny institusjon i sektoren: utdanningssenter.

– Vi ser at universitetene våre ikke når helt ut med tilbudene sine, og mange steder er det langt til campus, uttaler Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

Jonas Gahr Støre. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Han seier slike utdanningssenter ikkje skal kome i konkurranse med eksisterande lærestader. Men det er universiteta og høgskulane som skal stå for undervisninga ved sentera.

– De skal etableres der hvor universitetene og høyskolene ikke dekker lokale og regionale behov for utdanning, uttaler Støre.

Utdanningssenter får nøkkelrolle

I eit eige skriv utarbeidd av Ap heiter det at dei nye utdanningssentera vil spele ei nøkkelrolle i å tilby etter- og vidareutdanning, satsing på fagutdanning for vaksne og utdanning av fleire lærarar og sjukepleiarar. Sentera skal vere eigd av fylka med statleg finansiering, i tett dialog med partane i arbeidslivet lokalt.

Torstein Tvedt Solberg, som er utdanningspolitisk talsperson for Ap, seier dei nye utdanningssentera vil likne på studiesenter som allereie finst i dag, til dømes Høgskolesenteret i Kristiansund. Der er det Høgskolen i Molde og Dronning Maud Minnes høgskole som står for utdanninga.

– Vi ønskjer å forsterke rolla slike senter har for utdanning i distrikta, og vi vil bidra med statleg finansiering.

– Vil kunne ta lærarutdanning der ein bur

– Vi tek desentralisert utdanning på alvor, seier Torstein Tvedt Solberg (Ap). Foto: Stortinget

– Ap vil at alle som ønskjer det, skal kunne bli for eksempel lærar, sjukepleiar og barnehagelærar der dei bur.

– Dette høyrest meir ut som Senterpartiet?

– Vi har vel heller gått Senterpartiet ein høg gang når vi så tydeleg meiner det må takast større grep for desentralisert utdanning. Det er klassisk Ap-politikk å jobbe for kompetansearbeidsplassar i distrikta. Men det nye er at vi tek desentralisert utdanning på større alvor, for å snu utviklinga. Dei siste åra har det vore ei sterk sentralisering av utdanning mange stader i landet, og for mange er det langt å reise for å ta utdanning. Så det er desse svarte hola vi ønskjer å fylle.

Kan dette redde Nesna?

Ordførar i Nesna Hanne Davidsen (Ap) er glad for at partiet hennar vil satse på utdanning i distrikta.

– Er dette ein ny moglegheit for høgare utdanning i Nesna?

– Ja, det vil eg seie. Det er mange parti som har støtta oss etter at høgskulen vart lagt ned, og vi meiner det er godt begrunna med høgare utdanning her. Vi ønskjer oss primært lærarutdanning her i Nesna, og det har Støre lova at vi skal få tilbake hit.

– Men det er ikkje eit utdanningssenter du ønskjer?

– Nei, vi ønskjer primært å få tilbake lærarutdanninga som ein institusjon i dei gamle lokala her i Nesna, seier Davidsen. 

Ho støttar forslaget om senter for utdanning andre stader. 

– Det er ei sentralisering i dag som gjer at ein ikkje får utdanna nok kompetanse i alle delar av landet. Så dette er svært viktig, særleg innanfor helse og skule, seier ho.

Ap sitt mål med reforma:

Utdanne dei fagfolka arbeidslivet og kommunane treng, for eksempel lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar, men også fagskule til industri og offentlig sektor.
Eks 1: Dekke lærarmangel i skule og barnehage og sjukepleieunderskottet.
Eks 2: Gje vaksne høve til å fullføre vidaregåande opplæring.
Eks 3: Gje fagarbeidarar høve til å utvikle seg og ta fagskulekurs. 

Rigge om systemet til livslang læring, som dei aller fleste vil ha behov for. Det er slutt på tida då ein var ferdig utdanna som 24-åring. Vi må opne opp utdannings-Noreg for livslang læring, men vi kan ikkje basere alt på at folk fysisk skal reise til universiteta (ofte i storbyane) for å ta meir utdanning.

Skape berekraftige lokalsamfunn. Vi veit at fleirtalet blir buande der dei tek utdanning, og at mange flyttar til storbyane for å skaffe seg kompetanse. Ap meiner alvor med at folk skal kunne bu og utvikle seg over heile landet. Då må også utdanningssystemet legge til rette for det.
Kjelde: Arbeiderpartiet
  • Les også: