Det har hendt ei dreiing vekk frå eksellens
LUKK

Det har hendt ei dreiing vekk frå eksellens

Av Redaktør Kjetil Brottveit

Publisert 25. mai 2023 kl. 13:02

Eksellensen har falma som moteord og målestokk for forsking og høgare utdanning. Kva skal vi putte inn i staden?

Eitt av glansnummera til Petter Aaslestad, tidlegare leiar av Forskerforbundet, var å raljere med den «eksellente» ordbruken om forskinga i Noreg. Som i ei spalte i Forskerforum nr. 3/2015: «På høringskonferansen sa kunnskapsministeren, i forbindelse med kvalitet, at vi skal konkurrere om verdensmesterskapet hver eneste dag. Det er vel å ta litt hardt i? Hvis verdensmesterskapet blir en daglig foreteelse, innlemmes det i hverdagslivets trivialiteter. Forskning og høyere utdanning har flere mål enn å sanke gullmedaljer. Det hadde vært stimulerende for debatten om politikere – og institusjonsledere – i sin kvalitetsdiskurs også kunne bevege seg utenfor de forslitte idrettsmetaforene.»

Eksellens finst framleis ikkje i norske ordbøker, men har vore eitt av dei store moteorda i forsking og høgare utdanning. I same språklege landskap finn vi adjektiva eksellent og fremragende/framifrå, som i dei høgthengande sentertildelingane frå Forskingsrådet.

Ein ljos ide, som eg ikkje skal ta æra for, dukka opp på eit redaksjonsmøte: Er eksellens-praten på retur? Og i så fall: Er det berre ordvala som har endra seg, eller markerer det òg ein annan politikk?

Farvel til eksellens
Langlesning:
Farvel til eksellens

Hovudsaka i denne utgåva tek for seg dette emnet. Vi finn langt på veg støtte for at det har hendt ei dreiing. Fleire av dei intervjua er inne på at samfunnsnytte og samfunnsoppdrag i staden har fått større plass. Eg vil nemne eit par parallellar: Eksellens vs. samfunnsoppdrag minner om ordparet kvalitet vs. relevans og diskusjonen om kva ein skal leggje mest vekt på, til dømes når Forskingsrådet handsamar søknader om støtte. Eit døme på perversjon er å bruke mykje tankekraft på å passe inn under prioriterte program ved hjelp av utvendige ord. I verste fall kan det gå på kvaliteten laus.

Ordparet minner meg òg om topp vs. breidde-diskusjonen, som vi kjenner frå både forsking og idrett. Eit fyndord er «breidde skapar topp», men kor mykje ressursar skal toppane få i høve til breidda? Kor tidleg skal sorteringa starte? Og skal foreldra til «jenter 12» jobbe dugnad for å finansiere A-laget? Orsak sportsmetaforane, Aaslestad.

Eg har ikkje noko imot at pendelen ser ut til å ha svinga vekk frå eksellensen. Det beste kan verte det godes fiende, og eg er tilhengar av ei brei og demokratisk fordeling av forskingsmidla. Men motstykket til eksellens og spissing treng ikkje vere breidde. Det kan vere spissing mot relevans, og kva er relevans? No for tida tyder det gjerne «innovasjon», «det næringslivet treng» eller «det samfunnet vil trenge i framtida». Frode Helland, dekan ved Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Oslo seier det slik i hovudsaka: «Eg merkar ei veldig stor vekt på nytte og effektivitet og økonomisk gevinst, på produktivitet og konkurransedyktig næringsliv. Det er vanskeleg å tenkje seg at det er gode grunnrasjonale for å utvikle eit godt forskingssystem. Kunnskapsutvikling blir jo driven av nysgjerrigheit.»

Nyttetenkinga som Helland er inne på er sterkt til stades i to nylege styringsdokument frå regjeringa: langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som kom fjor haust, og i utsynsmeldinga, som dei la fram før påske. Langtidsplanen er med rette kritisert for å ikkje innehalde forpliktande økonomiske prioriteringar. Til gjengjeld er dei faglege prioriteringane mange: seks tematiske satsingar, som «hav og kyst» og «helse» og to nasjonale samfunnnsoppdrag, som «berekraftig fôr». Utsynsmeldinga strammar skruen endå meir til. Regjeringa vil prioritere studieplassar innan IKT, helse og grøn omstilling. Universitets- og høgskulesektoren er var for politiske signal, og på stutt tid var ord som «utsynsfag» og «utsynsutdanningar» noko som verserte. Statsråd Ola Borten Moe sa til Forskerforum at det er legitimt at samfunnet har nokre overordna mål å nå, underforstått: at forsking og høgare utdanning skal bidra til å nå måla. Eg er heilt samd med Borten Moe i dette, men spørsmålet er kva som er den rette miksen. Kor stort sjølvstende skal enkeltforskaren og -institusjonen ha for å velje fordjuping? Dette er den vanskelege balansegangen.

  • Les også: